cover

Apologies to the Queen Mary

Wolf Parade

CD (2005) - Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Post-rock / Eksperimentell

Spor:
You Are a Runner and I Am My Father's Son
Modern World
Grounds For Divorce
We Built Another World
Fancy Claps
Same Ghost Every Night
Shine a Light
Dear Sons and Daughters of Hungry Ghosts
I'll Believe in Anything
It's a Cure
Dinner Bells
This Heart's on Fire

Referanser:
Arcade Fire
Modest Mouse
Pixies
Talking Heads
Frog Eyes
Destroyer

Vis flere data

Se også:
Wolf Parade - Wolf Parade (2005)
At Mount Zoomer - Wolf Parade (2008)
Expo 86 - Wolf Parade (2010)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


I desse skamroste ulvetider

Hengslelaust, basslaust og stundevis fokuslaust, men slett ikkje verknadslaust frå eit av denne hausten sine største hype-offer.

Ooohh-skralla-la-la-lama. Eller noko i den duren. Det er nemlig ikkje heilt utan grunn dei har valt å kalle seg Wolf Parade. For kva er ein ulveparade om ikkje eit glupsk, glefsande, oppjaga og ubereknelig framstøyt. Der det tilsynelatande er ingen som har den fulle kontrollen, og den skrallande, skeive og febrilske dansen verkar å vere av det impulsstyrte slaget. Like fullt når den stort sett sine mål, stettar sine begjær og tar til tider til og med form som eit vinnande vesen. Kanskje meir på trass av enn på grunn av si framferd.

Dei er fire, og dei kjem til oss surfande på ei hype-bølgje frå Montreal. Men dei landar heldigvis ikkje som eit flaut mageplask. For som de sikkert no har skjønt, snakkar vi her om eit livsfriskt rock'n roll album bore oppe av ustabile men ved fleire høve svært så forførande tonar. Apologies to Queen Mary er deira debut i fullformat. Det er ikkje sensasjonelt stoff. Dei verken lirkar eller pælmar frå seg tonar av originalt kaliber. Førebels har dei vel også ein del skritt å gå før dei kan slå i bordet og proklamere seg som innehavarar av den fullkomne låtskrivarkrafta. Det dei imidlertid har masse av er eit feiande pågangsmot og ein lumsk attityde, noko som definitivt fører til at bataljen set sine spor.

La oss tenkje oss ein romsleg blikkboks. Oppi den puttar vi så fire klassikarar. The Lonesome Crowded West (Modest Mouse), Funeral (Arcade Fire), Doolittle (Pixies) og Remain In Light (Talking Heads). Vi ristar godt på den, riv opp loket, og ut flaumar lett retningsville men definitivt sterkt oppegga tonar. Lealaust, basslaust men slett ikkje verknadslaust spinn dei fire unge canadiarane slik vidare på velprøvde rock'n roll triks.

Spencer Krug sitt driftige keyboards-spel er like viktig for det energiske biletet som Dan Boeckner sine uforedla gitar-utfall. Desse to delar også på vokaljobben. Noko dei gjer med den same gløden som pregar deira instrumentelle handtering. Hadji Bakara utrettar probat elektronisk manipulasjonsarbeid, og Arlen Thompson (sist høyrt i samkvem med Arcade Fire) hamrar på plass effektiv rytmikk. Modest Mouse frontmann Isaac Brock har vore ein viktig person både i å skaffe dei kontrakt med Sub Pop, og i produksjonen av albumet.

Vel, produksjon og produksjon, vil kanskje nokon hevde. Og ein kan vel ikkje gje dei heilt feil i ein slik påstand. Den store ryddesjauen har nok ikkje grepe tak i verken Brock eller dei fire ulvane. For oss som likar musikken servert i litt uryddige former er ei slik innstilling slettes ikkje noko minus. Likevel blir det ved enkelte høve kanskje i meste laget vinglete og ufokusert.

Det opnar skarpt, barskt, surrealistisk og kompromisslaust med knokkelfunk-rockaren You Are a Runner and I Am My Father's Son. Ei låt som mange sikkert har blitt kjent med på EPen som kom for nokre månader sidan. Når denne har spraka seg ferdig blir dessverre gnisten litt meir diffus dei neste minuttane. Modern World er ei heller daff poplåt, og Grounds For Divorce samt Fancy Claps rotar vekk nokre dosar med nødvendig dynamikk ved å sjangle fram i litt for fokus-slappe og melodisvake drakter. I låta som ligg mellom desse to gnistrar det derimot kraftig. We Built Another World er ein melodiflott og pågåande affære som hentar mykje næring frå Arcade Fire sine nabolag.

Favoritten på den før nemnte EPen var Shine a Light. Den har fått sin sentrale plass også her. Ei spektakulær og desperat låt med gospel i magen, Stones i ryggen, og melodisk virilitet kriblande over heile seg. Minst like forrykande og proppa på melodisk kraft er I'll Believe in Anything. Frå det vert oppfordra med fresande fortviling i første linje om å "give me your eyes, I need sunshine", ser denne seg aldri tilbake. Det gjer ikkje den punka råtass-låta It's a Curse heller, der den sparkar seg nådelaust gjennom både piggtråd og betong. Meir tålsame konturar sluttar seg omkring den over sju minuttar lange Dinner Bells, sjølv om det også her ulmar til innimellom. Melodisk har den mykje å gje, men misser litt av krafta si i det avsluttande og litt karakterlause instrumentalpartiet.

På sitt beste held Wolf Parade så absolutt kva hypen lovar, men sidan Apologies to Queen Mary også har sine meir skrantande felt, vert nok firarbanden i denne omgang helst ståande å sparke på døra til avdelinga for "ujamnt men likevel særdeles fascinerande".

comments powered by Disqus

 



Morten
2005-09-28Navlebrokk

Brock. Isaac Brock. Ikke Brooks. Hilsen flisespikkeren.

Oddmund Borge
2005-09-28eller hjernebrokk

Uffda, pinlig slurv (bør vel nesten gå inn å rette på den der, før for mange oppdagar den). Kor ideen til Modest Mouse sjefen sitt nye etternamn kom i frå kan eg ikkje svare for (men det er ikkje frå verken Mel eller Garth i alle fall).

Bjørn, red.
2005-09-29Tabbe #2 - brokk.

Dette er deskens feil, vi beklager. Feilen er rettet

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo