cover

Love Songs For Patriots

American Music Club

CD (2004) - Cooking Vinyl / S2 / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Jazz / Country / Avantgarde / Americana

Spor:
Ladies & Gentlemen
Another Morning
Patriot's Heart
Love Is
Job To Do
Only Love Can Set You Free
Mantovani The Mind Reader
Home
Myopic Books
Minstrel Show
Horseshoe Wreath In Bloom
Song of the Rats Leaving the Sinking Ship
Devil Needs You

Referanser:
Red House Painters
Idaho
Joy Division
Palace Music
The Replacements

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Another Morning

Kjærleikssongar for dei verkelige patriotane (dei som elskar fleire enn berre USA). I eit comeback det osar kreativt overskudd av.

"Ladies and gentlemen, it's time? for all the good that's in you to shine? for all the lights to lose their shade? for all the hate that's in you to fade"

Slik lyde dei første linjene til Mark Eitzel når hans American Music Club igjen, etter ti år i opplag, velsignar oss med sine tonar. Men la dykk ikkje lure, Mark er ingen nyfrelst optimist. Det skal nemlig ikkje gå så mange sekundane før eit anna ansikt kjem til syne. Eit ansikt som avdukar sjelelige manglar, falskspel og løgner. Og som opptrer i velkjente Eitzel-omgjevnader; natta og baren. Men like mykje som eit uttrykk for nattmennesket og drankaren sitt liv, kan bartendaren sine ord også være ein metafor over destruktive haldningar hos mange av hans landsmenn; "I'm gonna replace all your weak blood with my wine, if you can't live with the truth, go ahead - try and live with a lie".

Frå sitt skeive hjørne har Mark Eitzel stadig noko å melde, både som sjelegranskar og som skildrar av meir politisk karakter. Og sjølv om det er livet sine mørkare irrgangar som oftast blir granska, og samfunnsynet hans er heller pessimistisk, så viser han på Love Songs For Patriots at han og har eit lite lyst glimt innerst i augekroken.

Men nå er det ikkje rettferdig å omtale denne plata som om det er ein ny Eitzel soloaffære. For er det noko denne utgjevinga viser er det at mannen nok treng den grumsete, usminka men vakre nerva som Dan Pearson (bass), Vudi (gitar), Tim Mooney (trommer) og ferskingen Marc Capelle (piano, trompet) skaper, for å kunne blomstre i fullkomen skjør og elektrisk ynde. Om soloalbuma heitte West, Caught In a Trap eller Invisible Man, det er først nå med gamlebandet i ryggen at det dukkar opp noko som kan matche fenomener som California, Everclear og Mercury. Dei tre fremste platene i ein fantastisk katalog av blødande, øm, kjærlig, hatefull, vond, lyssky, ærlig og vakker musikk. Musikk vaklande mellom dei varaste tonar og over i støyande feedback, og som henta sin inspirasjon frå store deler av det amerikanske musikk kartet; rock, folk, blues, country, jazz. På sitt heilt spesielle ikkje ødslande men skarpt intense vis skapte denne musikk-klubben sin særeigne toneverden. Ein verden som altså slutta å spinne rundt for ti år sidan (men heldigvis ikkje for godt).

Pearson starta bandet Clodhopper, Mooney bygde opp sitt private musikkstudio, og Vudi begynte å kjøre buss. Mark starta på ein solokarriere som var om mulig endå mindre suksessfull enn kva American Music Club hadde vore. Så når dei nå har funne saman igjen er det muligens i eit håp om at litt fleire musikk-hungrige individ der ute i den store verda skal være klar for musikken deires. Det hadde i tilfelle vore veldig fortjent. Særlig sidan dei i motsetning til dei fleste andre band som prøver seg på comeback-tripen verkelig har noko å by på.

Tretten låtar og ein time med velkjente AMC-tonar. Lydteppet som forfølgjer det før nemnte åpningssporet viser imidlertid tydelig at her er ein gjeng som ikkje inngår kompromiss. Med ein forstyrra bassgitar, gitar-feedback, og anna glødande grums er gjengen free folkrockin' nedover ein grusveg få andre tør fylgje. Nå dansar dei slett ikkje rundt i støvet frå denne vegen heile tida, vel så ofte er tonane av meir temd karakter. Men aldri temd i meininga velsmurd og godt tilpassa. Det næraste dei kjem noko slikt måtte i tilfelle være på den slepne Only Love Can Set You Free. Det er også kun på denne, samt på den litt for dorske Love Is, at formen skrantar litt (men berre litt).

Ellers viser dette seg å være eit nytt kapittel i AMC sine makelause bulletiner frå dei skrå breidder. Rett i hælane på Ladies And Gentlemen følgjer ein arrangementmessig meir idyllisk liten sak. Men det melodifine dramaet Another Morning tar ikkje føre seg harmoniske tilhøve av den grunn, både anklagande og giftig som den er; "Your broken heart might bring you heaven, but it will not bring you another morning, - another morning with Kathleen". I Home rettar sangaren kritikken og misnøya mot seg sjølv; "I'm afraid of my own shadow because it's what I've become... My only sin, my only sin: I started hating my own skin". Eit tema som vi jo kjenner igjen frå tidlegare møter i klubben.

Meir typisk for Love Songs For Patriots er like fullt ein slags "løgna i Amerika, observert, skildra og avslørt, her ute frå sidelinja" attityde. Enten det er den homofile stripparen i den Nick Cave'ske Patriot's Heart som "selling his embraces like Mr. President or a fallen star", eller det er den for lengst tapte illusjonen av fridom slik det blir framstilt i America Loves the Minstrel Show.

Sjølvsagt burde eg også sagt noko om når klubben går countryvegen (dei gjer det ikkje heilt slik som andre) i The Horseshoe Wreath In Bloom. Eller når Eitzel doblar vokalen sin, og til ikkje stort meir enn ein akustisk gitar syng intenst vakre Song of the Rats Leaving the Sinking Ship. Når dei så til slutt durar langsomt ut av scena etter å ha fortald at The Devil Needs You, ja då, då er eg klar til å påstå at eg ikkje kan komme på eit betre comeback. Ikkje akkurat nå i alle fall.

comments powered by Disqus

 



Hans
2004-12-01Årets album

Fin anmeldelse av Love Songs for Patriots. Mener at det er årets beste album.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo