cover

Producers Politics Passion

Martin Hagfors

CD (2014) - Me / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Blues / Synth / Folkpop

Spor:
Kinky Lovers
Leaning To The Left
Athabasca
You've Been Replaced
Easily Distracted By Love
Smile Until It Hurts
Easy Come & Easy Go
Looking For An Island
Earl Is Gone
Miss Universe

Referanser:
Home Groan
HGH

Vis flere data

Se også:
Men and Flies - Martin Hagfors (2009)
I Like You - Martin Hagfors (2011)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Produsentprosjektet

Éin trubadur og ti produsentar finn tonen.

Eg har prøvd å høyre for meg Martin Hagfors åleine med ein akustisk gitar framføre songane på den siste plata si. Eg trur det er songar som kunne klart seg bra på den måten. Eg kan høyre han som ein arving etter Woody Guthrie synge om samtidas utfordringar, om klimakrise, global urett, og nærsynt egoisme. Eg kan høyre han synge "I'm leaning to the left, I'm leaning more and more, a lot harder than before, I'll keep leaning ‘til we lean right through these doors".

Men Hagfors er ikkje åleine, på ingen måte åleine. Han har vore såpass dristig at han har lagt ti av songane sine i famnen til ti andre norske musikarar. Frå Knut Schreiner til Jenny Hval. Dei fekk alle fridom til å produsere den mottekne låta slik dei måtte føle for. Resultatet er blitt til ti små stunder med songaren og produsenten (og kanskje ein musikar eller to til) der eg kan høyre at kjærleiken til songen er det sentrale. Der eg kan fornemme at produsentane føler for låtskrivaren og derfor aldri overdøyver signaturen hans. Derfor har dette også blitt ei plate som er meir kongruent enn den soniske avstanden mellom Knut Reiersrud og Susanna Wallumrød skulle tilseie.

Slik representerer altså ikkje plata eit gedigent skritt inn i andre sfærar for Martin Hagfors. I grunn fylgjer den frilyndt og elegant i fotspora til dei to førre platene hans. Dei Lars Horntveth-produserte Men and Flies og I Like You. Platene der han forlot (eller muligens berre tok ein midlertidig pause frå) folk/country-rock segmentet han i fleire år hadde operert i. To plater der songane dansa i eit popbilde med ulike grader av psykedeliske svingingar.

Popen er her denne gongen også. I alle fall i nokre av spora. I alle fall i det Knut Schreiner-produserte Easy Come & Easy Go. Ein mjuk westcoast-bris flyt gjennom låta, songaren syng om folks noko skortande evner til å lukte lunta, til å ane konsekvensen, og såleis fort endar opp "blind in the midst of love". Men blind er ikkje lyden som kjem frå produsenten sin gitar, den dansar energisk og godlynt i ei to minuttars vandring mot ein slutt. Meir pop finst i Easily Distracted By Love, men ikkje heilt den same popen. BigBang-bassist Nikolai Hængsle Eilertsen har blitt tildelt ansvaret for denne. Groovet er beint fram fabelaktig, elektroniske lydkjelder dominerer over gitaren, og tonen er catchy. Men den er også noko meir, noko anna, i sin andre halvdel. Der møtest jazzklangar og orgeldriv, og det kokar.

Eit snev av orgeltonar kan også høyrast i Cato Salsa-produserte You've Been Replaced. Ein song som i hovudsak blir bore fram av ein akustisk gitar. Ei lita pophymne med kvinnelig harmonisong, som ikkje får drive fredelig av garde heile tida, innimellom hamnar den nemlig utpå der dei urolege tonane regjerer. Og songaren syng om menneskeslekta sin noko ustabile, uforståelige og gløymske opptreden her på jorda. I ein tekst med finurlige og velformulerte bilde. Noko den ikkje er åleine om å ha. Noko eg nok kunne sagt om fleirtalet av songane på plata.

Eg kunne sagt det om Kinky Lovers. Der temaet er mennesket si innbarka evne til å søke kortsiktig nyting, og slik skade eigen og andre sin sjelefred, både i privat og global målestokk – "like kinky lovers we're losing sight, what feels like burning might be frostbite". Anne Lise Frøkedal har gitt låta eit yppig groove, listig elektronisk lydføring, og litt psykedelisk sitar.

Eg kunne sagt det om Looking for An Island. Ei klimakriselåt som ikkje snirklar og går omvegar men driv ganske så direkte i strupen på den menneskelige dårskap – "I'm looking for an island where it used to be, well it used to be just a spot on the sea, back when it used to be". Produsent Jenny Hval lar klangar danse lettbeint og naturleg kring songaren sine offensive vers og vemodsfarga refreng.

Ja eg kunne også sagt noko fint om låtane eg no ikkje har nemnt. For situasjonen er i grunn den at ein frisk idé har blitt til ei plate utan svake spor.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

god jobb, har lurt etter informasjon...
15.10.17 - 22:49

glad for å bli med i...
15.10.17 - 22:48

Hei, jeg har lurt etter denne...
15.10.17 - 22:46

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo