cover

New Black

New Black

CD (2004) - Thick / Southern / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
New Wave / Garasjerock / Punk

Spor:
Put It to Bed
Angel With Cockroach Wings
Last Wave
RobotoboR
Hot Box
Beatrice
Booze Olympics
Twisted Lips
The Kill

Referanser:
Wire
The B-52's
Blondie
Pixies
Yeah Yeah Yeahs

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Gammalt nytt, friskt levert

Ein drøy halvtime rytmesterk og balstyrig virilitet som tar kvelartak på dei fleste krav om fornyande framferd.

Rockemusikken har vel, når alt kjem til alt, ikkje vore utsatt for altfor mange tilfeller av grensesprengande nytenking dei siste ti-tolv åra. Både av musikken som når ut til eit større publikum, og blant den delen som kun vinn åtgaum hos kritikarane, er det meste rock'n'roll-suppe kokt på ein etterkvart ganske så tynnslitt spiker. Like fullt er det eindel som klarer å lage vitale brygg av denne ingrediensen, mens andre igjen kanskje burde funne på noko heilt anna.

Ved første gjennomhøyring noterte eg også New Black på sistnemnte liste. Så viser det seg altså, etter litt fleire rundar, at det var ein litt forhasta slutning. For her er det absolutt kraftige spor av heftig rock'n'roll søl. Slett ikkje originale tonar og takter, men eit pågåande og friskt selskap. Hadde plata komme ut på tampen av 70-talet kunne den nok til og med ha funne sin plass i rekka av den tida sine små seinpunk og New Wave bragder. Wire, Blondie, B52's, Siouxsie & the Banshees, lista er lang. 25 år og haugevis av kvasse tonar seinare blir det kanskje ikkje fullt så blendande. Men ein drøy halvtime rytmesterk og balstyrig virilitet tar likevel kvelartak på dei fleste krav om fornyande framferd.

New Black er ein kvartett frå Chicago som består av to damer og to menn. Aller mest utav seg gjer gitarist og vokalist Patti Gran, som med ei stemme i Siouxsie Sioux/P.J. Harvey-leie piskar låtane pasjonert og energisk avstad. Ho er ikkje heilt åleine om å synge i bandet, bassist Liam Kimball tar og sin tørn i så måte. Kanskje ikkje fullt så overbevisande, men effektivt nok. I begge samanhengar er det imidlertid mykje kjensler frå eit kaotisk kjærleksliv som blir detonert. Rachel Shindelman sitt hissige keyboard-spel, og Nick Kraska sine fyndige angrep med trommestikkene gjer og sitt til at bandet sin albumdebut blir dette relativt skarpskodde opptrinnet.

Av låtane høyrer den Pixies-i-kamp-med-B52's saken Last Wave, og det funky frontalangrepet Booze Olympics til i fremste rekke. Dei følger like i hælane på det lidenskapelige glansnummeret Twisted Lips. Ein gloheit affære der det kan virke som om gjengen har snoka litt i 70-tals sakene til Patti Smith. Med utgangspunkt i låtoppbygginga og i tittelen sin likskap med Smith vendingar som "twiste-lettes" går i alle fall underteikna rundt og ser på den som ei slags primitiv utgave av legendariske Land.

I det heile skaper kvartetten eit lydbilde som ber i seg mykje frenetisk dynamikk. Låtar som heile tida er på veg mot noko, og som i sin kvilelause og driftige fasong stadig utfører både temposkifter, volumskifter og sceneskifter. Slike lyd-pusherar er det sjeldan kjedelig å være i selskap med.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo