cover

Father, Son, Holy Ghost

Girls

CD (2011) - Fantasy Trashcan / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Soulrock / Psykedelia / Folk / Poprock

Spor:
Honey Bunny
Alex
Die
Saying I Love You
My Ma
Vomit
Just A Song
Magic
Forgiveness
Love Like A River
Jamie Marie

Referanser:
Fleetwood Mac
Spiritualized
The Everly Brothers
Elliott Smith
Wavves
Ariel Pink
Best Coast

Vis flere data

Se også:
Album - Girls (2009)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Oppriktig forførande

Med pophistoria som sparringpartnar prikkar Girls, smidig og uforfalska, inn det eine vinnartreffet etter det andre.

Nokon slepp unna med det, andre ikkje. Girls slepp unna så det suse. Straffeutmålinga for deira ganske så hemningslause tjuveritokt i pophistoria lyde på slikt som eit terningkast fem her, eit terningkast seks der, og 9,3 hos hypesentralen over alle hypesentralar. (Ok, ja eg har registrert nokre lunkne mottakingar også).

Det finst knapt ei strofe på Father, Son, Holy Ghost som eg ikkje meiner å kjenne att frå ein eller annan stad. Og då var den slett ikkje kledd i Girls klede. Då var det andre som hadde den i seg, og på seg, og vrengte den av seg. Det er berre eit problem i så måte, eit avgjerande problem, eg klarer aldri heilt å finne ut kor eg har den frå. Denne strofa. Før ei anna dukkar opp, frå ein annan kant, og så ei til, frå ein tredje kant. Og der kjem det ein vri, og der eit temposkifte, og så ein uventa sving. Og slik viser Girls seg å vere beint fram uimotståelige. Ja jammen gjer dei det. Og strengt tatt visste eg det, at det var slik eg kom til å oppleve det. For eg har då høyrt Album (debuten), og eg har då høyrt Broken Dreams Club (ep'en som dukka opp i mellomtida).

Det handlar vel, tenker eg, om eg skal vere 100% ærlig mot meg sjølv, eigentlig berre om kor vidt eg likar songen eller ikkje. Så får den vere original eller uoriginal eller eigenarta eller reprodusert så mykje den vil. Likar eg den, ja så likar eg den. Likar eg den ikkje, ja så får andre gjere det. Eg likar Vomit. Eller meir presist, eg elskar Vomit. Låta Vomit. Den sentralt plasserte og forførande Vomit. Ei låt som snik seg rundt i mørke bakgater på ein intens men dempa nattlig puls, "looking for you, baby". Ei låt som gnistrar til ut i dei frenetiske og spirituelle former, og blir til ei innstendig bøn under eit fargerikt neonlys, i selskap med eit gospelkor, "come into my heart, my love". Men kvifor i all verden har låtskrivaren valt å kalle den Vomit? Den handlar då om ein kjærleikshungrande stakkar som sannsynligvis ikkje får sine bøner og sitt håp oppfylt, gjer den ikkje? Kva har det med oppkast å gjere? Frontfigur Christopher Owens oppklarar det sjølv i eit intervju på Pitchfork. Han har latt seg inspirere av ei strofe i Salomos Ordspråk: "Lik hunden som snur seg til sitt eige spy, er ein dåre som tek opp att sin dårskap". Ei vraka sjel søker attende dit ein ny fiasko ventar han.

Christopher Owens skulle ikkje vere heilt ukjent med eit og anna ord ifrå Bibelen. Han vaks opp med ei mor i ei sekt (Children of God) som nok hadde sine heftige omgangar med den boka. Christopher fant etterkvart desse tilhøva nokså utrivelige og sinnsøydeleggande, så han stakk av og drog ut i verda på eiga hand. Han vart kamerat med ein gjeng punkarar, byrja sysle med musikk, spelte gitar med Holy Shit, starta band med kjærasten sin, kalla bandet Curls, då ho drog sin veg døypte han det om til Girls, og fekk med seg ein fyr i staden, Chet JR White. I 2009 kom debutalbumet. Ein særdeles godt mottatt og herlig viltveksande popmiks.

Det er mindre miks over Father, Son, Holy Ghost. Den er skapt i eit meir samanfallande bilde, eit rikare, meir gjennomtenkt og produsert bilde. Utan at bandet har kasta viktige tilstandar som det å vere livgjevande og uanstrengte overbord av den grunn. Girls veit, betre enn dei fleste, kva som må til for å få ein popsong til å virke. Virke så grundig at det er umogeleg å gjere noko anna enn å sleppe den inn.

Det at albumet har eit heilskapelig vesen betyr ikkje at låtane er støypt i ei og same form. Absolutt ikkje. Låtane er av ulik bakgrunn dei, har ulik puls, og fer ulikt åt. Honey Bunny kjem i godt driv med surf-gitar og Beach Boys-avtrykk. Love Like A River er ein soulballade med ein vennlegsinna gitarsolo og godgjerande orgeltyngde. Alex er ein poplåt som dansar ved sida av Teenage Fanclub. Magic trur eg må ha vaska seg i eit par-tre spretne Buddy Holly-låtar. Die vitjar prog-sfærar med eit hardrockriff i hoftehøgde. Medan Just Like A Song og Jamie Marie lever sitt liv i ganske så spartanske og semiakustiske former.

Tekstlig handlar det om kjensler. Sterke kjensler, om kjærleik, sakn, og meiningssøking. Formulert av songaren på eit likefram og oppriktig vis, tidvis naivistisk, totalt frigjort frå ein trong til å seie det med store og klamme ord. Sårt, einsemdsskildrande og søkande i gripande My Ma: "I'm looking for meaning in my life, and you my Ma". Med eit angrande blikk i Jamie Marie: "I went and found the modern world, but I miss the way life was when you were my girl". Og med eit dystert blikk i Die: "No nothing's gonna be just fine, No we're all going straight to hell tonight". Det er no likevel den vesle strofa "looking for love" som står for meg som den mest talande for kva albumet handlar om. Songaren syng den i Vomit, fleire gonger, og den svevar som ei håpefull (og heilag) ånd over det meste her.

Det er ingen opplagt sak at dei enkle og oppriktige formuleringane til Owens kjem frå det med livet intakt. Pophistoria er full av dei som har formulert seg på identisk vis og enda opp som platte floskelskaparar. Lina er tynn og alt anna enn enkel å balansere på. Kva som gjer at Girls så bramfritt klarer det eig eg på ingen måte svaret på. Anna enn at eg opplever noko udefinerbart ekte hos bandet som få er unt å utstråle. Dei pakkar ikkje sanninga inn. Dei legg ikkje skjul på at det er flust av tonar der ute som berre må elskast, må omfamnast. Derfor, sitrande av inspirasjon, tek dei litt her, låner litt der, og skaper eit popbilde som er både enkelt, fengande, intrikat, mangfaldig og elastisk poptastisk. Klart eg blir med på notane, heilt prinsipplaust med.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo