cover

Playground

Lucian Ban & Asymmetry

CD (2005) - Jazzaway / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Jazz

Stiler:
Akustisk jazz / Frijazz / Improvisasjon

Spor:
Hieroglyphics
Gentle Shifts Rain
Playground
Symmetry
For Giuffre
Travlin' With Ra
Silence
Go For It!
Asymmetry

Referanser:
John Coltrane
Ornette Coleman
Alex Harding & Blutopia

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Bismak av rutine

NYC-jazz med dårleg utnytta potensial.

Lucian Ban har fem plater bak seg og ein pris for beste europeiske jazzartist. Han har gitt ut ein handfull komposisjonar for film, teater og ballett samt komponert eit opningsstykke for Super Bowl. Det vitnar om allsidigheit, om ikkje anna. Så når han spelar med tre av dei dyktigaste musikarane i New York, kunne ein kanskje forvente seg litt magi.

Men akk, nei. Er det ein stad i heile verden det er ikkje nok å berre vere flink, så er det i musikk. Det er nok av dei som har pugga skalaer, akkordar og polyrytmiske kuriositetar og bles alt ut utan mål og meining (utan at namn skal nemnast). For du kan spele til krampa tek deg viss du ikkje har ein visjon om å formidle noko meir enn lærebokjazz. No skal ikkje dette bli eit korstog mot flinkis-jazz, og det er, takk Gud, ikkje det einaste inntrykket eg sit igjen med etter Lucian Ban har gjort seg ferdig i cd-spelaren.

For Ban er ikkje, som tidlegare nemnt, heilt framand med komposisjonssnekring. Og det er i første rekke melodiane som utmerkar seg. Etter første frase i Hieroglyphics er det noko som fengar. Noko som minnar om Ornette Coleman, Anders Aarum og Thelonious Monk. Det same om den vakre balladen Gentle Shifts Rain. Jorge Sylvester på altsax spelar tendert og lyrisk og kompet ligg ventande bakom; uhyrleg sakte.

Utanom Ban og Sylvester, er Brad Jones med på bass og Derrek Phillips på trommer. Desse har tidlegare vore i kontakt med blant andre Elvin Jones, Ornette Coleman, Joshua Redman og Ronny Jordan for å nemne nokon. Og det er eit retteleg fornøyeleg samspel ein høyrer desse to imellom. Dei driv heile skuta framover utan å stille seg ved roret, for å bruke ein maritim metafor. Men likevel kan det høyrast ut som om det går på rutinen og ikkje det spontane ein ofte traktar etter.

Tittelsporet er underteikna Sylvester og er i saxtrio-format, altså utan Ban. Elles på plata er det to piano/sax-duettar, medan resten er i kvartett. Eit høgdepunkt kjem i den høgoktanerte Go For It!. Det er og det einaste høgdepunktet. Sjølv om det er flotte individuelle soli, stor variasjon i uttrykk og mange smånikk til jazzheltar som Coltrane og Coleman, gjev det ikkje gåsehud og tommel-opp-vibbar. Heller eit trekk med skuldrene og eit "greitt nok".

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Philip Kane - Time: Gentlemen

(Corrupt)

Ein mystisk herre frå London, med stor stemme, poetisk brodd og fertile tonar.

Flere:

Fleet Foxes - Fleet Foxes
Mathias Stubø - 1979