cover

Silver Lake

Vic Chesnutt

CD (2003) - New West / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Folk / Alternativ / Poprock / Americana

Spor:
I'm Through
Stay Inside
Band Camp
Girl’s Say
2nd Floor
Styrofoam
Zippy Morocco
Sultan, So Mighty
Wren's Nest
Fa-la-la
In My Way, Yes

Referanser:
Widespread Panic
R.E.M.
Van Dyke Parks
Mark Eitzel
Bob Dylan

Vis flere data

Se også:
Ghetto Bells - Vic Chesnutt (2005)
At the Cut - Vic Chesnutt (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Historiefortelling, poesi og fyndord

Chesnutts mest varierte, og definitivt blant hans beste til nå.

14 dagar tok det å spele inn Silver Lake, Vic Chesnutt sitt ellevte album. Etter hans standard er det rimelig lang tid, når ein tenker på at hans debut Little (1990) blei festa til tape på ein dag, og fleire av utgivelsane etterpå har heller ikkje vore prega av flikking og polering i platestudioet. Denne gangen hadde imidlertid Vic ambisjonar om å lage eit meir orkestrert og produsert verk. Noko som har resultert i ei plate som er mannens mest varierte, og definitivt blant hans beste til nå.

Innspelingen er gjort i ein herskapsbolig (Paramour Mansion) på ein høgd overfor Silver Lake (derav platetittelen) i Los Angeles traktene, her ligg platestudioet Real Music Studios. Produsent har vore Mark Howard, og eit knippe erfarne studiomusikarar har bidratt, deriblant gitaristen Doug Pettibone. Litt interessant er det at desse to også har ytt dei samme tjenesten på Lucinda Williams si siste plate, som kom ut nå omtrent samstundes med Vic Chesnutt sin. Så parallellt med at eg har gjort meg kjent med Silver Lake har også Lucindas World Without Tears vore ein flittig musikalsk gjest her i stova. Nå er kanskje ikkje dette den rette samanheng for å halde dei opp mot kvarandre, men målt mot Lucinda så når nok ikkje Vic heilt opp, men kven gjer nå egentlig det?

Låtane på Silver Lake har ein dynamikk som ikkje alltid har vore tilstades på tidlegare Chesnutt-produksjonar. Så, det er slett ikkje alltid ein flink produsent og litt tid berre fører galt avstad. Rett nok saknar ein kanskje litt av den rå nerva som var tilstades på mykje av materialet på plater som Little og Is The Actor Happy?, nokre av melodiane på Silver Lake blir litt slappe og tannlause. Noko som avgjort ikkje gjeld første halvdel av albumet, for det er seks låtar på strak arm som alle påkallar begeistring.

Frå den intense balladen I'm Through, om eit forhold som er blitt for vanskelig å håndtere, til den opprivande og ulmande Styrofoam festar Vic grepet. Kanskje aller best i denne sekstetten av sangar er Band Camp, historien om jenta Vic møtte, og som han i ettertid ser at han helst burde ha halde seg unna; "if I knew then what I know now".

Dei fire neste spora klarar eg ikkje å bli like komfortabel med. Blant desse finn vi også platas lengste låt, den over åtte minuttar lange Sultan, So Mighty, ein episk historie om intriger i Sultanens harem, sett frå ein evenukk sitt hjørne. Vic syng historien med falsettstemme for å gjere den mest mulig autentisk, men sjølve melodilinjene blir for anonyme, og heile affæren manglar framdrift i mine øyrer.

Avslutningslåta In My Way, Yes trur eg derimot er den flottaste sangen Vic nokon gong har festa til tape. Ein sang om livet og kjærligheten gjort i langt meir optimistiske ordelag enn kva vi er vant til frå denne kanten. Den når sitt absolutte klimaks i refrenget, som er ein spørsmål/svar sekvens mellom dei øvrige musikarane på plata og Vic sjølv; gåsehud.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo