cover

Summer EP

The Colors Turned Red

CD-EP (2005) - Checkpoint Charlie / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Softrock / Powerpop

Spor:
New California
Summer Single
Fair Enough
Lyn

Referanser:
Pogo Pops
Popium
Wholy Martin

Vis flere data

Se også:
All the Way Up - The Colors Turned Red (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ein lett sommarbris frå vest

Bandet som forsvann for 16 år sidan kjem tilbake som ein poplett sommarbris.

Allereie før Haugesundskvintetten The Colors Turned Red albumdebuterte våren 1988 var det opplest og vedteke i norsk musikkpresse at plata skulle vere ein norsk popsensasjon. Som kjent har profetiar ein tendens til å verte sjølvoppfyllande. Så det tok ikkje lang tid ifrå plata hadde inntatt ulike musikkskribentar sine musikkanlegg til ravande omtalar nådde oss. I ei nær slekta transe gjekk så nokre tusen av oss straks av garde for å skaffe oss "tidenes beste norske plate på engelsk" (Kjetil Rolness, Nye Takter). For ein kunne jo ikkje gå glipp av "en debut-LP som setter en helt ny standard for hva pop bør være i Norge" (Torgrim Eggen, Beat).

Den første veka i selskap med LPen var ein sikker på at musikkpressa tala sant. Men når suggesjonskreftene kom litt på avstand byrja kvardagen å melde seg. Var nå dette så bra likevel? Det byrja snika seg inn ei ubehageleg kjensle av at dei fabelaktige poptonane eigentlig var litt kraftlause og kunstferdige. Låtane, The Big Balloon, Too Proud to Tell, ja dei fleste av Haakon Larsen sine komposisjonar var nok i utgangspunktet sydd saman i eit melodisterkt og smart popmønster, men det var noko med innpakkinga. Og hovudansvaret for at denne etterkvart skulle vise seg å ikkje yte låtane full rettferd låg hos den danske produsenten Robert Falcao. Ein kar som hadde forelska seg i siste mote innan digital popføring. Resultat; avsjeling. Eg har prøvd å hente fram plata nokre gonger sidan. Konklusjonen blir den same kvar gong; potensiell stor pop er fanga i eit irriterande datert og til tider livlaust lydbilete.

Eit halvt år etter at underteikna hadde gjort sine trasige oppdagingar (og sannsynlegvis Rolness, Eggen og fleire andre også) la bandet like godt inn årene. Og borte blei dei. I seksten år. I desember 2004 dukka dei så opp med eit nyinnspelt spor på ein lokal jule-CD. Og sanneleg om dei ikkje følgjer opp med ein firespors sommar-EP også.

Denne gongen har dei ikkje dratt så lange vegen for å spele inn sakene, og produsent er Bjørn Fløystad (Melt, Wholy Martin med fleire). Ein kar som maktar å fange fine poptonar utan å få tvangstankar i retning strigling og slikt. Resultatet er liketil, sorglaus og sommarfrisk popmusikk. Ja det var nok ein kar med liknande innfallsvinkel dei skulle fått med seg sist, då hadde det kanskje blitt det albumet profetiane snakka om.

New California er dreidd i yndige tonar frå ein vestkyst nokre tusen mil lenger vest enn Haugesund. Summer Single leikar på poplett vis med noko av den same haldninga til å verta singel som det Fiery Furnaces gjorde med sin Single Again frå i fjor. I Fair Enough legg vokalist Johnny Hazard stemma si eit hakk høgare og syng godlynte linjer om det lukkelege livet. Avsluttande Lyn er den mest energiske, og plasserer seg ein stad midt mellom The Crystals og Teenage Fanclub. Slett ikkje banebrytande saker, og heller ikkje dei beste låtane Larsen har komponert, men ein liten sympatisk aperitiff på noko som forhåpentlegvis vert prima saker. For ingenting hadde vore kjekkarane enn om albumet dei har planlagt å ha ferdig for ei tidleg 2006-utgjeving blir ein aldri så liten revansje (Haakon Larsen har visst nærare 200 låtar liggande, det skulle slett ikkje forundre meg om nokre av desse er av det poptastiske slaget).

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo