cover

Post to Wire

Richmond Fontaine

CD (2003) - El Cortez

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Countryrock / Folkrock / Country

Spor:
The Longer You Wait
Barely Losing
Montgomery Park
(Walters on the Lam)
Through
(Postcard from California)
Two Broken Hearts
Hallway
(Postcard written with a broken hand)
Post to Wire
Polaroid
Always on the Ride
(Postcard postmarked Phoenix, Az.)
Allison Johnson
Willamette
Valediction

Referanser:
Uncle Tupelo
Whiskeytown
The Replacements

Vis flere data

Se også:
Winnemucca - Richmond Fontaine (2002)
Winnemucca - Richmond Fontaine (2002)
The Fitzgerald - Richmond Fontaine (2005)
We Used to Think the Freeway Sounded Like a River - Richmond Fontaine (2009)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Rapport frå livet

Dei er ømme, dei er eksplosive og dei fortel skarpsindige historier frå den amerikanske sidelinja.

Langt borte frå tonepyntarane og lydakklimatisererane sin verden går livet stadig sin skeive gang. Eit band som manar fram inspirerte tonar frå denne delen av musikk-kartet er Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine. Utan den store halloien er dei i desse dagar klar med sin femte utgjeving sidan starten i 1996. Plata med tittelen Post To Wire gjer det klart og tydelig at vi her har å gjere med eit band som har så vel skarpsindige ord som tonar på programmet. På ein sti like i nærleiken av countryrock terrenget Uncle Tupelo, Jayhawks (Mark Olson-æra) og Whiskeytown vandra rundt i på 90-talet har dei funne eit åpent lende der så vel sår akustikk som truande ørkenvind og råbarka gitar overhalingar for lov å gjere seg gjeldande. Ein plass der også melodi-snittet til gamle heltar som Paul Westerberg (The Replacements) og Grant Hart (Hüsker Dü) gror.

Frå første skeive tone i slacker-country saken The Longer You Wait til siste vemodsfulle steelgitar-tone legg seg til ro i den avsluttande instrumentalen Valediction er det få dødpunkter, og desto fleire saliggjerande stunder. Dermed lever dei opp til kva albumtittelen lovar, Post to Wire er nemlig eit uttrykk henta frå hestesporten som betyr noko sånt som å ha grepet frå start til mål.

Albumet sine skjøre og uforedla melodilinjer har i seg sjølv flust med kvalitetar, likevel er det når vi kjem til orda, som frontmann Willy Vlautin så kyndig har planta i hop med desse tonane, Richmond Fontaine verkelig vekker interesse. Desse nedstrippa historiane frå den amerikanske sidelinja er gjort av ein mann med evna til å skape rike bilder utav eit stramt ordbudsjett. Ja, det er langt frå dagligdags å oppleve sangtekstar der det foregår så mykje mellom linjene og bak tonane som det gjer hos Vlautin. Han har då også i tillegg til sitt virke i Richmond Fontaine prøvd seg som novelleforfattar, og har lest sin Charles Bukowski, Raymond Carver og Denis Johnson meir enn ein gong.

Coveret er pryda med eit bilde av ei tilårskommen og vaklevoren campingvogn i eit goldt landskap. På den eine veggen er følgande budskap å lese; "This is the land of broken dreams". Og ja, vi møter mange tragiske skjebner her, som har fått draumane knust og lovnader ofra på gløymselen sitt alter. Noko Vaultin klarer å handtere utan å fortape seg i sentimentale løysningar, ja i ein del samanhengar klarer han til og med å så håp der ein kanskje skulle tru slikt var visna og vraka. Som i den nydelige folkrock-låta Polaroid. Her møter vi to einsame barn på bar-besøk på leiting etter sin far, ultratrist altså, men eit polaroidbilde og litt empati gjer det heile plutselig litt meir levelig, så; "Not everyone lives their life alone, not everyone gives up or is beaten or robbed or always stoned, Not everyone". Deborah Kelly (frå Damnations) er med og korar på denne. På tittelkuttet har ho fått ei duett-oppgåve å skjøtte. Noko ho gjer med glans, i ein to minuttar lang countryrock fulltreffar om forsoning og nye sjansar. Von om ei lys framtid har også friaren i Allison Johnson, men det strykar-dominerte og dystre tonefølget ber kanskje bud om at nett det ikkje er så sikkert. Den nennsomme og såre Two Broken Hearts, presenterer på si side ein teori om at "two broken hearts together, might not be broken". Medan viltre, melodi-smarte, og temmelig svarte Montgomery Park har sine tydelige spor til før nevnte Westerberg og Hart. Innimellom får vi også resitert nokre brev frå ein Walter, som betaler konsekvensane av ein urett han har gjort overfor sine nærmaste.

Mot slutten kjem så albumet sitt mest marerittaktige tilfelle, den åtte minuttar lange elektriske og demoniske Villamette. Der folk-tonar møter dyster blues i ein klassisk sørstats inspirert historie, med ein viss likskap til Saabye Christensen sin roman Halvbroren. Om eldstebroren som forlet mora og sin yngre bror, om den mystiske Jackson, om broren som vender tilbake med fortellingar frå den vide verda, for så berre å fordufte på nytt. Ja, ein kan dikte ein heil roman mellom linjene her. Ein uhyggelig ein.

Navnet var Richmond Fontaine, og er definitivt blant dei mest oppegåande country-infiserte rocke-tiltaka i dagens musikkbilde.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo