cover

Hva om det ikke er sånn som du tror at det er

Erlend Ropstad

CD (2013)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folk / Vise / Singer/songwriter

Spor:
Når Du Blir Mi
Første Sang
To Fnugg Snø
Gamle Sammen
Lang Bratt Bakke
Meninger Om Alt
Oslo
Tenkte Jeg Skulle Si Noe
Huske Deg Igjen
Ikke Sovne Så Fort
Demninga

Referanser:
Stein Torleif Bjella
Roy Lønhøiden
Jonas Fjeld
Tønes
Odd Nordstoga
Henning Kvitnes

Vis flere data

Se også:
Her om natta - Erlend Ropstad (2014)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Lune viser

Ein sørlending finn stemma si blant ein bunke lågmælte songar om rastlause tider.

For ei tid sida var det ei anna tid, ei ungdomstid. Den var god, den var vond, og den forsvann. Men nokre minner lever, framleis. Også hos Erlend Ropstad. Ganske så forsiktig har han sett seg ned ved vindaugskarmen i rommet ved sida av der hans vesle son tilbringe si sovande tid, og nennsamt og lågmælt fabulert, fundert og sunge fram saker som har dukka fram frå minnet. Saker som hendte, som kanskje hendte, som kunne ha hendt, eller som slett ikkje hendte. Utav dette har han skapt ei lita stund med ufattelig mykje fin melankoli i seg.

Erlend Ropstad byrja slik mange her til lands byrjar, med å skrive songane sine i ei engelsk språkdrakt. Tre plater har han rukke å gje ut med songar på det språket. Songar som i si form slektar på saker av smått melankolsk disponerte herremenn som Josh Rouse og Thomas Dybdahl, og ein del andre i nabolaget. For underteikna har han ikkje vore ein som har klart å markere seg i utstrakt grad. Han har vore ein eg har registrert, og så stort sett latt vere i fred. Det har vore annleis den siste månaden. Heilt annleis.

Hva om det ikke er sånn som du tror at det er, er spørsmålet, og albumet, som har utgjort ein forskjell. Ein avgjerande forskjell. Ropstad har tatt morsmålet i bruk, også som songar. Ja meir enn som så, han nyttar det til å komme opp med enkle og treffsikre formuleringar eg tenkjer er hans, og ingen annans. Formuleringar med eit poetisk sinnelag. I viser eg saktens kan tenke er i slekt med slike eg har høyrt frå ein Bjella, eller ein Lønhøiden, men som eg aldri tenker er andre enn Ropstad sine.

Han vaks opp i sørlandsbygda Vennesla. Skal vi tru hans eigne ord samla han opp mot og drog der i frå før han rakk å bli tjue år. Men uroa som førte han av garde fylgde med, og bygda han forlot kverva ikkje heilt ut av sinnet hans. Og no har altså augeblikket komme då det er tid for å krysse nokre spor, slik flyktningar har gjort før.

Eit av spora går rake vegen ned i botnen av ein Lang Bratt Bakke. Der to unge står, og står, som om dei ventar på noko. Det hamrar og stikk på innsida av brystet, men på utsida, i mellom dei to, herskar ein trykkande stillstand. Til slutt finn vår helt ut at denne situasjonen kan ikkje vare stort lenger, og gjer noko med det. Songaren minnast: "I stedet for å kysse ho sa æ, æ måtte komme meg hjem", og "Uten å si no sa ho, den sjansen her, får du aldri igjen". Og slik vart det, og slik fortel Ropstad det, og Marte Wulff korar, og Erlend Viken spelar nokre vemodige fiolintonar, og visa er ikkje anna enn ustyrtelig vakker.

Ropstad spelar gitar, stort sett akustisk, og litt anna. Stillferdig. Røysta si finn han heller aldri nokon grunn til å heve. Blant songar der tonen er ein fortrulig og heiderlig venn. Slik den er når han stiller seg tvilande til både elden, englar og gud, men ikkje kjærleiken i Når Du Blir Mi. Slik den også er når han på underfundig vis leikar seg med platas tittel i Gamle Saman. Eller slik den er når han i To Fnugg Snø målbære sin variant av Dylans If You See Her Say Hello: "Viss du ser ho så si i frå mæ, at alt det som skjedde var nødt til å skje".

Nemnte Marte Wulff bidrar med vokale tonar i fleire av visene. Hennar klare røyst har ein fin kontrasterande effekt opp mot Ropstad sin noko meir rustne stemmebruk. Som når vår mann syng om avstandsforelsking i Tenkte Æ Sku'si No. Og ikkje minst i eit av dei absolutte høgdepunkta på plata, Meninger Om Alt. Songen på plata med den kanskje sterkaste Bjella-klangen. I tillegg kjem den med ein sordinert og fin elgitar-solo, og ein elegant overgang frå vers til refreng. "– Folk – de har meninger om alt". Blant anna sin nestes kjærleiksliv.

Eller sin nestes trudomsliv. Ikkje minst i Vennesla, vil eg tru. Ei bygd i det norske bibelbeltet. Ropstad touchar innom sakene i Huske Dæ Igjen. Ein song som handlar om fortrengte minner, og om disse som trur at vi skal treffast igjen "i det de kaller himmelen". "Æ kan love dæ en ting min venn" syng Ropstad til det, i eit sjeldant uforsonlig augeblikk, "da skal du faen meg få igjen".

På ei plate som først og fremst er mild, varm og 100 % menneskelig.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo