cover

Et In Arcadia Ego

The Village Orchestra

CD (2005) - Highpoint Lowlife

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Elektronisk

Stiler:
IDM / Ambient / Drone / Glitch / Folktronica

Spor:
COSHH
Jacob/Bad Hand at Cards v2
Dawn
Bryan's Tricky 'Do You Like the Drummer?' Question
All the Little Lights Going Out
Love Theme From 'Two Man Rumble'
Sunken
Many Rooms in My Father's House
In Arcadia

Referanser:
Four Tet
Fennesz

Vis flere data


Ambiente lydlandskap

Eksperimentell, atmosfærisk elektronika med røter i ambient, droning og IDM.

Datateknologien har opna for nye, store mogelegheiter til å kanalisere idear som kanskje ikkje passar så godt inn i eit band sin profil ut igjennom diverse sideprosjekt. Dette har vi sett mykje av dei siste åra, i meir eller mindre vellukka grad, særleg innan indie-kretsar, det vere seg innan pop, rock eller elektronika. Den intelligente lesar har no gjerne resonnert seg fram til at sjølv om namnet gjerne antyder det, så er ikkje The Village Orchestra eit orkester. Det er derimot soloprosjektet til ein skotsk herremann ved namn Ruaridh Law, for enkelte (kanskje) kjent som ein tredel av den skotske gruppa Marcia Blaine School for Girls.

På Et In Arcadia Ego tek Law oss med på ei reise igjennom diverse meir eller mindre ambiente lydlandskap. Dei fleste låtane har sterke likskapar i innhald, sjølv om dei er ulike i oppbygging og framføring. Denne likskapen manifesterar seg som ein slags evig kamp mellom statiske, metalliske rytmar, og svevande, ofte tett vevde, melodilinjer og akkordar. Dei to kreftene dominerar i ulik grad igjennom den knappe timen albumet varer, utan at nokon av dei på noko tidspunkt heilt får overtaket.

På spor som Coshh og Brians Tricky 'Do You Like the Drummer' Question" svever Law kvilelaust rundt i Fennesz-land. Han bygger sakte opp svevande skulpturar ved hjelp av dronar og andre svakt støyande element. For å gjere musikk av denne typen interessant, er kunsten å byggen den opp lag for lag, slik at detaljar vil openberre etter kvart som ein høyrer eit spor fleire gongar. Dette demonstrerar Law til fulle at han beherskar.

Andre spor som Jacob/Bad Hand at Cards V2, Love Theme From 'Two Man Rumble' og Many Rooms in My Father's House har eit mykje meir up-tempo, leikent preg, av den typen du kan finne hjå artistar som for eksempel Four Tet. Rytmane er gjennomgåande mykje meir intense, og melodiane meir kaotiske.

Den første halvdelen av albumet byggjer opp forventningar om at det skal kome noko stort, og det gjer det, i form av All the Little Things Going Out, det absolutte høgdepunktet på albumet. Ei enkel, pulserande rytme, som vel gjerne er den mest dansbare ein finn på heile albumet, utviklar seg etter kvart til å bli eit virvar av synth-akkordar, perkusjon, klikkelydar og strykeinstrument. Sjølv om det kan høyrast uryddig ut til tider, får ein heile vegen kjensla av at alt er nøye planlagt, utan at det på nokon måte er føresjå kva som dukkar opp i neste takt.

Mot slutten av albumet finn vi Sunken, som med sine synth-dronar og atmosfæriske strykeinstrument svevar rundt i territorium som Sigur Rós garantert har vore innom, før vi får ei verdig avslutning med hint av skotske høglandsstemningar i "In Arcadia".

Alt i alt så har Law skapt eit sterkt album, med ein veldig fin flyt. Sjølv om nokre av låtane klokka inn på rundt åtte minutt, er det ingen av dei som verkar å vere eit einaste sekund for lange, kanskje heller tvert imot. Albumet burde tilfredsstille dei fleste som likar atmosfærisk, eksperimentell elektronisk musikk, og det er eit fint tillegg til ein stadig meir spanande Highpoint Lowlife-katalog.

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Lemmus Lemmus - Lemmus Lemmus

(Naked Lemming)

Gjør deg klar for en unik opplevelse: Ti spor som kommer til å ta deg med til merkelige steder der få mennesker har vært på mange år!

Flere:

Okkervil River - Don't Fall In Love With Everyone You See
John Olav Nilsen og Gjengen - For Sant Til Å Være Godt