cover

Transfigured Night

Transfigured Night

CD (2013) - Byström Records / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Country / Folk / Americana

Spor:
Hey Mr. Bartender
Madness
Time Watch Over
Postman Cheval
Losing Parade
Human Nail Soup
Voice Of Burden
Coming Down
After The Flood
White Wood

Referanser:
Midnight Choir
Al DeLoner
Chris & Carla
Cowboy Junkies
Hem
Over the Rhine

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Endå ei natt

Al DeLoner går nok ein gong inn i natta. Denne gongen saman med ei kvinne. Men tonen er kjent, og velkomen.

Ifylgje låtskrivaren så skal det vere ein by "across the border" der dei sel "pain without a rest". Du skal visstnok vere velkomen dit, men bør då ha i mente at "death alone will pass the test". Så det er kanskje ikkje dit vi skal? "Voice of burden, voice of burden, sing a song for me" ber songaren, Rikke Knudsen, i songens audmjuke refreng. Tonar frå ein elektrisk gitar kryp listig rundt henne. Ein trompet kjem heim frå ein tur på byen. Dunkelt krypande folkrock møter blå jazz. Natta er på det svartaste, men den har luft i seg, det har den. Al DeLoner lener seg tilbake, han har vore her før, og det langt meir enn ein gong.

Han var her med eit midnattskor ein gong. Med songar som høyrde natta til. Etter fem plater var det ikkje noko kor att, berre nokre einsame menn. Al DeLoner la gitaren over aksla og gjekk vidare. Ikkje så langt, ein kunne høyre resonansen frå koret i det han byrja skapa. Nokså åleine. Så åleine at han song songane sine sjølv. Etter fem plater på det viset er det ikkje lenger slik. Han har slått seg saman med ei kvinne. Ho, Rikke Knudsen, syng songane no. Ja ikkje berre det, ho har vore med å komponere dei også.

Dei to kallar seg Transfigured Night (etter eit tonedikt av Arnold Schönberg). Det synst eg absolutt dei skal gjere, men eg opplever det ikkje som at dei forvandlar natta på dramatisk vis. Eg opplever det som at resonansen er der framleis, frå koret, frå natta. For der deLoner er, der blir visst tonen slik som dette. Og det er jo heilt greitt. Andre kan ta seg av sine netter. Han må få ta seg av si, saman med si kvinne. Det har blitt ei natt verd å stige inn i. Med sin dose av galskap, begjær, einsemd og draumar.

"Why don't you go create your own dream" spør kvinna, i songen som har sitt namn etter den franske postmannen Cheval. Mannen som fekk steinane til å synge i hop, og over ein trettiårsperiode bygde sitt Palais Idéal. Gitaren til DeLoner remjar og jublar som ein frifant i ein midnattsdans, i ein krypande intens, luftig og vakker song som prisar fridomen og den sjølvstendige tanke.

Men draumar kan også vere diffuse saker. "My dreams are cloudy, I can't see them no more" vert det uttalt i songen som vender seg til bartenderen. Den vender seg også til låtskrivaren. For dei kan ha ein ting til felles, bartenderen og låtskrivaren. Dei kan begge bli nytta som sjelesørgjarar. Noko fleire av individa i desse songane godt kan vere i behov av. "I'm going in and out of madness" hevdar hovudpersonen i platas røffast rockande nummer, oppbrotslåta Madness. "I threw all caution to the wind babe, said my prayers underground" vert det oppgitt formidla i det vemodsfulle countryrocknummeret Coming Down.

Slik er tonen her. Og natta går. Den gamle heidersmannen Phill Brown (Talk Talk) har hjelpt til med produksjonen. Den er god. Kvar spelte tone blir gitt plass. Slik natta har gjort seg fortent til. Eg tenker stundom at Transfigured Night er gode og nære slektningar av Walkabouts-paret Chris & Carla. Og at det no er altfor lenge sidan eg høyrte Life Full of Holes. Det skal eg sjølvsagt rette på. Vil berre først nemne at DeLoner og hans kvinne og deira medhjelparar også byr på den varme og gode, og alvorlig attraktive countrysongen Time Watch Over. Eg spelar først den tenker eg, og så får eg sjå kva det blir til. Det kunne jo gjort seg med ein tur til med Postman Cheval, og så var det den der Voice of Burden då …. "sing a song for me".

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo