cover

Plum

The Yarrows

CD (2007) - Empyrean / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Indierock / Shoegaze / Indiepop

Spor:
Perfect Mouth
You're Cruel
May
Nobody Knows You're Gone
Queen of the Air
Cellophane
Time to Go
Lie Awake
Impossible One
Diamond

Referanser:
Radiohead
Yo La Tengo
The Boo Radleys
Lush
The Verve
Coldplay
Manic Street Preachers
Mercury Rev
Snow Patrol

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Sånn cirka midt i rocketradisjonen

Eit debutalbum som fortel om dugande melodisk teft, men som ikkje har dratt på seg nemneverdig med særpreg.

Så lenge atmosfæren held stand og jorda går rundt. Eller for å seie det litt mindre pompøst, så lenge det finst eit straumnett ein kan kople seg til vil det stadig dukke opp rockeband tufta på den eldgamle vokal-gitar-gitar-bass-tromme oppstillinga. For fem år sidan fant fire karar, med desse instrumenta i sekken, fram til ei einsam hytte i eit skogsområde sånn cirka midt mellom New York og Philadelphia. Dei opna vindauga og fylte skogen med tonar (så det var sannsynlegvis straum der). Då dei tusla tilbake til sivilisasjonen nokre dagar seinare kalla dei seg The Yarrows.

Det har komme lite innspelt materiale frå The Yarrows i løpet av desse fem åra, Plum er faktisk deira debutalbum. Så ein kan vel då rekne med at dei har brukt tida på å meisle eit uttrykk dei kjenner seg rimelig nøgde med. Er så underteikna nøgd? Tja, ein kan stadig vekk, albumet igjennom, høyre at dei slett ikkje er utan melodisk teft. Samstundes kan ein også høyre at dei har plassert seg ganske så midt i rocketradisjonen utan å markere eit strengt personleg revir. Dermed står dei også i fare for å verte gløymt i det plata har fått sin plass i hylla mellom Yardbirds og Yeah Yeah Yeahs.

Lyden frå dei to gitarane, spelt av dei to brørne Matt og Pierce Backes, erobrar mykje av lydbildet. Med repeterande droner, klangfulle tonar, korte soloar, og eit par små krakilske augeblikk. Dei same brørne deler også på dei vokale oppgåvene. Dei syng med inderlig røyst, som oftast kvar for seg, men også ein del i samsyngande former. Saman med bandet sin rytmiske halvdel manar dei fram eit svellande uttrykk. Låtar som startar varleg men som bygger seg opp, utan at dei gløymer bort at dei også treng luft. Men også utan å gje dei den siste nødvendige nerven som kunne ført dette inn på verkelig sublime spor.

Tonen er vemodsfull, men ikkje drepande dyster. Det er håp som visnar, det er haust, men og ein ny vår, og nya sjansar til å strekke seg etter lykka. Det er litt sånn på popsida av Yo La Tengo sin And Then Nothing Turned Itself Inside-out og Radiohead sitt The Bends album. Samstundes som det også dukkar opp assosiasjonar i retning av poporienterte shoegaze band som Boo Radley og Lush, og The Verve og... for utstrakt namnedropping kikk til høgre.

Det soniske og det tekstlige går hand i hand på ei stemningssøkande ferd. Men dei trenger ikkje innunder overflata på stemningane. Dei set ikkje merke etter seg. Dei er ikkje i nærleiken av å bringe ein utav fatning. Det heile blir også kanskje litt for likelydande. Der og då sørgjer likevel det smakfulle melodiske vesenet som pregar dei fleste songane, frå dynamiske Perfect Mouth via folkrock-harmoniske Cellophane til myndige Impossible One, for at ein ikkje sit att med ei kjensle av at dette har vore tre bortkasta kvarter.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo