cover

Itchy And The Girl Dancing

Al DeLoner

CD (2010) - Byström Records / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Country / Folk / Jazz / Poprock

Spor:
Come Closer
Day By Day
Louie The Cat
San Francisco
This Is The Moment
You Shall Pray
They Shot Tom Gunther
Too Stoned To Drive
Peaches & Cream
Itchy And The Girl Dancing

Referanser:
Midnight Choir
Höst
Chris Eckman
Terry Lee Hale
Blue Rodeo
Bob Dylan
Nick Drake

Vis flere data

Se også:
The Mess Age Is Joy - Al DeLoner (2004)
Flora In the Darkroom - Al DeLoner (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


La det bli lys

Ei DeLoner-plate der lyset spelar ei større rolle. Det lar seg vel høyre det også?

Det har alltid vore eit mørker rundt tonane til Al DeLoner. Då han var låtskrivar og drivkraft i Midnight Choir, og på det han har føretatt seg under eigen signatur etter at koret vart lagt ned. Aldri har dette mørket blitt råka av slike mengder lys som på hans nyaste, og femte soloalbum, Itchy And The Girl Dancing.

Dei har ikkje blitt motteke med same åtgaum desse soloplatene hans, som det platene til Midnight Choir vart tildel. Nærast umogleg for så vidt, då det bandet sin katalog som kjent inneheld nokre av dei sterkaste platene i nyare norsk musikkhistorie. Når det er sagt, det er langt ifrå bortkasta tid å ta seg i kast med dystre og smått suspekte verk som The Mess Age Is Joy og Flora In the Darkroom heller.

Eller Itchy And The Girl Dancing. Her han med si limiterte røyst byr på ein ny bunke songar som held mål. Songar med eit uomtvistelig amerikansk snitt over seg, men også med denne europeiske tonen som har vore ein del av DeLoner sitt prosjekt. Mykje er med det same altså. Bortsett frå det der med mørket då.

"Put your feet up on the table, slide into my arms, come closer". Ja kom nærare, til ei lita kosestund i sofaen. Ei varleg ei. Kalla Come Closer. Eller, "Louie, Louie, I don't wanna be without your love in my life". I selskap med yndige og friske fløytetonar. Med ei lett popkjensle i brystet. Og ein elskelig katt i augekroken. Kalla Louie The Cat. Eller, "A song of joy we shall sing". I countryvisedrakt. Ei ekspanderande drakt. Med religiøse undertonar, og med augeblikkets kraft. Kalla This Is The Moment.

Og Robert Fraenzel spelar saksofon. Noko som er med og understrekar jazztonen som eit par-tre av spora er forma i. San Francisco til dømes. Der lyset er borte. Der ein sjølvmordar tek sine siste steg. Mot ei bru, han skal ut å fly. Men groovet er ikkje beksvart.

Skitnast, mest elektrisk, mest i rockeslag er DeLoner når han hevdar å vere Too Stoned To Drive. Type countryrock i Stones-slag. I eit noko anna slag er han når han fortel at They Shot Tom Gunther. I Woody Guthrie-slag. Men ikkje i dårlig slag. Det er han ikkje i tittelsporet heller. Eit spartansk instrumentert tittelspor (akustisk gitar, piano og fløyte). Ein sjølvransakande song med eit moralsk blikk. Retta mot lyset, mot framtida. "We shall live and see". Og "don't do heroin".

Spenninga og desperasjonen som har ulma og gløda der som ei essensiell kraft i DeLoner sine beste songar, kan eg vel ikkje hevde at eg finn på denne plata. Eit lite sakn det, det er det. Men ei plate verdt sine rundar er det nå likevel.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo