cover

Dressed Up for the Letdown

Richard Swift

CD (2006) - Secretly Canadian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Rock / Poprock / Psykedelia / Vaudeville

Spor:
Dressed Up For the Letdown
The Songs of National Freedom
Most of What I Know
Buildings in America
Artist & Repertoire
Kisses for the Misses
P.S. It All Falls Down
Ballad of You Know Who
The Million Dollar Baby
The Opening Band

Referanser:
Ed Harcourt
Rufus Wainwright
Brian Wilson
The Beatles
The Kinks
Harry Nilsson

Vis flere data

Se også:
The Novelist - Richard Swift (2003)
The Richard Swift Collection Volume One - Richard Swift (2005)
As Onasis I & II - Richard Swift (2008)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Fantastisk umoderne

Velkledde og idérike songar om nasjonal fridom, bygningar i Amerika, det grimme artistlivet og ein heil del lost and sorrow.

Det er mang slags tonar som får det for seg at dei skal danse rundt oppi skallen på ein stakkar. Nokre så djupt irriterande at ein kan finne på å kaste seg ut i dei mest halsbrekkande øvingar i eit forsøk på å kvitte seg med dei. Andre ynskjer ein derimot hjartelig velkomen og deggar og steller riktig så fint for. Det finst dei som krev sin plass der oppe eine og aleine på grunn av sitt melodiske vesen (eller uvesen). Det finst dei som er vanskelig å neglisjere fordi dei har noko fiffig eller tankevekkande å melde. Dette vesle refrenget har det meste:

"I wish I was dead, most of the time,
but I don't really mean it, no"

Svartsyn og naiv uskyld slår armane kring kvarandre akkompagnert av nokre høgpotente tonekombinasjonar som har vore klare for innhausting sånn cirka sidan The Beatles fant opp ein og annan essensiell poptone for drygt førti år sidan. Utan at det smakar overmodent av den grunn, langt ifrå. Låta heiter forresten The Million Dollar Baby og er blant høgdepunkta på Dressed Up for the Letdown, Richard Swift sitt tredje framstøyt i innspelt format. Denne gongen spanderer han heile 36 minuttar med melodisk velkledd og idérik popmusikk på lyttaren, mot nøyaktig halvtimen på debuten Walking Without Efforts, og berre tjue minuttar på minikonseptet The Novelist. Det er i alle fall ikkje for mykje.

Dressed Up for the Letdown er nemlig unge Swift si beste plate.

Du har sikkert skjønt det allereie, men det er eit solid strøk av nostalgi å spore hos Swift. Som eit nikk mot den gode gamle vinyltida deler han albuma sine opp i A og B sider. Medan tonane han skaper nesten kan framkalle førestellingar om eit kreativt sekstitals-møte mellom Brian Wilson, Harry Nilsson og Ray Davies. Noko det altså ikkje er. For denne 29 åringen frå California har gjort det aller meste på plata ganske så aleine han.

Innspelingsmedhjelpar Elijah Thomson spelar bass på ei handfull av låtane, Frank Lenz trommar på ei låt, Matt Fronke stikk innom med flygelhornet sitt litt her og der, og ein strykartrio kjem på vitjing ved eit par høve. Resten er det Swift som gjer sjølv. Og det er ikkje så lite. For sjølv om lydbildet aldri esar seg ut i dei vidstrakte former, så blir det utført ein heil del subtile lydfintar og elegante innspel. Ja, nett sånne små fikse detaljar som løftar ei låt frå det fine men konvensjonelle og over mot eit meir handlingsmetta og eigenarta mønster.

Driftig klikketi-klapping dyttar dei sakte flytande melodilinjene i det innleiande tittelsporet framover, før blå flugelhorntonar går i varleg nærkamp med den leduge rytmikken i siste fase. Med eit håpefullt "I feel alive, I feel alive, like I could live for the first time", og litt nennsam psykedelisk krydring melder The Songs of National Freedom seg på. Bak ryggen på den smyg så Most of What I Know seg inn i fokus i langsame former. Den opnar med eit pessimistiske sukk; "sad to hear the world collapsing", før pulsen nokre linjer seinare byrjar å slå langt hissigare idet songaren kjem i hug at "your love will keep my heart alive". Det var dei tre første låtane, og enda betre skal det bli.

Det er ikkje lagt ved noko tekstark, men vokalen til Swift er relativt tydelig og langt framme i lydbildet så det meste går an å oppfatte. Stort sett kretsar han rundt desse mykje omtala og stadig tilbakevendande mellommenneskelige basketaka. Det gjer han i ei form som både tar opp i seg velbrukte fraser og sjølvlaga vendingar. Noko er greitt å forstå, men langt meir har dobbelbotn og opptrer i gåtefulle former, og kjem derfor aldri til å bli heilt oppklara. I våre post 11. september-tider sender låt-tittelen Buildings in America tankane ganske så sporenstreks i retning av to vaklande tårn. Når det så inni songen dukkar opp tekstlinjer som...:

"You're a plane crash with a pipe dream, Ruby Tuesday with a broke wing, please don't cry like buildings in America..."

...blir vel ikkje denne tanken akkurat svekka. Like fullt, eg lurer på om ikkje desse linjene kanskje heller er meint som smertelige metaforar i skildringa av ei kjærleiksaffære på veg mot ruin. Eg seier kanskje, fordi dette her kan absolutt tolkast i terrorist-retning også:

"I cut your name from your mother's heart,
I won't be late and I won't be caught,
I'm trying not to be someone to love,
Didn't mean to bleed, but it's so damn tough,
I played your heart, but I broke two strings,
Jesus Christ you lovely thing."

Eg trur nok det er Buildings in America som er favoritten min ja. Opplegget er ei pågåande og nesten klaustrofobisk melodiføring, der arrangementet startar i tynne trommemaskin-borne former, for så å grave seg inn i meir larmande og uoversiktlege omgjevnader etterkvart. Heile affæren gjer meg faktisk visse assosiasjonar i retning Wilco-låtane Jesus, Etc. og I Am Trying to Break Your Heart.

Swift sitt førre framstøyt var sterkt inspirert av 30-talets vaudeville-stil. Han har ikkje heilt lagt dette frå seg her heller. Spretne og truskyldige Kisses For the Misses har absolutt litt av det, og det same gjeld balladen Artist & Repertoire. I sistnemnte viser forresten Swift at han har humor både av det sjølvironiske og svarte slaget. Låta startar med fylgjande ytring frå ein fyr i plateselskapet: "Sorry mr. Swift but there's no radio that like's to play your songs of lost and sorrow". Mot slutten sit så hovudpersonen der med svett panne og tom bankkonto; "got a wife and kids and a gun to my head".

Pianoet er det berande element i over halvparten av låtane. Som eit nesten litt lystig og trillande motstykke til eit sorgtungt og hardt ramma hjerte i P.S. It All Falls Down, eller med djupt mollstemte akkordar i den angerfulle og strykar-nedstemte Ballad of You Know Who.

Til slutt legg han så gitaren i fanget og drar ei kort lita ode til det ugjestmilde livet som opningsband. Kanskje er det sjølvopplevde hendingar som ligg til grunn? Swift har i alle fall ikkje nådd ut til det store publikummet ennå. Du kan avgjort gjere verre investeringar enn ei som vil rette litt opp i nett det.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo