cover

Sanger fra skogen

Roy Lønhøiden

CD (2006) - NorskAmerikaner / Bare Bra Musikk

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Vise / Singer/songwriter

Spor:
Det Snør På Skogen
La Meg Komme Tilbake
Tårer Og Trøst
Gjennom Livet
Rekendes På Ei Fjøl
Farvel
Sangen Om Skogen
Til Jeg Kan Reise Meg Igjen
Jeg Og Ronny
Gråt Ikke For Det
Himmelen Har Mine Skatter
På Drift

Referanser:
Peyton Place
Kulseth & Lønhøiden Almenning
Henning Kvitnes
Hellbillies
Jonas Fjeld
Stein Ove Berg
Tom Russell
Townes Van Zandt
Hank Williams

Vis flere data

Se også:
Det Ensomme Landet - Roy Lønhøiden (2004)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Faren, vandraren, broren og skogen

Lunt og godt vemod frå ein truverdig trubadur.

Der det er langt mellom husa, der trea står tett, midt i det einsame landet, der vandrar Roy Lønhøiden med lune skritt mellom grantrestammer og ei stille elv. Her kryssar han spor frå både fortid og nåtid. Her er han på eit ustanselig søk, her fangar han talande stemningsbilde, her kjenner han seg heime. Han er i Finnskogen.

For andre gong gjev Roy Lønhøiden ut ei plate under eige namn. I 2004 var tittelen Det Ensomme Landet, denne gongen er det Sanger Fra Skogen. Det skulle vel då nesten vere unødig å fortelje at det er scener frå stiar han sjølv har rusla som fargar grunnlinjene i songane han syng. I enkle ordelag, til enkle tonar, i eit enkelt lydbilde syng han om livet, kjærleiken, døden og dei skogkledde landskap. Han er visesongaren som har vore i Amerika og henta tilbake countrymusikken. Eller han er countrysongaren som lar sitt eige språk og sitt eige tilvære danne sentrallinja i musikken sin.

Det er noko uomtvistelig autentisk over songane til Roy Lønhøiden, over røysta hans, ja over heile hans vesen. Han kjem der stillferdig mot ein og er aldri redd for å ty til dei vanlige orda og dei velprøvde tonane. Han legg ikkje skjul på at han lever i ein tradisjon, og sin beundring overfor folk som Hank Williams og Townes Van Zandt. Men i motsetnad til mang ein countryfestivaldeltakar over det ganske land så har Lønhøiden sine eigne sko på seg, og han andar sin eigen ande. Ja, han lever og verkar i sitt eige uttrykk.

Han får god hjelp. Bjørn Kulseth, som i si tid spelte saman med Roy i prosjektet Kulseth & Lønhøiden Almenning, har produsert albumet i kompaniskap med Thomas Siqveland (ein fyr som dei siste åra har jobba med mindre ærerike Idol- og fjortispop konsept, men som tydeligvis har andre interesser også). Det heile har blitt til i ei gammal røykstove på eit lite småbruk djupt inni skogen. Det har blitt eit organisk og ledig lydbilde i hovudsak mala fram av akustiske lydar.

Lønhøiden har dedisert albumet til far sin, som døydde eit halvt år før innspelingane fann stad. Gjennom Livet er ei vakker og gripande vise der han skildrar ein tolsam og verjande far; "du holdt meg godt når vinden var for kald". Mot slutten av denne songen medgjer han at "hver sang jeg skriver handler litt om deg". Kanskje er derfor det har dryppa nokre ekstra dropar med tristleik oppi vemodet denne gongen. Nest etter Gjennom Livet er det nok i Sangen Om Skogen at faren sitt nærvær er sterkast; "vi sang om våren, vi sang om livet, du lærte meg sangen om skogen". Her er det berre Roy og gitaren hans, og litt nennsam koring frå Monika Nordli. Ho er forresten innom med slikt på mange av låtane.

Den norske Gram Parsons-autoriteten Thor Martinsen bidrar også denne gongen på tekstfronten. Han har gjendikta Rodney Crowell-klassikaren 'Til I Gain Control Again på utsøkt vis og gitt den tittelen Til Jeg Kan Reise Meg Igjen. Lønhøiden og hans instrumenttraktørar ekspederer den med næringsrik twangpresisjon høgt opp på den ikkje altfor lange lista over minneverdige norske countrylåtar. Der bør vel kanskje også Jeg og Ronny få plass. Ein Finnskogen-variant av Bruce Springsteen sin Highway Patrolman. Om Tom Roger og broren hans Ronny som i ungdommen hang saman som erteris og "dansa og drakk gjennom natta, til toner fra Creedence og Jularbo". No er den første blitt "lensmannsbetjent ved grensa til nærmeste EU-land", medan den andre har rota bort familiegarden, prøvd seg som bygningsarbeider i byen (men "mellom polet på Økern og Bjerke var det lite han fikk bygd"), og han hamnar stadig i bråk. Henning Kvitnes er innom og korar, Stein Kulseth har skrive teksten, han bidrar også med driftige mandolin-tonar.

Akkurat som sist har Lønhøiden også no tatt med ei gjendiktning av ein Betty Elders-komposisjon. Denne gongen er det Farewell som er blitt til Farvel, og den felespelande husbonden Gene Elders er med og fyller bildet med brennande tonar. Frå Townes Van Zandt sin rikhaldige katalog av meisterlige songar har Roy henta og laga sin versjon av Snowin’ On Raton, og kalla den Det Snør På Skogen. Og fengslande er det blitt, om ein skogen sin loslitne vandringsmann; "du kan aldri telle mil før du har reist og fått noen sår". Han avsluttar seansen i same leia med den litt Jonas Fjeldske og spartanske visa På Drift; "elva renner vid og djup, skulle ville hive sjela ut i den".

Det er når ein skal fortelje om plater som dette at ein heilt problemfritt kan gripe fatt i ord som vemodsfullt, vakkert, varmt og truverdig.

comments powered by Disqus

 



Jorun Brattsti
2007-02-07sangtekster

Har blitt skikkelig glad i plata" sanger fra skogen". Imidlertid er jeg hørselshemmet og har vanskeligheter med å få alle ordene med meg.

Derfor lurer jeg på om det er mulig å få tekstene på sangene, særlig" til jeg kan reise meg igjen" Den er bare slik at jeg får gåsehud!!
På forhånd takk!

Erik S
2007-02-07Till I gain control again

Som det står i anmeldelsen, er dette en norsk gjendiktning av sangen "Till I Gain Control Again", og selv om det ikke ser ut til å være noen norsk versjon av teksten der ute, finnes i hvert fall den engelske:

Just like the sun over the mountaintop
You know I'll always come again
You know I love to spend my morningtime
Like sunlight dancing on your skin
I've never gone so wrong
As for telling lies to you
What you see is what I've been
There is nothing I could hide from you
You see me better than I can
Out on the road that lies before me now
There are some turns where I will spin
I only hope that you can hold me now
'Til I can gain control again
And like a lighthouse
you must stand alone
Landmark the sailor's journey's end
No matter what sea
I've been sailing on
I'll always pass this way again
Out on the road that lies before me now
There are some turns where I will spin
I only hope that you can hold me now
Til I can gain control again

Jon Ø
2007-02-12This mortal coil

This Mortal Coil-versjonen av denne er jo bare helt fantastisk, (fra Blood plata). En norsk versjon av denne.... dette må jeg sjekke ut!

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo