cover

Ohio

Over the Rhine

2 x CD (2003) - Back Porch / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Countryrock / Country / Folkpop

Spor:
B.P.D.
What I'll Remember Most
Show Me
Jesus In New Orleans
Ohio
Suitcase
Anything At All
Professional Daydreamer
Lifelong Fling
Changes Come


Long Lost Brother
She
Nobody Number One
Cruel and Pretty
Remind Us
How Long Have You Been Stoned
When You Say Love
Fool
Hometown Boy
Bothered
Idea #21 (Not Too Long)

Referanser:
Maria McKee
10 000 Maniacs
Shelby Lynne
Stevie Nicks
Joni Mitchell

Vis flere data

Se også:
The Trumpet Child - Over the Rhine (2007)
Snow Angels - Over the Rhine (2007)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


In the backstreets of heaven

Skånsom mentalhygiene i eit dust americana landskap.

Himmel og helvete. To motstridande dimensjonar det har blitt sunge mang ein sang om. Vi kjenner godt dei tilsynelatande overbeviste, enten dei kallar seg kristne eller for den saks skyld satanistar, fascinerande ord og tonar har dei sjeldan på programmet. Nei, då er det langt meir å hente hos tvilarane, dei som i det eine øyeblikk tilber, i neste spottar, dei syndar og dei angrar, jublar og fortvilar. Frå dette hjørnet dukkar det rett som det er opp blendande førestellingar i ulike musikalske drakter. Lista er lang, men Little Richard, Al Green, Solomon Burke, Johnny Cash, Bob Dylan, T-Bone Burnett, Maria McKee er nokre av navna som har levert både lovprisande hymner og hatsk blues herifrå.

Duoen Karin Bergquist og Linford Detweiler har her på sin tiende utgjeving under signaturen Over the Rhine, også sin forsyning med utfall og innfall henta frå det åndelige hjørnet. Og då snakkar vi sjølvsagt om det ambivalente hjørnet til Cash og hans frendar. I den uimotståelige og langsomt huskande honkytonk-affæren Jesus In New Orleans fortel den Bloody Mary-drikkande hovedpersonen om eit barbesøk der denne mykje hylla fyren dukkar opp. Om det er lett animerte fantasier eller sterk tru som ligg bak er egentlig underordna. For her er det først og fremst kjærleik i møte med eigen avmakt som blir illustrert; "He's still my favorite loser, falling for the entire human race". Den inderlige soul-balladen Changes Come er på si side eit fortvila rop og ei inderlig bøn til den samme Jesus om å komme for å "turn the world around" for "this ol' world's too fucked up". Når så Karin blir åleine med pianoet i Remind Us stiller ho spørsmål med om ikkje Gud berre er noko vi brukar for å fremme vår eiga sak. Og som ein gøymt liten sang heilt til slutt dukkar Idea #21 (Not Too Long) opp, eit friskt gospelnummer om fred, forsoning og ein betre verden.

Over the Rhine er imidlertid mykje meir enn åndelige funderingar. Dei er eit skånsomt forpleiande orkester som også kretsar rundt temaer som sakn, lidenskap, overgrep og dagdraumar, der instrument som akustisk gitar, steel gitar, hammond orgel og ikkje minst piano får lov å være dei berande elementa i lydbildet. Ganske så dristig har dei valgt å tilby oss samtlige sangar frå innspelingane, og resultatet er eit 21 låtar og drøyt 90 minuttar langt dobbeltalbum. Det går nok an å finne nokre spor ein kunne levd forutan, men her er ikkje verre feilskjær enn at dobbeltalbumidéen er veldig lett å fordøye.

Eg nevnte Maria McKee lenger oppe i teksten, og det er fleire av spora på Ohio som bringer tankane mine i retning av denne dama sin strålande eigentitulerte solodebut frå 1989. I tillegg til at Karin Bergquist har ein viss stemmelikskap med McKee, er Over the Rhine sin blanding av soul, folk, country og pop ganske identisk med det som var Maria McKee sitt prosjekt for snart 15 år sidan. Slik går dei også i salige Gram Parsons sine fotspor og gjer sin variant av The Cosmic American Music. Ja faktisk har dei ein sang med samme tittel som ein av Parsons sine aller finaste øyeblikk, og Over the Rhine sin She gjer ikkje skam på tittelen. Den er ein nydelig ballade med eit popfikst refreng, som tar føre seg eit alvorlig tema; den voldelige mannen og hans offer. Useieleg vakker er også den lengtande countrysoul balladen Long Lost Brother. Medan religiøse ytringar av det ganske så raffinerte slaget får vi servert i den jazzige countrysaken Cruel and Pretty; "Meet me in the backstreets of heaven". Ja sannelig om det ikkje er nett der, i ei røykfullt kneipe, Over the Rhine kjem til å være eit fast innslag eingong. Eg trur faktisk eg godt kunne tenkt meg å være der eg og.

comments powered by Disqus

 



Øyvind
2004-01-17En av fjorårets beste!

Må bare få anbefale denne plata til alle som liker stemningsfull, melodiøs og melankolsk countryrock! Lydbildet og vokal kunne knapt vært bedre. Den fortjener minst EN trekant til på grooves skala, synes nå jeg.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo