cover

Chutes Too Narrow

The Shins

CD (2003) - Sub Pop / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Pop / Indiepop / Poprock

Spor:
Kissing The Lipless
Mines Not a High Horse
So Says I
Young Pilgrims
Saint Simon
Fighting In a Sack
Pink Bullets
Turn a Square
Gone For Good
Those to Come

Referanser:
The Beatles
The Who
The Kinks
Guided By Voices
Apples In Stereo
XTC
The La's

Vis flere data

Se også:
Oh, Inverted World - The Shins (2001)
Wincing The Night Away - The Shins (2007)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Nam nam

Ein 34 minuttar fyldig popdropspose med 10 utsøkte smaks- samansetningar til å suge lenge og fornøyd på.

Albuquerque, New Mexico. I musikk-samanheng absolutt ingen sentral stad. Strengt tatt er det berre to musikkrelaterte saker eg forbind med byen; 1. den sangen på Tonight's the Night (Neil Young), 2. det er den andre byen den forsmådde ektemannen i By the Time I Get to Phoenix passerer. Nå har eg eit tredje punkt. For som ein del sikkert har fått med seg var det her den fantastiske popkvartetten The Shins fant saman.

No har dei visstnok flytta hovedkvarteret sitt til Portland, Oregon. Men viktigare, gjengen er klar med si andre plate under signaturen The Shins (dei har ei utgjeving også under namnet Flake Music, frå 1997). Og ankomsten til Chutes Too Narrow, som albumet heiter, er blitt ledsaga av rimelig store ovasjoner i indiepop-kretsar, ovasjoner som etterkvart også har nådd heilt fram til desken i norske dagsaviser.

Bandet debuterte i 2001 med albumet Oh, Inverted World. Og frå å være ein liten hemmelighet for dei få, vaks albumet seg gradvis utav kult-statusen. Dermed måtte dei plutselig også stå til rette for "ungdomssyndene" sine (McDonalds har nytta ein av låtane deires i reklamesamanheng). Slikt vil jo ofte føre til vraking hos den jevne indie-rockar, men det kan virke som om at James Mercer og hans menn har komme heilskinna frå det.

Chutes Too Narrow kom egentlig ut i oktober 2003, men fekk først i mars 2004 sin offisielle release i Norge. Og dei har denne gongen lagt til sides mykje av den lyseblå psykedeliaen som er ein viktig del av Oh, Inverted World. For sjølv om dei ikkje alltid fylgjer den mest opplagte popløypa på Chutes Too Narrow heller står denne fram i ei noko meir kompakt og konvensjonell poprock-drakt enn debuten. Men, vil eg påstå, den kan smykke seg med endå sterkare låtar.

Ja, her snakkar vi faktisk om ein av dei friskaste omgangane med tradisjonell popmusikk slik Beatles lærte oss den, sidan The La's kom vandrande utor Liverpool sine bakgater i 1990 (og forsvant like fort tilbake). Som det høver seg slik musikk, stappar ein ikkje CDen full. Istaden blir vi tilbudt ein 34 minuttar fyldig dropspose med 10 utsøkte smaks-samansetningar til å suge lenge og fornøyd på.

Sjølv om vi har høyrt liknande tonar mange gonger før, har eg ingen problem med å hevde at The Shins gjer sin personlige og originale vri på tinga. Frå dei lynsnart klappar sakene i gang, tett fulgt av eit kvikt "woooh", på Kissing the Lipless, blir ein teken med på ei ferd inn i ein fargerik verden, der heftige hooks og briljante tonar presenterer seg i så tett ordning at ein aldri klarer å tørke vekk det fornøyde gliset før lenge etter at siste plystre-tone i nennsomme Those to Come har lagt seg til ro. Sjølvsagt klarer ein ikkje å sitte still, sjølvsagt jobbar både knipsefingrane og beina overtid, og sjølvsagt byr ein både seg sjølv og andre opp til lettbeinte rørsler. Men, og dette er viktig, The Shins er meir enn lettbeint popmusikk. For som nemnt, melodilinjene på Chutes Too Narrow fylgjer ikkje alltid den aller mest opplagte vegen, og småskrudde innfall, rett nok særdeles utvungent og naturlig håndtert, krydrar lydbildet i ny og ne. Slik oppnår dei å klistre lyttaren fast til låta umiddelbart, samstundes som dei unngår at nokon skulle finne på å gå lei før det har gått minst ein evighet.

Det er for øvrig ikkje berre tonekartet som har djupn her, James Mercer sin pop-poesi har og absolutt litt meir å fare med enn kva den gjennomsnittlege pop-snekker brukar å ha på lur ned i skuffa si. Her er både glede, smerte og angst i eit surrealistisk fellesskap. Og meir enn nok å bite i til eit uttal gjennomhøyringar. Slik får desse smarte og tilsynelatande bekymringslause melodilinjene eit verdifullt incitament av både uro og melankoli.

"and secretly I want to bury in the yard the grey remains of a friendship scarred". Edgar Allan Poe? Vel, kanskje ikkje heilt, men James Mercer manifesterer, ved fleire høve her, at han har ei utsøkt poetisk nerve inne. Linja over er henta frå det perfekt oppbygde og smertelige vesle pop-eventyret Kissing the Lipless. I første vers ligg Mercer sin vokal nedpå og heilt i front, så, idet nemnte linje er sunget ferdig byrjar brått korte brunstige el-gitar riff å varsle om at noko er på gang, og det som er på gang er eit ljomande refreng der Mercer flyktar den vemodige lyrikken sin opp i langt høgare tone-sfærer. Slik skaper ein akselererande dynamikk folkens. Betre enn dette blir det ikkje, men du verden så nære dei kjem nokre gonger.

Mercer sin innsats som sangar så vel som gitarist og låtskrivar er nok det sentrale og berande elementet plata igjennom. Som når han fortsetter blant høge oktavar, og lar gitaren både ringe og springe i kraftfulle So Says I. Eller er meir nedpå i folkpop perler som Mine's Not a High Horse og Young Pilgrims, sistnevnte med eit litt udefinerbart slektskap til XTC sine Skylarking-dagar.

Forhold som tru, skyld, kjærleik og svik står sentralt i sakrale og fiolin-draperte Saint Simon, ein sak som i melodiføring sikkert kan finne sine åndsfrendar vandrande rundt med ein Rubber Soul langs 16 Lovers Lane. Medan den vemodige balladen Pink Bullets låner litt småtteri frå The Who-låta Behind Blue Eyes.

Energiske Fighting In a Sack hentar gnisten sin frå nokre av dei samme jaktmarkene som canadiske The New Pornographers har søkt rundt i. Turn a Square på si side er dreven av ein energi henta frå eit shiffle-liknande gitarjag. Og før dei når finalen tar dei og ein tur innom steelgitar-draperte country-tomter. Nydelige Gone For Good er klassisk countryrock om defekte følelsar, lengsel og einsemd; "I find a fatal flaw in the logic of love".

Så har ein ikkje denne allereie klargjort for sesongens sommartallerken, er det berre å utvide menyen. Årets (og fjorårets) sterkaste seksar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo