cover

The Little Willies

The Little Willies

CD (2006) - EMI Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Countryrock / Western swing / Soul / Blues / Folk / Americana

Spor:
Roly Poly
I'll Never Get Out of This World Alive
Love Me
It's Not You It's Me
Best of All Possible Worlds
No Place to Fall
Roll On
Gotta Get Drunk
Streets of Baltimore
Easy As the Rain
Tennessee Stud
Nightlife
Lou Reed

Referanser:
Willie Nelson

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Lettgløymt hyggestund

Ei kjent dame og fire kompanjongar hyggar seg, og meg. Men i morgon har eg gløymt dei, trur eg.

Eg er rimelig sikker på at det har vore trivelige kveldar på klubben The Living Room i New York når hobbybandet The Little Willies har møttes der får å spele sine country-favorittar. Dei fleste hobbyband lar det bli med slike flyktige hyggestunder. Men ikkje Little Willies. For når ein har i sin midte ei dame som har selt millionvis av plater, er det lett for at vegen til eit platestudio ikkje er så altfor lang.

Dei fleste har vel fått med seg at pianist og vokalist i Little Willies er den samme Norah Jones som har toppa hitlister verda rundt med sin pianobaserte jazzpop. I tillegg til Norah består bandet av fire mindre kjente mannlige New Yorkarar. Den eine av desse, Richard Julian, har ein solokarriere gåande som nok ligg ein del popularitetshakk under det dama i bandet har opplevd, men i Little Willies får han synge like mykje. Av dei andre musikarane utmerkar gitaristen Julian Campilongo seg med vitale og velgjerande innspel.

Vel eigentlig er det ikkje så mykje galt å seie om bandet. Det er folk som kan sine instrument, og som veit korleis dei skal få ei låt til å stå oppreist, gå fint, eller springe elegant. Det dei i noko mindre grad ser ut til å meistre, i alle fall er det slik her, er å komme under huda på låtane, og slik få dei til å verkelig leve. Slike manglar kan ein komme unna med i uformelle hyggestunder på ein klubb, dei er litt verre å skjule når alle dei visuelle momenta forsvinn rundt ein.

Tretten låtar står på programmet. Fire har dei laga sjølv, resten er coverversjonar av meir eller mindre kjent stoff. Her får vi Hank Williams klassikaren I'll Never Get Out of This World Alive. Julian syng, men utan at han vel heilt klarer å gripe fatt i nerven i låta. Det same kan ein også seie om hans songinnsats på Kris Kristoffersen sin Best of All Possible World. På denne og eit par andre låtar kan ein forresten være ein viss Lyle Lovett attityde hos den godaste Julian. Ein attityde som er minst tilstades på Townes Van Zandt sin No Place To Fall. Denne flyttar han i balladeterrenget kring Parsons sin klassiske A Song For You, men sjølvsagt utan å treffe dei same avgjerande strengene som var både Van Zandt og Parsons sin triumf. Og sidan vi er på sporet av den kosmiske cowboyen, Richard og Norah prøver seg også som Gram og Emmylou ved eit par høve. Dei gjer ein habil versjon av Streets Of Baltimore, og får med den sjølvkomponerte Easy As the Rain underteikna til å innbille seg i cirka tre sekund at dei har Love Hurts kvalitetar inne.

Norah er slett ikkje så verst når ho med kjenslevar stemme tar tak i Elvis-balladen Love Me. Artig er Norah og bandet sin livfulle western swing i Willie Nelson sin I Gotta Get Drunk. Og sidan vi nå er inne på det artige sporet. Deira eigenskrivne song om Lou Reed er jo beint fram litt kostelig då. På røvarhistorievis fortel dei i laussluppen og allsong smittande fasong om ein tur gjennom Texas, der dei plutselig oppdagar ein svartkledd skikkelse i ferd med å dytte kyr; "and we can't say how much we've been sipping, but we swear to God we saw Lou Reed cow-tipping".

Så joda, The Little Willies har absolutt sin sjarm, men alt i alt blir dei vel ikkje så mykje meir enn eit noko over gjennomsnittet interessant coverband.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo