cover

Nomade

Frimand Kvarter

CD (2004) - Moonlight

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Vise / Country

Spor:
Avguder
Stenen
Til En Digter
Idyl
Paa Fanteferd
Smerte
I Tugt Og Ære
Dryaden
Fantasi
Til En Digter (akustisk versjon)

Referanser:
Magnus Grønneberg
Hjerterknekt
Anne Grete Preus

Vis flere data

Se også:
Herman - Frimand Kvarter (2003)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Bull med tonar

Tonesetjing av ni Olaf Bull-dikt, alle gjort i ein velbrukt visepop-tradisjon.

Augneblikket kjem, er her, og forsvinn. Kjærleiken kjem, er her, og forsvinn. Livet kjem, er her, og forsvinn. Men orda, orda kan muligens nagle det forgjengelige fast. Dette er noko av essensen i Olaf Bull sin diktargjerning. Frå tidlege dikt som Til Dig, via tvilsam Idyl og til mesterverket Metope

("Dig vil jeg ømt i rytmer nagle fast!
Dig vil jeg dypt og blivende bevare
I digtets evige, unge alabast!")

manar Bull fram vemod, uro og uklare minner, djupt infiltrert av den akk så uunngåelige angsten. Det er blitt hevda at det ikkje er song i Bull sine poetiske linjer. At dei har ein litt kantete stil. Kanskje er det derfor ingen tidlegare har våga å nærme seg dikta hans med det formål å setje tonar til dei. Men nå er det ein gjeng frå Eiker i Buskerud som har våga å prøve. Frimand Kvarter kallar dei seg (før bar dei namnet Sorgenfri). Bak seg har dei frå før ei utgjeving med tonesetjing av Herman Wildenvey sine dikt (Herman, 2003).

Dei nærmar seg Bull med enkle tonar og arrangement, i ein velbrukt visepopstil, der alle låtane (dikta) blir tonemessig nære slektningar. Aldri blir det gjort forsøk på å fuzze til saker og ting, eller å sparke inn dører. For Frimand Kvarter er ein ganske så ærbødig gjeng, og lar Bull sine ord komme klart og tydelig fram. Ein viss intensitet, særlig i vokalist Olav Aas sin tilnærming, er det like fullt å spore. Og dei er også med og markerer - noko vi vel egentlig visste - at det er song i Bull sine dikt.

Ni dikt har fått sine tonar her, og fleire av Bull sine beste er representert, sjølv om dei ikkje har prøvd seg på Metope (det er litt i lengste laget, kanskje). Best ut av det kjem dei i Til En Digter, diktet der Bull samanliknar sine eigne mørke tema opp mot diktarvennen (Wildenvey?) sine lysare anslag. Diktet har fått ein vemodsfull og fin melodi, samt ein el-gitar som glødar varleg i botn. Fin er også den country-aktige tonen I Tugt Og Ære er blitt utstyrt med. I Stenen dukkar det opp forsiktige blåsartonar, og Paa Fanteferd er albumet sitt friskaste tilfelle, tilsatt litt heftig "ba-ba-bar-ra-ra-ba".

Det å setje dikt inn i slike rammer er jo prøvd, med vekslande hell, mange gonger (Anne Grethe Preus/Jens Bjørneboe, Finn Kalvik/Inger Hagerup, Finn Coren/William Blake og Magnus Grønneberg/Herman Wildenvey for å nemne nokre norske eg kjem på i farta). Frimand Kvarter viser, til felles med dei fleste andre som prøver seg på området, ein djup respekt for diktaren og hans ord. Slik bør det kanskje også være, like fullt blir dette også noko av drawbacket med prosjektet. Eg trur nok Nomade hadde vorte ei meir spennande plate om bandet hadde drista seg til å la tonane utfordre Bull sine tekstar i større grad. Men for all del, dei formidlar mykje velfungerande vemod slik dei gjer det her også, sjølv om tonane nok sjeldan får tak i det nakne diktet sin heile og fulle rikdom.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo