cover

Political Manifest

Mark Olson and the Creekdippers

CD (2004) - Glitterhouse / S2 / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Blues / Americana

Spor:
Poor GW
Walk With Them
Duck Hunting
Senator Byrd Speach
Where Is My Baby Boy
George Bush Industriale
Saw Song
Portrait of a Sick America
My Father Knows Foes
The End of the Highway
Coming, Coming

Referanser:
Woody Guthrie
Gram Parsons
The Jayhawks

Vis flere data

Se også:
December's Child - Mark Olson and the Creekdippers (2002)
Mystic Theatre - Mark Olson and the Creekdippers (2004)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


'Go back to Texas you piece of snot'

Creekdippers er garantert ikkje fornøyd med resultatet av presidentvalget 2004.

Sånn cirka 58 millionar amerikanske statsborgarar har funne det fornuftig å gjenvelge George W. Bush til sin president (og resten av verden sin sjølvutnemnte politimeister og plageånd). Dessverre var det eit par-tre millionar meir enn dei som ikkje såg noko fornuft i ei slik handling. Mark Olson, Victoria Williams og deires venner i The Creekdippers gjer det på si siste plate klinkande klart at dei ser ingen som helst fornuft i å gje Bush og hans menn kontrollen.

Political Manifest er ei tydelig markering av kor i det politiske landskapet Creekdippers er å finne. Deires oppdrag kan kort samanfattast slik; "George Bush og heile hans administrasjon av skadedyr bør lengst mulig vekk frå der viktige avgjersler blir tatt". Tonane dei krydrar sine utspel med er for kjennarar av gjengen av velkjent americana-karakter.

Dei startar i bluestrakter og syng om Poor GW og hans mangel på innsikt, respekt og kunnskap. På meir folk-farga Duck Hunting er temaet rikfolk med gevær som hatar liberalerar, kommunistar, punkarar, men har veldig moro av å skyte på ender som akkurat har stavra seg utav eit trongt bur. Ellers er temaene krigen og soldaten, Palestina og endå meir George Bush.

Frå at Mark nøstar opp historien om Bush-slekta sine kyniske industrieventyr og kva det har ført med seg av helseskadar på arbeidarane. Og til han byr presidenten hansken i Portrait of a Sick America; "I'm going to punch George Bush, I'm going to stuff the sermon on the mount down his throat". Særlig tydeligare går det vel ikkje an å manifistere kva kjensler ein har for den mannen.

Det er ikkje eit langt manifest. 11 låtar som er over på ein drøy halvtime. Ni av spora er det Olson og Williams som står bak, medan to låtar er henta frå den store amerikanske musikkarven. Desse to, My Father Knows Foe og Coming, Coming, dukkar opp mot slutten og representerer ein meir håpefull vinkling. Noko dei har tilfelles med countryballaden The End of the Highway. Her er tonane vemodsfulle men orda ber i seg ei von; "That's the end of the highway Rumsfeld, You won't be getting any more political appointments". Eit håp som forsvant i grusen for nokre dagar sidan. Derfor kan det nok vere behov for fleire manifest både frå Creekdippers, Michael Moore og andre våkne amerikanarar i framtida også.

Sjølv om dei avgjort har funne fram til ein del ålreite melodiar, så har nok ikkje den fremste prioriteten lege i tonejakta denne gongen. Dermed blir ikkje den musikalske verdien på albumet heilt på høgde med kva Creekdippers har prestert i sine beste augeblikk. For ikkje å snakke om kva Mark Olson var med på då han var ein viktig del av Jayhawks og spelte inn fabelaktige album som Hollywood Town Hall.

På tekstfronten blir det på si side kanskje i litt for stor grad ein sånn "I'm going to punch you..." stil på tekstane. Det hadde ikkje gjort noko om dei hadde raffinert meldingane litt meir av og til. Ofte kan det nemlig være vel så mykje styrke i det som berre blir antyda. Men nå er det trass alt førstekategori kyniske maktutøverar dei tek føre seg, så det er jo ikkje så enkelt å halde vreden tilbake.

comments powered by Disqus

 



pettern
2004-11-09Mark Olsons dårligste plate

Dette var en skuffende plate fra Mr.Olson. Helt klart det dårligste han har levert. Tekstene er jo patetiske. barnehage-nivå.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo