cover

Muchacho

Phosphorescent

CD (2013) - Dead Oceans / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Americana

Spor:
Sun Arise (An Invocation, An Introduction)
Song For Zula
Ride On / Right On
Terror In The Canyons (The Wounded Master)
A Charm / A Blade
Muchacho's Tune
A New Anhedonia
The Quotidian Beasts
Down To Go
Sun's Arising (A Koan, An Exit)

Referanser:
Bruce Springsteen
Bob Dylan
Leonard Cohen
Magnolia Electric Co.
Fleet Foxes
Damien Jurado
Bonnie Prince Billy
Castanets

Vis flere data

Se også:
A Hundred Times or More - Phosphorescent (2003)
The Weight of Flight - Phosphorescent (2004)
Pride - Phosphorescent (2007)
To Willie - Phosphorescent (2009)
Here's to Taking It Easy - Phosphorescent (2010)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Tungsinn og gullstøv

Mellom harmoniserte soloppgangar avdekkar det seg ein melankolsk, mangfaldig og medrivande seanse.

Sånn mot slutten av plata, i nest siste song, høyrer eg Matthew Houck synge "oh, you'll spin your heartache into gold". Eg tar like godt og stel den linja eg, for så i neste omgang å rette den mot opphavsmannen sjølv. "You'll spin heartache into gold, Matthew Houck". Noko du har gjort, for så vidt, i alle fall tidvis, på plate etter plate dei siste ti åra, men denne gongen sannelig meir fullkome enn nokon gong.

Houck seglar framleis, slik han har gjort alle desse ti åra, under fana Phosphorescent. Om enn ikkje, slik det ein gong var, ganske så åleine. Eit visst mannskap har han med seg. Ikkje eit så reint lite eit heller denne gongen. Cirka 10 i talet trur eg det må vere. Det er nå likevel aldri nokon tvil om kven som har grepet om spakane. Houck har, vanen tru, produsert, arrangert, miksa, og skrive låtane. På det mest mangfaldig utforma Phosphorescent-albumet til dags dato.

Here's To Taking It Easy kalla han si førre plate, og stilte opp ein særdeles smakfull parade av klassisk countryrock og anna vestkyst-snacks. Ei plate som fylgde i hælane på ein fin Willie Nelson-tributt, som igjen fylgde i hælane på Pride. Plata frå 2007 der Houck tok steget frå å vere ein trubadur til å male ut songane sine i eit meir oversanselig, og sakralt dirrande bilde, med lag på lag av eiga røyst. Til tider transeskapande.

Kva for ei av desse platene Muchacho minner mest om? Kanskje Pride, men den er ingen Pride. Den er ei meir produsert, fokusert, og jorda plate. Ei plate der Houck tek i bruk elektroniske lydkjelder på ein måte han ikkje har gjort før. Ei plate der han vitjar fengande poprefreng, og tar eit par skikkelig groovy tak. Sonisk sett er den kanskje fyrens lettast tilgjengelige. Utan at det har gått utover tonane sin levedyktigheit, eller Houck si evne og interesse for å skildre kjelkete mellommenneskelige tilhøve.

"Some say love is a burning thing" syng Houck. Og vi veit vel alle kven desse "some" er (eller var). Gjer vi ikkje? June Carter og Johnny Cash ja. Neste linje lyt då sjølvsagt bli "it makes a fiery ring". Men så er det at vår mann, Houck, drar inn eit anna erfaringsgrunnlag. Sitt eige. "Oh but I know love as a fading thing" klagar han, men nektar likevel å la seg overmanne av kvalane han kjenner velte rundt i seg. "You will not see me fall, nor see me struggle to stand" mannar han seg opp til å hevde, som ein krigar. Men pina er ein seigliva faen. Den slepp ikkje taket. Vår mann kjenner seg fanga. Og nesten verre; betrakta. Harmen veks. Så når songen kjem til sin ende er den ikkje heilt i mål. Den akk så vakkert titulerte songen Song For Zula. Med sine feleloop, symjande synth-tonar, sitt gnagande felespel, og stødig vandrande beat. Med sine fire stridfulle vers, sunge i eit avmålt stemmeleie, med dei karakteristiske ruska og tårene på stemmebandet. Når denne røysta til slutt manar fram linjene "You just stand there in the glass looking at me, but my heart is wild, and my bones are steam, and I could kill you with my bare hands if I was free" så er vi ikkje ved vegs ende. Det er berre ein song som er slutt. Song For Zula. Song nummer to.

Deretter vev plata seg innover på ulikt vis. Spesielt mykje lystigare blir den ikkje. Men den dristar seg til, ved eit par høve, å ta nokre raffinerte dansesteg. "Hej, you turn me right on" syng Houck, med eit funky beat i ryggen og melodisk popkraft i magen. Det siste der kan eg vel utan særlig risiko hevde at også finst i rikt monn når han, eit par nummer seinare, i oppskrudd interaksjon med ein blåsartrio, stemmer i med refrenglinjer som "there's a charm, there's a blade, there's a lot in the way". Og innimellom driv han opp sveitten med velplasserte "oohh" og "ouohh" og "uhh" og slikt. Det er nesten som eg mistenker at det går ein liten Prince igjennom han.

Eit par andre stader lurer eg på om Springsteen kan ha luska i bakgrunnen. Ein Springsteen anno Tunnel of Love, eller Nebraska kanskje. Vel, skadelig opplever eg det uansett ikkje. Det er ikkje overtydelig. Det berre er der, i nemnte Song For Zula, og når han plasserer seg i rolla som "The Wounded Master" i den emosjonelle Terror in the Canyons. Ved eit anna høve, i Muchacho's Tune, kan eg høyre eit subtilt ekko av Leonard Cohen's Bird On the Wire. Totalt uskadelig det også. Eg synke berre inn i songens nydelige country/mariachi tonelag og drar sombreroen nedafor synsranda.

Det har vore tider i livet til mangt eit menneske då det meste kan ha fortona seg som uuthaldelig, då sjølv ikkje musikken har hatt noko meining. Då svartsynet har tatt over kontrollen. Dit, ned i den tilstanden, beveger Houck seg i songen A New Anhedonia. Forpint syng han om "all of the colors I couldn't believe", om å vere "out in the moonlight on a half-bended knee", noko som til slutt fører han så langt ned at "all the music now are foreign to me". Tonen sirklar langsamt og heimsøkt over orda. Jason Molina står der bakom skuggane ein stad. Det gjer eit inderlig inntrykk.

Drygast er beistet, eller beista, eller meir nøyaktig The Quotidian Beasts (også kjent som The Familiar Attendants). Uansett, ei formidabel låt. Fire vers, ingen refreng eller bruer eller slikt, men du verden som det kokar mellom versa. Fire vers lada av brutalitet, sjukdom, spøkelse, sex og mystisk kjærleik. Ikkje så reint lite absurd framstilt. Stundom tenker eg at scena er ein badeanstalt, stundom tenker eg den er ei romsleg seng, stundom tenker eg den er ein Edgar Allan Poe historie. Stundom tenker eg den er alt det og meir til. Og så tenker eg det lever ein galskap i måten Houck syng det siste ordet i kvar av dei seksten tekstlinjene på. Då går han på ein måte ut av det melodiske, av hengslene, og slenger det frå seg i eit langt dirrande drag. Mellom kvar fjerde tekstlinje kjem bandet inn, med to elektriske gitarar, fullt batteri, knoklar og ramaskrik. Lukta av svidd fosfor har vel aldri vore sterkare på ei Phosphorescent-plate enn den er då.

Det håpefulle har ikkje dei beste kår på albumet. Men det finst to låtar som tar det i vare. Den som kjem først, og den som kjem til sist. Eller to, det er vel i grunn to versjonar av same låt. Sun Arise! og Sun's Arising. Den første med ei trillande synthlinje i sin midte, den andre med gitar og perkusjon. Begge hyllar soloppgangen, med harmonisert vokal i beste Fleet Foxes-stil. Berre sånn for å minne oss om at alt er ikkje fullstendig natt.

Etter kvart som vekene har tusla og gått byrjar Muchacho i grunnen meir og meir å minne meg om eit lite meisterverk. Plata har no overlevd både påsken, fleire kalde vårveker, og det førte regnskuret. Og det til trass for at eg har gjort verkelig iherdige forsøk på både å nagle den til veggen og spele den til døde. Utan altså å ha lukkast. Den er framleis like forbanna levande, framleis eit like pregnant og ryggradsitrande dykk ned i kjærleikslivets plundrete forfatning.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo