cover

Rapport frå eit grensehotell

Tom Roger Aadland

CD (2015) - Embacle

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Vise / Singer/songwriter / Country / Pop / Blues

Spor:
Rapport frå eit grensehotell
Songen av jorda
Like til mi dør
Haust
Har du hatt den kjensla
Alle
Vel av garde
Hud mot hud
Einsam utan deg
Oppløyst og medtatt
Farsfolket

Referanser:
Bob Dylan
Leonard Cohen
Stein Torleif Bjella
Sivert Høyem

Vis flere data

Se også:
Det Du Aldri Sa - Tom Roger Aadland (2011)
Fløyel og Stål - Tom Roger Aadland (2012)

(0 / 7) (0 / 7) (0 / 7) (0 / 7) (0 / 7) (0 / 7) (0 / 7)


Menn som saknar

Songar med eit sakn i seg, og litt elektrisitet, og ein fin poetisk tone.

Avslutningsvis slår Tom Roger Aadland eit slag for å reise heimatt. Heim til Farsfolket, bort frå den kalde byen der folk er så altfor opptatt av å finne ein rygg å plassere dolken i. Hovudpersonen i songen har vore ute i livet, har fått sine flenger og arr, kjent saknet brenne i brystet. Tida er kommen for å søke rekonvalesens hos slekta. Så særlig lystelig kan ein kanskje ikkje kalle songen, men eg kunne ha funne på å kalle den fengande. Ja der gjorde eg det vel i grunnen. Fengande i eit folkrockmodus eg kjenner treff meg, med sonisk detaljrikdom i ein intuitiv og luftig skapnad, der tonar frå eit hammondorgel etter kvart kjem brusande inn og løftar songen heilt heim.

Eg vil reise heim til farsfolket
Forbi svingen og litt til
Kome heim til farsfolket
Der elva renn så still


Og dette i slutten av ei plate der det er mykje snakk om einsemd og oppbrot. Einsemd som i Einsam Utan Deg, ein blues der ein elektrisk gitar eller to tøtsjar Ribot/Waits-lende og songaren driv rett til botnast med det svartmalte mantraet "det står beint fram, beint fram dårleg til med meg". Oppbrot som i Oppløyst og Medtatt, ein dunkelmelodisk sak der motsetningane riv, tvila er sterk, og kunsten å vere likeglad ikkje viser seg som det lettast handterbare her i verda. I eit av fleire lettare forvirra utsegn formidlar hovudpersonen: "Eg er takksam og bitter, eg er fri og bak gitter".

Han firar ikkje på kvaliteten Tom Roger Aadland her på si femte plate. Spesielt ikkje på den tekstlige kvaliteten, men heller ikkje på kvaliteten i songen som eit heile. I lag med eit friskt lag av medkombattantar skapar han ein seanse som så avgjort kastar glød ifrå seg. Elektrisiteten gjer seg meir gjeldande enn på tidlegare Aadland-plater, og noko sonisk ureint ulmar i underlaget. Om eg skal titulere han for visesongar eller rockepoet, eller eit eller ant anna i den lei har eg ikkje bestemt meg for. Og kjem heller ikkje til å bestemme meg for. Først og fremst er eg opptatt av at han er ein skapar av songar, reinspikka konvensjonelle songar, gode songar, der ei poetisk åre er ein vesentlig faktor.

Eg vakna i morgons
Og det eg tok på meg
Høvde perfekt for
Ein mann utan von


Ein Rapport Frå Eit Grensehotell altså. Ein stad der det finst rom og ei seng, men som ikkje er nokon blivande stad. Ein stad der einsemda har sjekka inn, men den slår seg ikkje til ro der, og kanskje er den der ikkje heilt åleine heller. Ja kanskje er det ei von der trass alt. Ein eller annan stad, og kanskje nærare enn ein skulle tru. Ja eg trur jaggu meg det. For når denne mannen utan von ligg der og leitar etter "varmen frå ein ikkjeeksisterande kropp" ja så er det ei kjensle som vert skildra, eit sakn, ikkje eit heilt og fullt liv. Vegen vidare går ikkje nødvendigvis til eit nytt grensehotell, eller inn i ei vedvarande mistrøystigheit, stundom er den frigjerande også.

Det er songen av jorda du høyrer
Eg veit det no, at du blir aldri mi
Stundom blir han spelt for døve øyrer
Stundom set han den som lyttar fri


Eit grensehotell kan nok også ha ein annan dimensjon. Ein meir konkret ein. I tittellåta er det også ein forhutla stad midt i ei krigssone. Befolka av diplomatar, "Guden for hemn og hat" og åtseletarar. Men også av dei som saknar, inkludert krigskorrespondenten sjølv. Mei krigstilstand, om enn i overført tyding, kan vel seiast å finne stad i låta Alle. Der det blir uttrykt både nasegrus beundring og djup forakt til ein og same person, ifrå "alle, absolutt alle". I ein tone som kan få tankane til å drive i retning av både diktatorar og casanovaer, men òg andre meir samvitsplaga menneske.

Somme har eit embete,
Somme har ei gate eller ei bod.
Somme, dei har songane
Som dei skreiv med sitt eige blod
Eg vakna i dag tidleg
Og kjende at eg fraus.
Det går mot haust.


Songen heiter Haust, og er ein countrysong, ein av desse enkle som ikkje prøver å materialisere seg inn i noko større. Og slik kanskje set sterkare spor enn dei fleste, med buktande orgeltonar og ein melodi og lene seg inntil. Ein annan stad på plata vert det sunge vemodsvakkert om ho han ynskjer "like til mi dør, slik du gjorde før, då himmelen var blå". I Vel Av Garde blir det varleg ymta frampå om at det å dra ikkje nødvendigvis er synonymt med å reise bort. Og i Hud mot Hud blir det mimra om fortids intimitet blant ein stabel med bøker. Når eg tenker meg om (og det ikkje særlig lenge) kunne eg nok funne godord å seie om alle songane her. For det er slik plate, det er det.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo