cover

OH (ohio)

Lambchop

CD (2008) - City Slang / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Pop / Soul / Funk / Easy Listening / Gospel / Jazzpop

Spor:
Ohio
Slipped Dissolved and Loosed
I'm Thinking of a Number (Between 1 and 2)
National Talk Like a Pirate Day
A Hold of You
Sharing a Gibson With Martin Luther King Jr
Of Raymond
Please Rise
Popeye
Close Up
I Believe In You

Referanser:
Tindersticks
American Music Club
Scott Walker
Van Dyke Parks
Josh Rouse

Vis flere data

Se også:
Nixon - Lambchop (2000)
How I Quit Smoking - Lambchop (1996)
Is a Woman - Lambchop (2002)
Is a Woman - Lambchop (2002)
Tools In the Dryer - Lambchop (2001)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Fredelig uro

Litt færre folk i banden denne gongen. Men Wagner sit om lag like godt planta i stolen som han alltid har gjort. Og bra er det. Veldig bra.

Når dei no er her med sitt tiande album innafor eit sonisk univers som sjeldan har stega særlig meir enn ei steglengde utafor sitt eige sentrum, er det kanskje tid for å spørje seg; kor mange fleire album treng vi eigentlig? Treng vi endå ein ny runde med Kurt Wagner sine lakoniske og gåtefulle grubleri? Treng vi bli smurt langs ryggrada og stroken over pulsen av endå fleire grasiøse og saktevandrande tonar, som alle har nære slektningar på Lambchop-album vi allereie har frå før?

Gjer vi det?

Klart vi gjer. For det er berre Lambchop der ute som spelar Lambchop-musikk. Og eit lite påfyll av den slags, med sine små subtile mønsterendringar, sånn cirka annakvart år, har utan unntak blitt helsa velkommen. Eg hadde ikkje vandra mange rundane saman med OH (ohio) før eg skjøna at slik vart det denne gongen også.

Det siste året har låtskrivar, songar og Lambchopper per excellence Kurt Wagner reist rundt og spelt ein del konsertar utan bandet i ryggen. Han hadde då med seg ein CD med berre seg sjølv på, som han selde til publikum. Tidlege råutgåver av sånn cirka halvparten av låtane som til slutt enda opp på OH (ohio) var å finne på denne CDen. Han nytta konsertane til å utvikle dei. Og når han samla bandet for å spele dei inn som Lambchop-songar, drog han, i tillegg til mangeårig produsent Mark Nevers, inn Roger Moutenot (Yo La Tengo, Sleater Kinney). Dei to jobba kvar for seg med produsentoppgåva si, og Wagner haldt fingrane på trygg avstand. Han tok til gjengjeld på seg sensurjobben det var å plukke ut dei beste versjonane for den endelige OH (ohio) (seks frå Moutenot-sesjonane og fem frå Nevers sine).

Lambchop har på det meste talt nærare tjue medlemmer. På OH (ohio) er det talet krympa ned til under ti. Og kanskje låte det litt tettare enn før? Men noko i nærleiken av ein revolusjon representerer OH (ohio) definitivt ikkje. Det er dei velkjente moderate og stressfrie former, med sine flittige innslag av underfundige detaljar. Sjølv om det rett nok, ved eit par Moutenot-høve, blir dytta litt meir i ryggen enn kva som har vore vanleg. Ja, for er det ikkje eit Lambchop i nesten up-tempo stil vi møter i den kryptisk titulerte National Talk Like a Pirate Day? Og står dei ikkje i den låta fram som litt meir av det altcountryrock-bandet dei vel berre er blitt kalla, men aldri har vore? Og er det ikkje ei snerten pophektande affære med eit tiltalande episk vesen? "This is my song, don't sing along" syng Wagner. Han skal ikkje stole så altfor mykje på at folk respekterer den instruksen.

Om lag like up-tempo er den ikkje mindre interessant titulerte Sharing a Gibson With Martin Luther King jr. "I have a dream" sa dr. King. Wagner har hatt ein draum han også. Ikkje om å spele firhendig gitar med King, men om å dele ein Gibson cocktail med han. Utan at praten i særlig grad tar dei visjonære retningar. Den sirklar vel heller, i ikkje heilt ukjent Wagner stil, rundt i meir surrealistiske former.

Sist gong Lambchop var her med ei plate kalla dei den Damaged. Den var Wagner si mest personlege. Med tekstar som i stor grad vart fortalt i eg-form, og som omhandla tunge opplevingar mannen hadde vore gjennom. På OH (ohio) har han fjerna seg meir frå seg sjølv att. Om lag like langt unna som han hadde for vane å vere før Damaged. I alle fall er det slik underteikna oppfattar det (trykte tekstar som kunne ha hjelpt ein til å ha eit litt sikrare syn på sakene, har Wagner valt å halde unna oss denne gongen).

"The blackbird sang the sun to bed" lyde den sentrale linja i Slipped Dissolved and Loosed. Ei kvinnerøyst harmonerer. Subtile fløytetonar spelar med. Det er haustvakkert, kveldsstemt, til å lene sjela si mot. Ein Wagnerklassikar. Den er ikkje stort svakare låta som fylgjer i hælane på den, I'm Thinking of a Number (Between 1 and 2). Bandet spelar langsamt, ledug og lysande. "Love is a venerable thing" syng Wagner. Men han står på utsida og syng det. På utsida og spør "will you miss me?". Det er skjørt, nakent og vakkert. Eit anna høgdepunkt verd å nemne er den sombert majestetiske Lambchop-gospelen Please Rise, med sine fiffige ordspel rundt ordet "stand".

Coveret fortel ein kontrastfylt historie. I framgrunnen, i hovudrolla, eit nakent par i hyggelig samkvem, i bakgrunnen, i ei birolle, ser vi ein fyr bli banka opp av politiet. Slik er det vel på eit vis med Lambchop også. Dei skaper eit inntrykk av å vere det varlege, godlynte sofaorkesteret, men i bakgrunnen og under overflata verar vi ei uro og ei slett ikkje alltid like godmodig innstilling. Og nokre gonger nøyer dei seg ikkje med å halde det i bakgrunnen, men lar det komme heilt fram. Som når "sha-la-la-la-la-la" blir til illevarslande skjelvefunk i Popeye.

"This pencil's got a nice feel to it, it never runs out of led" syng Wagner i det sjølvransakande og sterke kuttet A Hold of You. La oss håpe det. La oss tru det. La oss rekne med det. For så møtest vi att om eit par år, og lar Wagner og gjengen igjen fylle oss med fredelig uro.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo