cover

These Days Do You No Justice

Jake Ziah

CD (2004) - Grand Slam Happytime / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Americana

Spor:
Dresin/Sleeper
Heartsong
Silver Seeds
Burn
Round Here
When We're Apart
Wouldn't Change (a Thing)
Steel Wire
Safe
Shipsong
Time Is a Razorblade

Referanser:
Tom Waits
Bruce Springsteen
Bob Dylan
Woody Guthrie
Leonard Cohen
Hank Williams
Tindersticks
American Music Club
The Walkabouts
Midnight Choir

Vis flere data

Se også:
Jake Ziah - Jake Ziah (2003)
Lights and Wires - Jake Ziah (2008)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Sakte, skakt og djupfølt

Nokre unge nordmenn med ei amerikansk ånd i sjela tar vaklevorne spaserturar blant storarta tonar.

Rykta vil ha det til at det var ein marsdag i 2001 at den lunefulle musikkånda Jake Ziah tok bustad i sinnet til nokre unge menn i eit bukollektiv i Akersgata. Med seg hadde den gamle ånda strofer og skrøner frå eit langt liv blant grøderike tonar i Amerika. Han var der den gongen Dylan gjekk elektrisk, då Parsons fekk idéen om "the cosmic american music", då Springsteen følgte Mary ned til elva, og då Tom Waits fant sin sverdfisktrombone. Han har dansa i mangt eit midnattskor, og han har segla i mang ein storm. Han fører sine utpeikte inn der skyggane har overtaket og håpet berre er ein draum.

Jo da, dei har verkeleg fått ånda over seg denne firarbanden (pluss medhjelparar) i Akersgata. Syvert Feed og Arnar Vågen heiter dei to som er hovudansvarlege for dette materialet. Dei er låtskrivarar, syng, spelar gitar, pumpeorgel, bass, banjo, charango, farfisa, fløyte, og ein del til. Kristian Husby er rytmeansvarleg, og Daniel Henriksen korar, orkestrerar og organiserar. These Days Do You No Justice er deira debut i det langspelte formatet (dei gav ut ein 5 spors EP i 2003).

Med rust på stemmebanda, skeive strenger mellom fingrane, hanglete pedalar under lakkskoa og vågale takter i bakhovudet inviterer dei til ein vaklevoren spasertur blant storarta tonar. Vingle-gehalten blir spikra fast frå første tone. Sakte, knirkande, søvnig og med ein morbid trompet i front demonstrerer det instrumentale opningssporet Dresin/Sleeper at desse karane ikkje har tenkt å følgje dei mest opplagte vegar. Nå blir det rett nok aldri meir outrert enn dette (snarare mindre), og dei skeivaste lydane held seg som oftast i bakgrunnen, men eit forsøk på å få innpass i Coldplay-segmentet er no dette i alle fall ikkje. Nei, då er det nok heller det gode gamle "vi gjer det vi likar best og så får vi sjå om det finst andre som også likar det"-opplegget.

Langsamt og intenst manar dei fram melodiar som har kome til dei via sitt skuggetilvære i Amerika. Heartsong er countryballaden med Joshua Tree i ryggraden, Handsome Family i årene og The River i tankane ("my beautiful Mary, I'll cross that river dark and deep to hold you close"). For å følge Springsteen-sporet litt lenger så har både munnspeltonane og vokaldiksjonen i Round Here plukka opp eit og anna Nebraska-triks. Wouldn't Change (a Thing) har og sine røter i litt av det same tonemiljøet. I lett slentrande driv, med eit par akustiske gitarar i front og mykje subtilt drivstoff i bakgrunnen tar "sorrow" knekken på "happiness". Noko forteljaren har få intensjonar om å gjere noko med, "cause I'm already gone".

Når ein kjem frå Norge, syng på engelsk og agerer livsvilkår som lett kan bli tatt for å vere amerikanske står ein alltid i fare for å blamere seg kraftig på tekstplanet. Vågen og Feed snor seg unna mang ein snubletråd betre enn dei fleste. Utanom eit par Springsteenske Mary-finter er her ingen direkte Amerika-koplingar. Dei lagar tekstar som skildrar ekte kjensler i ekte hjerter. Hjerter som like godt kan dunke og slå i Sandefjord og Beirut som i Phoenix og Tijuana. Formuleringsevna er intakt, poetiske utfordringar vert løyst og metaforane er oppegåande. Kort sagt velfunderte og gode tekstar.

"Stones to our burden and dust beneath our feet" vert det gjentatt med aukande intensitet i den dystre Waits-inspirerte Burn. Ein tekst det vel går an å tolke inn i både den krigerske uroen på indre plan og krig i større samanheng. Den meir ompa-aktige sida av Waits blir feira med mørke linjer i Silver Seeds. Safe serverer seindrektig lovsong til Gud, sonen, den heilage ande, månen og havet. Medan Steel Wire er eit melodiflott og stigande spørsmålsteikn. Konklusjonen dei tilslutt kjem fram til er at Time Is A Razorblade.

Med horisonten i ryggen, ånda i hjerta, lengsel i blikket og livet i kvart steg har desse karane skapt eit album som heilt sikkert vil vise seg å vere blant dei aller beste gjort av norske statsborgarar i 2005.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo