cover

The Essential Mercury Rev: Stillness Breathes 1991-2006

Mercury Rev

CD (2006) - V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Psykedelia / Indierock / Drømmepop / Shoegaze / Countryrock

Spor:
Diamonds
Everlasting Arm
In a Funny Way
Goddess on a Hiway
Chasing a Bee
Dark Is Rising
Black Forest (Lorelei)
Holes
Car Wash Hair
Empire State (Son House in Excelsis)


I Don't Wanna Be a Soldier
I Only Have Eyes For You
Observatory Crest
Streets of Larado
So There
Afraid
He Was a Friend of Mine
Delta Sun Bottleneck Stomp
It's a Man's Man's Man's World
Clamor

Referanser:
The Beatles
The Byrds
Pink Floyd
The Flaming Lips
Wilco
The Raconteurs
R.E.M.
Oasis
The Polyphonic Spree
Spiritualized
The Verve

Vis flere data

Se også:
All Is Dream - Mercury Rev (2001)
The Secret Migration - Mercury Rev (2005)
The Secret Migration - Mercury Rev (2005)
The Secret Migration - Mercury Rev (2005)
Hello Blackbird (OST) - Mercury Rev (2006)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Majestetisk!

Eit sikkert kjøp for alle som likar psykedelisk, drøymande rockemusikk.

Amerikas kan hende aller beste band er på banen med eit samlealbum. Som me veit, kunsten å gi ut noko slikt er "risky business". Det har lett for å bli plumpt og sjølvdiggande, og ein må heile tida spørje seg om dette var verkeleg naudsynt. Mange gonger virkar det som det kjem eit nytt samlealbum med ein eller to nye songar kvar gong eit band må ned i kjellaren og ta ei pause. Fansen blir stemoderleg handsama og reint ut utnytta i eit forsøk frå artistane på å ikkje bli gløymde medan dei jobbar med nytt materiale.

Eit grimt døme på dette kan me seie at U2 er. Dei gav ut ikkje mindre enn to samlealbum med alt det beste dei hadde å bjode på frå 1980 til 2000 for ein 5-6 år sidan. No er dei igjen aktuelle med eit nytt album med 16 gamle singlar og eit par nye for skams skuld.

Det er difor forfriskande å sjå at Mercury Rev har sett musikken i sentrum og ikkje nødvendigvis berre viar merksemd til deira største slagerar. Her er alt frå coverversjonar av gamle evergreens som Streets of Laredo og popklassikarar som Lucy in the Sky with Diamonds og I Don't Want to Be a Soldier.

I tillegg har dei tatt med sære diktspor med Robert Creeley og Alan Vega og ein remiksa versjon av Delta Sun Bottleneck Stomp gjort av dei legendariske britane i Chemical Brothers. Resultatet er ei breidde i utvalet som verkeleg speglar det fargerike universet som utgjer Mercury Rev.

I tillegg får me sjølvsagt alle dei største hitane, i den grad Mercury Rev nokon gong har vore ei hitmaskin, frå "gullalderen" med Deserter's Songs, All Is Dream og The Secret Migration.

I underteikna sine augo vil ei kvar plate som inneheld dei fantastiske spora Goddess on a Hiway og The Dark is Rising stige betrakteleg i kredibilitet. Mercury Rev har vist seg gjennom det siste tiåret å levere noko av den vakraste, mest originale og livskraftige drøymande psykedeliaen ein kunne ynskje seg.

Saman med The Flaming Lips er dei blant det beste ein kan låne øyrer til frå andre sida av dammen. Det som også gjer bandet så spesielt er at tekstane deira grip lyaren i ein heilt annan grad enn mange av dei banda det er tenleg å samanlikne dei med.

Der The Flaming Lips blir flåsete og litt for ville til tider aksellererar Mercury Rev og målar vakre tekstbilete i staden, eit døme kan finnast for den nyfikne i klassikaren A Drop in Time henta frå deira kanskje aller beste studioalbum All Is Dream frå 2001.

Så kan ein spørje seg då om alt berre er fryd og gammen med denne samlinga. Langt på veg er det lite å setje fingeren på. Låtmaterialet som er teke med er det ingenting i verda å seie på. Det ein grip seg i er imidlertid å sakne einskildlåtar når ein høyrer gjennom skiva sine to diskar. Kvar er deira eminente tolking av BJ Thomas' Raindrops Keep Falling on my head? Eller Endlessly frå Deserter's Songs? For ikkje å snakke om Hercules frå All is Dream? Det vil kanskje alltid vere slik med gode samleplater at alle dei beste songane ikkje kjem med, og det som eg syns er best er jo ikkje naudsynt bandet sine favorittar, Ein kan vel kanskje seie at det er noko i det gamle ordtaket "you gotta keep them wanting more" også.

Uansett korleis ein vrir og vender på det, denne samlinga er ein godtepose av dimensjonar og ein fantastisk måte å bli introdusert for Mercury Rev på. Eit sikkert kjøp for alle som likar psykedelisk, drøymande rockemusikk.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Bertine Zetlitz - Sweet Injections

(Capitol / EMI Virgin)

Den hyperaktive ertekroken har funnet seg en lysere skog for utfoldelse av sjofle pek.

Flere:

Aphex Twin - drukqs
Håkan Hellström - Ett Kolikbarns Bekännelser