cover

Subtitulo

Josh Rouse

CD (2006) - Nettwerk / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folk / Countryrock / Singer/songwriter / Softrock

Spor:
Quiet Town
Summertime
It Looks Like Love
La Costa Blanca
Jersey Clowns
His Majesty Rides
Givin' It Up
Wonderful
The Man Who Doesn't Know How to Smile
El Otro Lado

Referanser:
Ron Sexsmith
Joe Pernice
David Mead
Andrew Bird

Vis flere data

Se også:
Under Cold Blue Stars - Josh Rouse (2002)
Nashville - Josh Rouse (2005)
El Turista - Josh Rouse (2010)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Det er sommar

Tilbakelente tonar frå ein kvitmalt og solfylt veranda.

I ein grenseoppgang mellom det sofistikerte og det livgjevande har Josh Rouse dei siste 7-8 åra kledd opp mang ein levedyktig poplåt. Frå å ha eit hovudfokus på det modererte i startfasen til at eit meir fyldig lydbilde omkransa tonane hans på seinare utgjevingar. Der den sjelfulle soft-rocken på 2003 utgjevinga 1972, og den popvitale og rikt sjatterte Nashville (2005) representerer førebelse høgdepunkt.

I år sit han på ein kvitmalt veranda i den vesle spanske havnelandsbyen Puerto de Santa Maria og berre nyt livet. Ny dame, sola varmar, Sangeriaen smakar friskt og roen rår. Det sorglause opningssporet Quiet Town luntar døsig av garde og prisar det late og stille livet i høvelige akustiske og vagt latinofarga former. Ja, det kan dukka opp Summertime-minner av mindre. Josh han "remember cigarettes, tube socks, sun burns and long blonde hair, watermelon, fingerbangin', Purple Rain and bein' cool". I det minna glir ut til venstre, dukkar dorske bossanova rytmar opp frå nabolaget. Det er sommar.

Subtitulo er ikkje Josh Rouse sitt beste album. Til det blir det vel litt for flyktig og skyfritt. På den andre sida, det er sommar. Og når det er sommar kan eg godt like å høyre ei låt som Jersey Clowns. Ei strykar og orgel drapert varleg vise om den hardtarbeidande fyren som kjem heim til den svikefulle dama si. Når eg tenkjer meg om trur eg faktisk eg kan synast om å høyre denne songen vinterstid også. It Looks Like Love derimot har ein meir sommaravgrensa tekstur. Ein sånn ein som høver til varme veranda-dagar i selskap med ein Shangriloe, men som står i fare for å komme litt til kort i andre samanhengar. Stramme rytmar, popfrisk og falsettyndig, og med eit stjerne-refreng: "There goes that melancholy feelin' again, it looks like love is gonna find a way".

Så sig ein kanskje vel godt på plass i fluktstolen etterkvart, og døser litt av. Men hei, der dukka det jammen meg opp ei damestemme. Paz Suay heiter ho visst. Saman med Josh syng ho om The Man Who Doesn't Know How to Smile. Ein hardt prøva stakkar, men i det sommaren blir til haust får mannen faktisk noko å glede seg over. Fint. Eit endå litt skarpare drag av haust kjem duvande sånn heilt til slutt, i tilbakelente El Otro Lado. Vagt countryfarga tonar med lindrande evner.

Det er kanskje ikkje så mykje evigvarande substansiell profitt å hente utav Subtitulo, men akkurat no, no er det sommar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo