cover

Spissrotgang

Hellbillies

CD (2007) - EMI Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Folkrock / Sørstatsrock

Spor:
Mot Straumen 

Spissrotgang 

Gamle Spor
Ingen Der 

Livsfarlig Leik 

Seks Tusen Hål 

Fint å Vera To 

Mørkemann 

Drukne Ei Gudinne 

Svelg Ein Kamel 

Ukjent By 

Hallo Telenor

Referanser:
Odd Nordstoga
Åge Aleksandersen
HGH
Bönkers
Roy Lønhøiden

Vis flere data

Se også:
Niende - Hellbillies (2004)
Leite Etter Lykka - Hellbillies (2010)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Sweet Home Hallingdal

Dei er no komme inn i tiande runde og hallingkanaan deira er, imponerande nok, minst like ledug og sprek som den var i dei første rundane.

Det har gått over femten år no, sidan dei fem hallingdølane for første gong byrje å sysle med sin lokale variant av tonar frå andre sida av Atlanteren. I starten var det Arne Moslåtten si alt anna enn tematru gjendikting av amerikanske countrylåtar. Og Birgjit Lien og Ei Krasafaren Steinbu skulle bli kjent både aust for Hallingporten og vest for Hallingskarvet. Etterkvart nytta dei seg mindre og mindre av ferdiglaga tonar, og tok i staden til å lage dei sjølv. Utan at Amerika-inspirasjonen vart dugelig mindre av den grunn, men no med eit litt sterkare trykk på sørstatsrock og vestkystharmonering, og litt mindre countryklang.

Spissrotgang er Hellbillies sitt tiande album. Dei er stadig dei same fem. Dei er ikkje vanskelige å kjenne att. Men dei er urovekkande friske og opplagte. Her er få tendensar til slark og lettvinte rutineløysingar, slikt som veldig mange andre i ein liknande posisjon ofte endar opp med. Ein ledug, luftig og rett så nyansert produksjon frå gitarmaestro Lars Håvard Haugen si hand skal ha sin del av æra for det. Samstundes har kanskje aldri broder Aslag Haugen komme opp med eit tettare koppel av vinnande tonekombinasjonar. Når så Moslåtten i tillegg kler desse opp med interesseskapande tekstar, som berre unntaksvis går litt på tomgang eller tyr til klisjéblødmer, er grunnlaget lagt for eit album som definitivt er blant dei beste underteikna har høyrt frå denne kanten.

No har ikkje underteikna gjort seg kjent med ratt alle av bandet sine utgjevingar. Så ei altfor sikker meining om kor Spissrotgang nøyaktig skal plasserast i Hellbillies-landskapet tar eg ikkje på meg å legge fram. Men albumet er i alle fall trygt innafor rammene av det sedvanlig usnobbete, ukompliserte og folkelige som alltid har vore ein viktig del av deira signatur. Ein signatur som like fullt loddar djupare enn berre lyden av laurdag og festfull allsong.

Slik det er når dei til lyden av elektrisk twang, smekre fløytetonar og eit offensivt groove startar albumet med å gå Mot Straumen på eit særs vinnande vis. Ei frisk historie om ein ramp og rebell, "ein raudfarga klut". Der siste verset vel må tolkast som eit lite innspel i klimadebatten; "Hvis pengane rår over tanken, ligg jorda snart ribba som vrak". Eit tilbakevendande tema hos Hellbillies er den vesle karen i periferien si oppleving av å verte lite verdsett av kapitalen i dei sentrale strøk. Denne gongen kaukar dei Hallo Telenor, og er rimelig misnøgde med tempoet på breidbandet. Eit par slag i retning makthavarar rettar Hellbillies også i albumet sine to røffaste (og minst minneverdige) kutt. Den southern-rullande Seks Tusen Hål, der vegkvaliteten "frå Hol ned te Ål" ikkje får særlig god omtale, og den kjaptrockande Svelg Ein Kamel, der ein politikar på kant med sanninga får høyre kor kamelen er blitt av.

Elles handlar det vel mest om dei nære ting. Kjærleiken, festen og dalen. Kjærleik som er sterkt forvitra i den strykar-raffinerte balladen Gamle Spor. Det motsette, kjærleik ein ynskjer velkommen, i den litt Åge Aleksandersen-aktige balladen Fint Å Væra To. Mislykka nettbasert sjekking i den raft countryrockande Ingen Der. Om ein festglad fyr som lyser morgonfuglar i bann i rockelåta Mørkemann. Og om ein annan som vel helst lyser festen i bann i det duvande bakrusnummeret Livsfarleg Leik. I eit vakkert Haugen-harmonert refreng høyrer vi så i tittelkuttet om ein stressa fyr som ynskjer seg bort frå dalen og ut mot havet. Medan jyplingen i Ukjend By helst vil heimatt.

Det finst som kjent songar for dei fleste høve. Hellbillies sin diskografi dekker vel ikkje alt, men ein god del. Fyren i den twangy balladen Drukne Ei Gudinne startar med å underrette om at han "har tusen sanga for alt". Men, skal det vise seg "tusen æ for få, mangla ein som kan drukne ei gudinne". Den er ikkje å finne, ikkje i lomma og ikkje i platehylla. Så no søker han råd hos lyttaren, og vil ha beskjed om det skulle vere nokon der ute som kjenner til ein slik song.

Eg kjenner ingen. Men eg er blitt kjent med ei god handfull her på Spissrotgang som kan gjere godt å møte att ved fleire andre høve.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Senjafestivalen 2014

Strålende konserter, fantastiske omgivelser, sol og føling i fjæra tre dager til ende. Tragedien kom noen uker senere.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

DRUMMER WANTED - NORGES TURN...
26.06.14 - 22:35

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo