cover

Director's Cut

Helldorado

CD (2004) - Checkpoint Charlie / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Ørkenrock / Garasjerock / Psychobilly

Spor:
Blood Shack
Lucy and Mary
Payrolled
Diesel and Bones
The Snake Girl Song
Dead River
I'd Waited For This Day
Killer On the Highway
Teenage Queen
Woman Shouldn't Drink
Roadhouse

Referanser:
The Gun Club
Roky Erickson
Thin White Rope
Divine Horsemen
The Cramps
Madrugada
Emmerhoff & The Melancholy Babies

Vis flere data

Se også:
Lost Highway - Helldorado (2002)
Teenage Queen - Helldorado (2004)
The Ballad of Nora Lee - Helldorado (2005)
Sinful Soul - Helldorado (2009)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


'these days of depression'

Hemningslaus og morderisk debut frå ein løfterik Stavangerbande.

Det kan godt være at det finst, i alle fall i overført tyding, både ørken, sleipe hyener, lumske klapperslangar, ekle firfisler og hardføre kaktusar i Stavanger. Likevel er det veldig mykje i Helldorado si framferd her på deires album-debut som fører tankane mine i retning av det store og sagnomsuste kontinentet på andre sida av Atlanteren. Derfor trur eg like godt vi reiser frå heimbyen og startar på nytt.

Så la oss heller seie det slik:
Helldorado er ein spøkelsesby på den amerikanske prærien. Den ligg ein stad innanfor trekanten vi får hvis vi drar nokre linjer mellom Tucson, El Paso og Santa Fe. Byen er befolka av fleire tvilsamme individ pr. 100 innbyggarar enn nokon kjent stad i omegnen. Her er begrep som empati, sunn livsstil og Dagfinn Høybråten framandord. I hendene på dei fire unge karane frå Stavanger og deires medhjelperar framstår staden som ein morderisk rock'n'roll-variant av William Faulkner sin Yoknapatawpha County. Og i denne hemningslause soniske utgåva leverer dei like godt Director's Cut med det samme. Ingen sensur, med andre ord, istaden snakkar dei rett frå ei whiskeydynka lever. Ved hjelp av skarpe tonar og ein rockemytisk og western-aktig ordsjargong skapar dei ein dyster, blodtørstig og livfull seanse. 11 låtar; fire mord, to sjølvmord, lumske kvinner, sjeleleg forkvakla menn, høg whiskeyfaktor og med djevelen sjølv som brannsjef. Jo, dei har all grunn til å kalle staden Helldorado.

Det heile er plassert i eit lydlandskap som passar stoffet perfekt. Låtskrivar Dag Vagle og hans menn har på langt nær funne opp dette heilt på eigen hand, dei er nok sterkt inspirert av amerikanske tone-dreierar som har trava rundt i distriktet ved tidlegare høve. Frå Link Wray (gitarfigurane til Vagle touchar denne legenden ved fleire høve) til Jeffrey Lee Pierce (det er til tider kort mellom melodilinjene som streifer Gun Club-sfærer). Frå særingen Roky Erickson (Don't Shake Me Lucifer) til den like sære Lux Interior (I'm Cramped). Og sidan vi først er i gang kan vi jo også nevne David Eugene Edwards (Sixteen Horsepower), Guy Kyser (Thin White Rope) og Chris D. (Divine Horsemen). Du verden så kjekt det er med navnedropping!

Med utgangspunkt i alle dei ustabile tonane frå desse villstyringane brygger Vagle og kompani saman eit fortetta og skamlaust fascinerande rock'n'roll søl, som spenner frå seig stoner rock til hyperaktiv psychobilly. Og før seansen er ti minuttar gammal er det allereie utført tre mord. Blood Shack er surfgitar, Morricone, hyttetur, eit blodtørstig kvinneindivid og eit mord. Men "that was not the end of the song". For mannen som i første omgang drap i sjølvforsvar har nå bokstavelig talt sjølv blitt beten av (vampyr) basillen, og i den vekselvis dystert strykar-draperte og tungt skrallande balladen Lucy and Mary foretar han seg stygge ting. Så sjølv om angsten og angeren innhentar han til slutt, er han nok temmelig fortapt. Payrolled som fylgjer deretter er struttande riffrock, medan Diesel and Bones er seige og tunge saker.

Ein buldrande bass og eit heftig driv skrur i gang The Snake Girl Song, ei ny Lucy er i bildet og denne bør ein helst passe seg for. Kameraet fangar så inn ein sliten og motlaus vandrar. I den mektige salma Dead River fortel han om si reise gjennom "badlands" og "deserts", og har vel egentlig kun eit ynskje om å få møte den evige søvnen. Lengselen etter døden har og grepe tak i mannen vi møter i I'd Waited For This Days. Ein batalje som har ein viss likskap med Violent Femmes sin Country Death Song, men i Helldorado-kretsar løyser den fortvila familiefaren sine problem med å retta rifla mot seg sjølv. I det drivande countryrock-nummeret (med trykk på rock) Killer On the Highway, er det som tittelen indikerer meir grim oppførsel i vente. Medan den brunstige fyren i det melodisikre og punkdrevne singel-valget Teenage Queen nok får oppleve ei ung dame som ikkje er like enkel å hanskast med som han hadde tenkt seg. Women Shouldn't Drink er omkvedet i nest siste låt, eit spenstig tilfelle som er total Crampsadelica. Berre at The Cramps ikkje har hatt så heftige saker på programmet sidan Psychedelic Jungle dagane sine. Tilslutt rir vi så inn i dei mørkaste nattetimane med langsomme, barske og blå rocketonar som følgesvenn i superbe Roadhouse, sånn like før "all hell breaks loose".

Det går sikkert an å henge seg opp i bandet sin flittige bruk av rockeklisjéer. Det synest eg imidlertid er heilt unødvendig, sidan dei har eit så friskt og gjennomført grep på denne mytologien at ein aldri blir sittande att med nokon som helst form for flau smak i munnen (her er det heller snakk om blodsmak i munnen). Så sleik opp saltet, hell ned Tequilaen, bit i den sure sitronbåten og lev ut ein urovekkande rock'n'roll drøm.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo