cover

Two Bands and a Legend

Two Bands and a Legend

CD (2007) - Smalltown Superjazzz / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Jazz / Garasjerock / Frijazz

Spor:
Who the Fuck
The Witch
Too Much Fun
Tekla Loo
Louie Louie
You Ain't Gonna Know Me 'Cos You Think You Know Me
The Nut
Baby Talk
I Can't Find My Mind

Referanser:
Cato Salsa Experience
The Thing
The Kingsmen
The Sonics
The Stooges
Art Ensemble of Chicago

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Fillerista salsabrygg

Det er hol i veggen i garasjen, det er derfor denne er her.

2+2=4. Varmt + kaldt = lunka. Jazz + rock = jazzrock. Er du ikkje heilt einig?

Kanskje eg då heller skal seie det slik; jazzrock er ikkje lenger kva det var, i 1980, eller 81, eller 82, eller der omkring. Det har det ikkje vore på ei god stund. Heldigvis. 80-talet har generelt sett eit dårlig rykte. Ikkje heilt fortent, spør du meg, men den identitetslause og traurige jazzrocken som blei produsert desse åra fortener inga oppreising. Mezzoforte og Spyro Gyra, Level 42 og Kenny G, Jon Eberson og Pål Thowsen. Ivar Dyrhaug likte det, Spelemannskomiteen likte det, eg sovna ifrå heile greia. Og skulka samtlige jazztimar i fleire år framover.

Ein kveld mot slutten av åttitalet vart eg så, syndig og skitten, stemna In the Court of the Crimson King. Før eg hadde fått sett meg skikkelig tilrette kom ein 21st Century Schizoid Man dansane imot meg med raudsprengte kjakar og eit desperat blikk. Eg høyrde det var jazz, eg høyrde det var rock, og eg høyrte det var bra, skikkelig bra, så derfor nekta eg for at det var jazzrock. Eg lurte meg ut bakdøra, men hamna ganske fort i eit heftig kalas der dei serverte Bitches Brew. Eg vart kasta uti både Pharaoh's Dance og eit heitt Voodoo-slag. Eg gjekk til sengs med nokre merkverdige vibrasjonar, lenge etter at natta var blitt til dag. Då eg vakna utpå ettermiddagen såg eg ikkje anna råd enn å starta eit reperasjonsarbeid. Det pågår enno, det går kanskje ikkje så fort, men det fører oftare enn kva ein kanskje skulle tru til både blåmerker og minneverdige opplevingar.

Dei to banda og legenda som er ansvarlege for albumet dette eigentlig skal handle om har stått for nokre av desse opplevingane. I glødande konsertformat, og på ein fem-spors live-EP. Dei ni spora på albumet dei gjer ut i desse dagar er spelt inn i studio. Og om ikkje ratt all konsertenergien har slått fylgje, så har i alle fall storparten av den funne vegen inn i Øystein Greni sitt Grand Sport Studio.

Dei møttest som kjent til sine første musikalske gnisningar under jazzfestivalen på Kongsberg i 2004. Sidan har dei braka i hop dann og vann for å rista litt i dei mest ortodokse oppfatningar av kva som høver seg. Reint musikk-ideologisk har dei vel aldri stått så altfor langt frå kvarandre. Cato Salsa og gjengen har jo nokre år no groova rundt i sin rock 'n' soul garasje. Medan The Thing dei seinare åra har brote seg inn i eit par garasjar i nabolaget og grabba med seg både Aluminium og Art Star. Legenda Joe McPhee har på si side i ei årrekke frilyndt forska ut kva han kan få til med tenor-saksofonen og lommetrompeten sin.

Frå dei oftast vitja distrikta av garasjeland har åttemanns-banden plukka opp The Sonics sin klassikar The Witch og den nesten uunngåelige Louie Louie. Ja det er vel ikkje heilt feil å seie at Mats Gustafsson hentar sistnemnte opp ifrå rimelig ihjelspelt tilstand når han ved hjelp av hornet sitt prustar på den, riv og slit og ristar i den, før resten av gjengen introduserar seg, og smukk spelar den inn på kjente spor. Men verken Gustafsson eller McPhee lar den få drive vidare mot endestasjonen utan å utsette den for meir erting og filleristing undervegs. Du veit, dei kan dette med å få lyd i horna sine dei to karane. Skal vi titulere det for den beste versjonen sidan Stooges slo ein Metallic K.O på den får sånn ca. 30 år sidan?

Med unntak av den noko stereotype hardcore versjonen av PJ Harvey sin Who the Fuck, og den litt fargelause Too Much Fun er det improvisatorisk glød og rytmisk retning a la Louie Louie heile vegen til ende. Gustafsson sin eigen komposisjon Tekla Loo blir innleia med eldfull diktlesing av McPhee før den startar eit groovy ritt som vekslar mellom det melodiøse og det sterkt opphissa. The Nut, komponert av Gustafsson si tenåringsdotter Alva Melin, startar i eit orgelglødande og seigt Salsa-mønster, før The Thing overtar den og gjer den om til ei luftigare og travlare affære. James Blood Ulmer sin Baby Talk viser seg som ein turbulent luring, der instrumenta snakkar litt kvar for seg, men der groovet på sjonglerande vis skaper eit spirituelt samhald. Albumet sitt fredfulle og melodifokuserte alibi er You Ain't Gonna Know Me 'Cos You Think You Know Me, komponert av sør-afrikanske Mongezi Feza. Eit nesten litt naudsynt lite pust i bakken, i det elles drivande, krakilske og tidvis desorganiserte løpet som dette trass alt er.

Så nei, eg trur eigentlig ikkje vi skal kalle dette jazzrock. Eg trur i staden Thurston Moore er sterkt på sporet av noko når han stiller spørsmålet "is this superjazz?".

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo