cover

MCII

Mikal Cronin

CD (2013) - Merge / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Powerpop / Poprock / Folkrock

Spor:
Weight
Shout It Out
Am I Wrong
See It My Way
Peace of Mind
Change
I'm Done Running From You
Don't Let Me Go
Turn Away
Piano Mantra

Referanser:
The Beatles
Big Star
Teenage Fanclub
The Posies
Matthew Sweet
The Lemonheads
Fountains of Wayne
Velvet Crush
Brendan Benson

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Popkraft

Det er power i den melodisk velorienterte poptonen til Cronin.

Den beatleske poptonen tar aldri slutt. Den er for god til det. Ein av dei som gjer sitt vesle bidrag til å halde den i live er Mikal Cronin frå San Francisco. Med songar eg drar kjensel på, men aldri før har høyrt. Songane er ikkje spesielle, men denne Cronin veit korleis han skal få dei til å fungere. Til å bli relevante. Til å leve. Derfor funderar eg over om dei er litt spesielle likevel. Spesielt gode er dei i alle fall.

Den beatleske poptonen har blitt drapert i ulike soniske former gjennom åra. Mikael Cronin lar tidvis ei elektrisk gitarbølgje av nesten tsunamiske dimensjonar skylle innover den. Power pop, altså. Om lag slik eg kan minnast dei gjorde det på nittitalet. Frå Teenage Fanclub til Matthew Sweet til The Posies til ganske så mange fleir. Slikt kan ein jo gjere i 2013 også synst Mikal Cronin. Og eg.

Innimellom spelar Mikal Cronin bassgitar med Ty Segall. Tilbake i 2009 spelte dei to inn mini-lp'en Reverse Shark Attack, som duo. Ein oppfuzza og ganske så garasjelarmande sak. To år seinare forsynte Cronin også sin albumdebut som soloartist med dugande mengder fuzz og ståk. Ei plate eg i dag opplever gjer til kjenne ein ung mann full av påfunn, og litt i villreie over kva retning han skal ta. Så han tar fleire, og rotar opp ein og annan god låt undervegs. Hans andre plate er i grunn ei ganske så annleis greie.

MCII er ei meir samla og kongruent affære. Alle dei ti låtane høyrer til i det nemnte beatleske popbildet. Det velsigna er at dei ikkje blir borte i dette bildet. Dei har nok melodisk kraft og poppoetisk nerve til å skine gjennom. Sånn cirka utan unntak, frå den heilage starten kalla Weight til den kontemplative avslutninga Piano Mantra.

Gitaren er det sentrale verktøyet men slett ikkje det einaste. Multiinstrumentalisten Mikal Cronin handterar sjølv dei fleste som er i bruk her. Det mest markante unntaket er vel ein fiolinist/bratsjist han har leigt inn på fire av spora (gitarsoloen som Ty Segall effektuerar på to av låtane antar eg at Cronin sikkert kunne tatt seg av sjølv). Lys og skygge kan Cronin også eit og anna om, og snor seg mellom det modifiserte og det forvrengte i låt etter låt.

Cronin slår an tonen ved pianoet, gitar og komp fylgjer på, og Weight er i gang. Det handlar om å være over den aller første ungdom, og å kjenne seg usikker på kor det ber i veg no. Noko som vel kan seiast å vere eit gjennomgangstema på plata. "I'm not ready for the second wave" syng vår mann. Og så skal han inn i refrenget. Det gjer han på utsøkt popfinessevis. Alt stilnar hen, Cronin går i falsett – "no be bolder, golden light for miles". Og så, så eksploderer det i skingrande elektrisk gitarføring – "sing for love in colder portions of my mind". Ay, ay, ay, det er poplåta si det.

Det finst nokre til: Shout It Out, eit stykke sjølvransakande open/tett powerpop – "I'm pretty good at making things harder to see, and turning problems back to me". Deretter, Am I Wrong, både forvridd og harmonisk, pågåande og elskverdig, og med eit effektivt refreng – "Am I wrong? I don't think so". Seinare, Turn Away, ein riffrøff sak som formulerer ein viss angst for både å miste det ein er og å omfamne det ein ikkje veit kva er – "I know that a different place won't put my troubles on a different mind". Og så Change då. Platas sprelskaste minuttar. "Good god, just a little bit, just a little bit goes a long way" syng Cronin i eit frydefullt nakkehårreisande refreng. "Faith is just a lover I don't know, love is just an answer I don't know" avsluttar han det same refrenget med. Det er vellyst og melankoli i fullboren dynamisk popmundur.

Av og til er fuzzen heilt fråverande. I albumets sentrum dukkar det opp ein song eg er freista til å kalle countryrock. Peace Of Mind. Blant fiolintonar og generelt tjomslig instrumenthandtering reflekterer songaren kring gehalten i eit forhold, og avsluttar med det sentrale spørsmålet "is this love?". Eit anna (nesten) fuzzfritt nummer er det siste. Piano Mantra fortener namnet sitt. For her er det pianoet og det varlige som har si stund, og presenterer eit dugande håp i siste strofe – "Your open arms are giving me hope".

Mikal Cronin har visstnok nyleg fullført og bestått sin bachelorgrad i musikk. Med dette albumet tar han sin master i power pop, og består så det skingrar etter.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo