cover

Parish Bar

Jeb Loy Nichols

CD (2009) - Compass / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Country & western / Funk / Soul / Pop / Hip-Hop / Reggae / Dub / Jazz

Spor:
Countrymusicdisco45
Whole Thing Going On
Just a Country Boy
I'm Blue, I'm Lonesome Too
Days Are Mighty
Too Much Not Enough
Satan's Helper
Foggy Road Ride
My Kind
Neath the Cold Ground
So Sad
Dr. Noblio
I Took a Memory to Lunch

Referanser:
Fellow Travellers
Dan Penn
Lambchop
Boz Scaggs
Neneh Cherry
Leon Redbone
Charlie Rich
Graham Parker

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Country er funky

Vil du vite meir om korleis bevege seg til country soul, jazz og etc.? Ta ein time med Jeb Loy Nichols.

Ære vere den som tar seg forbi sjangergjerder og plukkar med seg det han finn. For så i neste omgang lage ein smakfull gumbo av det, krydra med ekte varme, og med salt frå levd liv. Så ære vere Jeb Loy Nichols.

Eg burde ha kjent til han frå før. Han har vore med lenge. I fleire tiår. I bandsamanhengar og som soloartist. Men eg har sove i den timen. No har eg vakna opp på Parish Bar. Noko brydd over tilstanden, men lite lysten på å gå. For det er ikkje kvar deg ein blir servert stoff som dette. Groove-lada country med slepen soulsmak og dub-e-di-dub. Ein runde til takk!

Men først. Inn på bakrommet for ein liten biografitime.

Fødd i Wyoming, oppvoksen i Missouri. På platespelaren i heimen spelar mora jazzplater, og faren countrymusikk. På radioen, om kvelden når han eigentlig burde sove, er det meir freistande å søke opp kanalen som viser han magien i soulen. Då han er fjorten flyttar familien til Austin. Han oppsøker byens musikkscener. Han opplever Funkadelic og Bob Marley, George Jones og The Ramones. Han blir slått i bakken av Sex Pistols.

Sytten år gamal pakkar han sekken og drar til New York. Frå å komme frå eit tilvære som outsider, finn han seg brått midt iblant ein bråte av dei. Han startar studere malarkunst. Heng rundt med The Slits og Neneh Cherry. Oppdagar energien til Grandmaster Flash. Dreg til London. Byrjar spele country saman med Joe Brack. Får platekontrakt med OKra records. Bandet døyper han høveleg nok The Fellow Travellers. Året er 1990. I magasinet Spin blir bandet karakterisert som "the lonesome children of Merle, Marley and Marx". Det vert tre album.

Han startar solokarriere. Lovers Knot heiter debutalbumet. As the Rain heiter låta, som burde vore ein hit (skjønar eg no). Jeb tar med seg kona og flyttar til Wales. Just What Time It Is er neste plate ut. Året er 2000. Easy Now heiter det to år seinare. Neste prosjekt; Nashville. Mark Nevers produserer, Lambchop-folk spelar med, og Dan Penn. (Høyrest ut som ei plate ein må ha): Now Then. To år deretter: Days Are Mighty.

Så er vi her igjen. På Parish Bar. Og blir servert:

Countrymusicdisco45. Aperitiff og hovudrett i skjønn foreining. Country i ein jazzsløy melodisjargong, og eit rytmebilde så alldeles funk-to funky-laidback.

Dans der du sitt!

Historien er denne: Jeb Loy Nichols er ute og dansar. Diskoen regjerer, og dansegolvet er trustappa av sveitte kroppar. Brått kjem noko anna gjennom høytalarane. Dj'en har friska til med ein countrylåt. Alle stoppar opp, og veit ikkje heilt korleis denne utfordringa skal handterast. Men Jeb likar det han høyrer, og tar ansvar:

I said people, people, won't you follow me
This is the new country style you see
Stretch out your arms like a plane
Bark like a dog, shuffle like a train
Roll like the wind and scoot like a rooster
Skip around the room like you usta


Udogmatisk og kostelig. Men det stoppar ikkje der.

Med soul i sinn, Graham Parker i venstre augekrok, og hip-hoprytmar i ryggen tassar Whole Thing Going On forbi, heilt utan fakter. Men med ein saliggjerande legning.

Og såleis driv han på. I eit elskverdig og stressfritt tempo. I låt etter låt. Ti sjølvkomponerte, tre coverversjonar. Dei fleste avla på tiltalande tonar, og forma i attraktive former. Alle vevd saman av Nichols heime i stova i Wales. Nesten heilt aleine. Med gitar, keyboards og maskiner. Og ei røyst av det sindige og innsmigrande slaget. Som ein slags røyklagt amalgam mellom J.J. Cale og Boz Scaggs.

Han tar seg fridomen å flytte ei gammal bluegrass-låt (I'm Blue, I'm Lonesome Too) inn i eit røykfullt reggae/dancehall mønster. "Wah-wah-wah-wah-whe-oo". I slepande countrysoulfasong presenterer han oss for alkoholdemonen Satan's Helper. Han som lever på innsida av den vidunderlige flaska, og som fylgjer med "at absolutely no extra cost".

På eit par-tre låtar nær kan ein vel seie at det er eit melankolsk drag over sakene hans. Ikkje eit massivt eit på nokon måte. Men eit slikt eit som lar fuglesongen og morgonsola akkompagnere utsegn av typen "days are mighty long around here since you've been gone". Eller stryk eit lite sukk som "so sad to hear about it" langs ryggflata med balsamerande souljazzdub.

Han kallar Parish Bar eit in-between prosjekt. Eg har, som de har skjønt, eit særdeles tynt grunnlag for å meine noko om korleis den står seg mot dei meir offisielle prosjekta hans. Men tenker likevel freidig nok at for min del må mannen berre halde fram med å levere in-between stoff.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

Svart/hvitt er i det minste...
25.10.14 - 07:37

Svart/hvitt er i det minste bedre...
25.10.14 - 07:37

sign post
10.10.14 - 12:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: