cover

Same Time Tomorrow

Nathaniel Green

CD (2004) - SellOut! / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folk

Spor:
That's Were They Buried the Giant
Abba Medley
Mort a La Bête
Nothern Boxes
Sayings Said
Down to You Then, Supergirl
Apple For Teacher
All Fall Down
The Bristol Light
Al's Denim Dreams
Hours/Minutes/Seconds
Handwriting
Singers Can’t Count
This Me Will Self Destruct In Ten Seconds
Whispering
Creaky Beams

Referanser:
The Proclaimers
Teenage Fanclub
Marshall Crenshaw

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


I same duren

Folkpoppige tonar, alle i same mønster. Det vert noko trøyttande i lengden.

Namnet gjer meg visse dickenske assosiasjonar. Men reint bortsett frå at Nathaniel Green kjem frå England er det lite dei har sams med ærverdige Charles.

Nathaniel Green er namnet på ein duo. Ein duo danna i 2000 av to karar som ville finne ein heim for den delen av musikaren i seg som var noko meir dempa enn kva dei fekk gjort uttrykk for i banda dei var medlem av, Dugong og Pylon. Karane er Matt Broadbent (vokal, Fender Rhodes og litt anna) og Rob Taylor (gitar, vokal og litt anna). Etterkvart har dei også utvida mannskapet med eit par stykker til, slik at det kanskje er meir korrekt å kalle dei eit band no.

Same Time Tomorrow er deires første full-lengdar, og kom ut i heimlandet i 2003. Nå har den relativt ferske norske labelen SellOut! plukka opp plata for å presentere den for eit norsk publikum. I den samanheng har dei også putta på bandet sin debut-EP som ekstraspor. Dermed blir alt utgjeve materiale frå Nathaniel Green gjort tilgjengelig på dette albumet.

Korleis det lyde? Tenk Proclaimers utan skotsk aksent tilført ein dose Teenage Fanclub, blanda opp med tonar i slekt med noko karar som Elvis Costello og den gløymte popsnikkaren Marshall Crenshaw kunne ha gjort. Ein slett ikkje ueffen miks, altså, men Broadbent og Taylor klarer ikkje å hente fram det beste frå desse kjeldene. Det blir noko høgst gjennomsnittleg og ikkje altfor næringsrikt over retten dei serverer. Den er tostemt og i hovudsak melankolsk anlagt. Til dels pågåande men framstår ofte meir masete enn velsmakande. Dynamikk og smarte påfunn er så godt som fråverande, og låtane liknar veldig på kvarandre, både melodisk og i instrumentell utforming.

Nå går det likevel an å finne enkelte dugande augeblikk på plata (Abba Medley, Mort à la Bête, Down to You Then, Supergirl og The Bristol Light). Så ved å programmere inn ein personleg EP på 4-5 kutt kan nok folkpopen deires virke. Eit heilt album blir imidlertid i meste laget, og særlig gjeld dette dei seks fargelause og slapt produserte bonuskutta.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo