cover

La Hammaren Slå

Pakkers

CD (2010) - Slagerfabrikken / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Vise / Folkrock / Blues / Folk

Spor:
La Hammaren Slå
Tigerstad
Snus & Bensin
Kvite Sjø
Jorda
Lykkehjulet
Blåe Tonars Fjell
Folkemusikkhalvtimen
Kjøre Du
Riv & Slit
Strie Strømmar

Referanser:
Vestlandsfanden
Vamp
Bergen Mandolinband
Hellbillies

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Pakket frå vest

Barske viser dynka i saltvatn, trøbbel og blues.

Dei pleidde kalle seg Matpackers. Dei spelte og song og laga plater. Dei song på språket dei lærte seg der dei vaks opp, i Vindafjord utanfor Haugesund. No kallar dei seg ikkje Matpackers lenger. Berre Pakkers får halde har dei funne ut. Men den rotekta og lokalfunderte tilnærminga til musikken som var deira vesen, har dei ikkje gjort nokon endringar i.

Eg har på ingen måte fått med meg alt dei har presentert av tonar før, men eg har ei kjensle av at dei på ingen måte slakkar på draget her på La Hammaren Slå. Verken når det kjem til deira språklige rett på sak poetiske avlevering, eller deira melodiske friskleik. Det er dugelig nok av slikt her. Langt meir enn underteikna meinar å finne hos geografiske og tildels sjangermessige naboar som Vamp og Vestlandsfanden.

Sveinung Bjelland heiter mannen som syng. Han har ikkje ei røyst ein søkjer om opptak i Sølvguttene med. Han har ei røyst som godt kan ha vore gjennom nokre sjøslag. Han går aldri likegyldig til verket. Han gjer krav på songen. Eit krav hans kompanjongar på mang slags strenger, slagverk og tangentar også vil vere med å signere. I lag vert dei eit folkrockband der bluesen, sjømannsvisa og andre viser dannar den sentrale posisjonen.

Fyr opp gamle rubben og gi fudle sjeker frå land
Han skal holda denne siste turen
I Vindafjorden der e det god plass for sånn
Me søkk han med andakt og skikkelige song


Sjøen, fjorden, og farkostane som blir nytta til å komme seg fram i det våte element er noko kvintetten stadig kjem tilbake til. Utan at dei sjøsjuke eller asfaltbotne av oss skal tenke at dette er komplett irrelevant av den grunn. Dei festar stoffet sitt i noko dei fleste nok vil kjenne att. Dei er slett ikkje heilt framande for å dra ein trall om våte tilstander på det meir innabordske plan. Eller om livets motvindar, regnbyer, og for den saks skyld sommarstunder.

Eller om heimlengselen. Hos ein som har brent seg noko skikkelig. Då er ikkje prisen på ein drosjetur noko ein gjer ei grundig vurdering av, sjølv om milene heim knapt kan teljast på to hender. Kjøre Du? "Kjør meg heim du Skeie, kjøre du meg heim te Øystese?". Heim vil ikkje fyren i Snus & Bensin. Han vil til Haugesund, for å spela. Og ha med seg dama på Shellstasjonen. Han lyt berre kosta og sveitta nokre timar på jobben først. Men så var det denne forbaska sjefen då, og hans noko frilyndte tilhøve til overtidsarbeid.

Eit særdeles hardtslåande inntrykk gjer tittelkuttet. Ein barsk og melodisk blues som luktar både diesel og spillolja, og har ein el-gitar i hardt arbeid, og ei munnharpe i godlune. Særlig til godlune er det ikkje å oppdage i Riv & Slit. Ein svartkledd folkblues der fela og døden har framtredande roller. Døden er vel ikkje ein heilt fjern realitet i den dramatisk gyngande visa Kvite Sjø heller. Men vegen mot havariet kan då i alle fall fyllast med song:

Eg såg perler i panner
Perler i hender
Eg såg angst, eg såg fryd, eg såg alt
Me song - me song ombord
Med 16 knopps fart i mot land


Med songar som dette blir det ikkje havari. Songar som dette finn ei hamn dei, både her og der.

comments powered by Disqus

 



Tor Magnus Toresen
2010-06-12Detta va jo nynorsk prosa på høgt plan

Kan fortelja at suksessen dei opplever nå, er meir fortjent enn dei fleste anar. For meir slit og tunge spelejobbar(utan bærehjelp) på allslags rampebuler har vel ingen i dette landet hatt. Og alle dei tidligare utgivelsane og øvinga som ligg bak, kan ein lett forestilla seg.Endelig har dei funne ein inn(Packning) som vil gi det publikumet dei fortjener. Berre få endå fleire i dei rette posisjonane til å prioritera dokke øverst, noke som skulle skjedd for lenge sidan. For det er ikkje første gongen dokke har fått høge terningkast i Riksavisene. Haugesunds Avis som er Avisa for Haugalandet og øyane og dalstroka rundt har nesten hatt som politikk å gi lave terningkast, noko som seier meir om anmeldarane enn Packers. Nei "Go to Oslo" og deretter.....

Underteikna er gammal bekjent som har fylgt guttane frå den fyrste tonen.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo