cover

Tromsø, Kaptein

Robyn Hitchcock

CD (2011) - Hype City / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Poprock / Psykedelia / Kammerpop

Spor:
Light Blue Afternoon
Raining Twilight Coast
Savannah
Dismal City
Old Man Weather
Erasing Your Life
August In Hammersmith
Everything About You
The Abyss
Godnatt Oslo

Referanser:
The Soft Boys
John Lennon
Ray Davies
Steve Harley
Syd Barrett
Neil Finn

Vis flere data

Se også:
I Often Dream of Trains in New York - Robyn Hitchcock (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Den norske puls

Ein ekte engelskmann tek ein liten norsk avstikkar, men er like engelsk og bra for det.

Den sympatiske engelske eksentrikaren Robyn Hitchcock har vore i Norge før. I 1982 var han her med Motor Boys Motor som backingband. Bandet som etterkvart skulle bli til Screaming Blue Messiahs og gje ut eit par smått legendariske plater dei følgjande åra. Det er ein annan historie. Denne her skal først og fremst handle om Robyn Hitchcock. Mannen som ikkje lenge etter at han hadde oppløyst sitt fabelaktige Soft Boys altså var i Norge av alle plasser. Og køyrte landet på kryss og tvers. Over fjell og djuv, langs fjordar og skrentar. Og spelte for ignorantar og tre-fire fan. Tåka og alkoholen fanst overalt. Ein gong blei den servert som heimebrent av ein naken mann med pilotlue, kl 7.42 om morgonen. Hitchcock gjorde det ikkje til ein umiddelbar vane å besøke dette landet. Men noko med det sette seg fast i han. Og dei siste fem-seks åra har han komme på regelmessige visittar.

Goodnight Oslo var tittelen på plata han kom med i 2009. Tromsø, Kaptein er endå meir norsk. Ideen blei fanga i fjor. Hitchcock var saman med si fotografkone i ishavsbyen nokre dagar, før reisa gjekk til visefestivalen i Egersund. Popkongen i dei traktene Frode Strømstad fekk Hitchcock til å tenne på ideen å gje ut eit album på hans Hype City-label. Nå er ideen fullbrakt. Plata er ute, førebels berre i Norge. Ein stolt tittel har den fått, ramma inn i Hitchcock-mala fjordlandskap er den, og stotrande nynorske gloser gjer den til kjenne i sin solnedgang.

Men Robyn Hitchcock er nå først og fremst ein uforbederlig engelskmann. Det verken kan han, eller prøver han å springe i frå når han lagar songar for norske øyrer heller. Han er den han er, den eg kjenner, den eg likar. Med Tromsø, Kaptein serverer han på ingen måte eit sensasjonelt album. Men heller ikkje på nokon måte berre eit pliktløp for å oppfylle ein lovnad. Ingen parentes. Han har nok ein gong snekra i hop ein bunke gode låtar, og serverer ei plate på høgde med det meste i sin etterkvart nokså omfangsrike solo-katalog. Det er imponerande nok det.

Hitchcock hevdar sjølv å ha søkt inn i eit fjordfokus då han laga desse songane. Der har han nok meir funne sitt vanlige eg, enn ein eim av norsk natur og sjel, vil eg hevde. Sjølv om det absolutt går an å tenke seg at han er i norske farvatn når han syng "I feel ok when the skies are grey" i Dismal City, eller når han erklærar at "the sea is in your blood" i August In Hammersmith. Men Hammersmith er jo på ingen måte i Norge, og Dismal City kan nok like vel vere byen der Hammersmith er. Og Hitchcock syng uansett mest om mellommenneskelige tilhøve som kan finne stad både i London og Tromsø. Slik han vel i grunn alltid har gjort.

"I wanna destroy you" song han ein gong i tida. Det syng han ikkje i dag. Litt smågiftig og sarkastisk kan han nå like fullt vere, og synge slikt som "I love it when it all goes wrong". Men han kan også kle seg i rolla til den såra og utrygge og forkynne at "there's no safety in your eyes". Det gjer han i Light Blue Afternoon. Det harmonivakre og akustisk fundert opningssporet. Eit sonisk vesen songen deler med dei fleste på plata. Eit sonisk vesen som ikkje minst inkluderer den cellospelande Jenny Adejayan, og hennar skumringsfarga tonar.

To andre kvinner er der for å synge harmonisong, og gjer gagnlige løft til songane på det viset. Enten det er "ba-ba-ba" og "oooo-oooh" i frodige Savannah, eller eit responderande "just one thing baby, you forgot my heart" i bistre Raining Twilight Coast. Ein av to låtar her som har vore ute før. Den andre var tittellåt på Goodnight Oslo, men heiter nå Godnatt Oslo. Gjendikta i nynorsk språkdrakt av Anne Lise Frøkedal. Songe med tvilsam artikulasjon av Hitchcock sjølv. Meir pussig enn direkte interesseskapande. Han skulle kanskje heller latt gjendiktaren ha sunge denne?

Men altså, endå ei god Hitchcock plate. Som sikkert vil leve eit elska og anonymt liv i den vesle popskuggen der dei tretti andre platene hans held til. Finn gjerne fram til den skuggen, og gjer den litt større.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Hex-Trem? Nostalgie de la Boue

Geir Levi Nilsen har lest boken XTRM - Krig I Oslos Gater av Jan Kallevik.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Til Vigdis av Jan Garbarek
06.04.14 - 17:56

Indie band i Oslo søker trom...
23.03.14 - 15:52

Bassist sökes till osloband
17.03.14 - 22:40

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo