cover

The Man on the Burning Tightrope

Firewater

(2003) - Jetset / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Cabaret / Klezmer / Salsa

Spor:
Fanfare
Anything at All
Too Much (is Never Enough)
Too Many Angels
Dark Days Indeed
The Man on the Burning Tightrope
The Truth Hurts
Secret
The Vegas Strip
Ponzi's Revenge
Don't Make it Stop
The Notorious & Legendary Dog & Pony Show
The Song That Saved My Life
Dark Days Revisited
Before the Fall
Descent

Referanser:
Tom Waits
Johnny Dowd
Kurt Weill
Squirrel Nut Zippers
Taraf de Haidouks

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Kvalifisert cabaret

Ensemblet Firewater er eit merkelig og sært bekjentskap.

Tod Ashley er den udiskutable frontfiguren i amerikanske Firewater. På første halvdel av 90-tallet hadde han sitt viktigaste virke som bassist og vokalist i New York-bandet Cop Shoot Cop. Dette bandet oppløyste seg etter eit par plater, og Tod A. var klar til å leggje støyrocken på vent og bevege seg i retning av nye musikalske landskap. I 1996 stifta han den smått eksentriske gruppa Firewater. Sjølv om bandnamnet ikkje var umiddelbart fengande for meg, er albumet The Man on the Burning Tightrope det endelige beviset på at du ikkje bør la slike småting stå i vegen for di opprørske trong til å utforske den gode musikken som rører seg der ute; milevis frå hitlistene. Musikken til Firewater er nemlig langt frå kjedelig.

Kva kan du så forvente å få ut av dette albumet? Først og fremst må det seiast at det er det ein enorm variasjon frå låt til låt, noko som gjer det vanskelig å plassere bandet i ein fast sjanger. Dei hentar ein stor del av inspirasjonen sin frå både salsa og swingjazz med frenetiske up-tempo rytmer, klezmer med humpete trekkspel-riff og gråtande fioliner, og spaghetti-country à la Ennio Morricone med rufsete einstrengsgitarsoloar og store strykeorkester. Men sjølv då er kun ein brøkdel av musikken plassert inn i noko som kan kallast faste rammer. Det er faktisk så stor spennvidde i låtmaterialet at det er vanskelig å forestille seg kva som har utløyst ein slik vilter kreativitet. Muligens har Tod A. og resten av ensemblet vore omreisande sirkusartistar i barndomen. Albumet står i alle fall fram som det perfekte soundtracket til ein sirkusframsyning som inkluderar tøysete klovnar, sjonglerande elefantar, tryllekunstar og alt som elles høyrer med når ein vitjar manesjen.

Men vent litt. Sjølv om musikken som regel har eit lystig, dansbart preg over seg, vert dette ganske paradoksalt når ein lyttar til enkelte av tekstane som blir servert. Med knurrande sirkusdirektørstemme teiknar Tod A eit heller mørkt og deprimerande bilete av ein røyndom der alt som regel gjeng til helvete og vanskane med å kome seg på fote igjen når ulukka har råka ein stakkar: "What can you say, you know that your words count for nothing, and how does it feel when the rail finally reaches the end?” Samstundes kan dette vere med på å forklare hensikta med coverillustrasjonen. Teikninga portretterar ein linedansar som balanserar ustødig på ei slakk line over eit hav av flammar. Redninga er ikkje langt unna, men eit lite feiltrinn er alt som skal til for å ende opp i ein temmeleg miserabel tilstand. Himmel eller helvete er det som ventar. Til tonane av lystig salsa, så klart.

Mine personlege favorittar på plata befinn seg i det cabaret-aktige hjørnet. Førestill deg ei samanblanding av Kurt Weill sin Tolvskillingsopera, og Tom Waits si meir eksperimentelle periode, og du har ein viss aning om korleis dette høyrast ut. I hovedrolla spelar det hardt pumpande teaterorgelet, akkompagnert av fyllesjuke tubaer, utsøkte trommevirvlar og den mørke vokalen til Tod A. Spor som The Notorious & Legendary Dog & Pony Show,To Many Angels og tittelsporet har alle desse elementa i seg. The Vegas Strip er også ein finurlig sak som får meg til å tenke på musikken til The Pink Panther (teiknefilmen) medan Ponzi's Revenge kombinerar element frå 70-talls detektivmusikk med den velkjente låta Hit the road Jack.

Likevel er det enkelte låtar (eller spor, enkelte varar godt under minuttet) på The Man on the Burning Tightrope som framstår som litt for anonyme sjølv med si eksperimentelle utforming. Det er kanskje ikkje så rart med tanke på at plata består av 16 spor på tilsaman 47 minutt. Bossanova-låta Too much (is Never Enough), den tamme rockelåta Don't Make It Stop og eit par instrumentelle svisker mot slutten av albumet trekk beklageligvis heilheitsinntrykket ned ein smule.

Men alt i alt har dette albumet gjeve meg særs gode lyttaropplevingar. Innbakt i musikken ligg det ein bråte meir eller mindre obskure instrument som kjem fram og krydrar musikken med nye detaljar og nyansar over tid. Og blir eg eller du lysten på meir "ildvatn" er det sikkert mogeleg å få tak i dei tidlegare platene også.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Fuku - I bakvendtland - Fuku synger Alf Prøysen

(MTG)

Den universelle Prøysen - nå også på japansk.

Flere:

Helge Lien Trio - Live
Neil Young - On the Beach