cover

Lost In the Beauty of Innocence

Delaware

CD (2006) - MTG / Strange Ways / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock

Spor:
The Fourteenth
CS
A Butterfly Kiss
Let Them Go
Loss
Evolve
To the Unsung
For What Reason?
Wish For
Unfold
You
With Fear and Anticipation

Referanser:
Coldplay
Mew
Catherine Wheel
The Cure
Depeche Mode
Keane

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Store ambisjonar

Kan det vere slik at Delaware har inngått for mange kompromissar i sitt søk etter å skape stor musikk?

Eg sensar eit sus av ambisjonar. Ambisjonar om å lage stor musikk. Ambisjonar om å nå ut til eit stort publikum. Med Lost In the Beauty of Innocence maktar dei nok dessverre ingen av delane, trur eg. Dei kjem frå Drammen, men kallar seg Delaware i staden for Buskerud. Dei pakkar låtane inn i mektige arrangement. Poptrygge og lite utfordrande arrangement. Det smakar minste felles multiplum. Det vert anonymt og keisamt i staden for storslått og vakkert. Stort sett.

Lost In the Beauty of Innocence er kvartetten sitt andre album. Det fylgjer drygt to år etter debutalbumet ...and everything reminds me. Ei plate dei gav ut på Tyskland-avdelinga til Sony. Dei er ikkje lenger eit Sony-band, men Tyskland-linken er stadig like sterk. Denne gongen i form av det noko mindre plateselskapet Strange Ways. Dei har ein talmessig hyggelig fanskare i Tyskland også. Og i Nederland. Ein fanskare som sikkert vil sette pris på årets album. Det skil seg nemlig ikkje i så altfor stor grad frå debuten.

I eit melankolsk og nokså fargelaust krysningspunkt mellom Coldplay og eit litt meir gitar-ausande band som Catherine Wheel, løftar dei fram tonar som sjeldan maktar å slå rot i hjarta. Dei grunnleggande melodilinjene som dei bygger låtane sine rundt manglar i dei fleste tilfelle eit vinnande vesen. Og lydveggene dei konstruerer utsondrar i liten grad vitalitet. Bandet og den produserande seigmannen Alex Møklebust prøver å skape kontrastar og variasjon ved å veksle mellom lågmælte og mektige parti, men har for mykje tryggleiksfokus til å finne vegen utav den grå løypa.

Eit par lyspunkt dukkar det rett nok opp. Den jumpande opningslåta The Fourteenth med sine strykarar og sitt kraftfulle refreng er eit habilt forsøk på å fusjonere det lettbeinte og det tunge. At dei i eit inspirert augeblikk til og med er i stand til å forme inntakande melodilinjer er You eit døme på. Ein øm og vakker ballade der Delaware sitt fremste aktivum vokalisten Richard Holmsen nesten er i nærleiken av å touche Jeff Buckleysk songkunst. Berre litt synd at dei køyrer låta fast i eit litt trøyttande siste minutt. Frå den mest energiske sida til bandet fresar With Fair And Anticipation seg fram i tiltalande melodiske former. Legg eg litt ekstraordinær godvilje til finn eg kanskje eit og anna formålstenlig parti i For What Reason og Wish For også.

Det vesle som duger kan likevel ikkje dekke til eit skrikande sakn etter særpreg og glød. Så kanskje kunne Lost In the Emptiness of Grand Ambitions ha vore ein vel så talande tittel for albumet.

comments powered by Disqus

 



Tonje T.
2006-03-07Vrøvl...fra en anmelder

Det er som om man kjenner misunnelsen brer om seg i anmeldelsen. At band med ambisjoner skal tale mot dem kommer vel ikke akkurat som noen stor overraskelse i Lille Norge, jantelovens sanne hjemland. Men at det går an å komme med så intetsigende oppgulp som denne Berge klarer å vrenge ut av seg på en dårlig dag det er helt ufattelig. Nei, finn deg noe annet å drive med...

Når velrennomerte anmeldere andre steder og i andre medier bedømmer denne skiva til en femmer eller 9 av 10 mulige osv, så må det jo faktisk være substans i utgivelsen. DET har ikke Berge skjønt, og det er vel ikke sikkert han er i stand til å skjønne det heller....

Harald Stavseth
2006-03-07Sammenligninger

Kan ikke dere anmeldere slutte å sammenligne alle emo-band med Coldplay. Det sier oss liksom ikke så mye lenger. Det er mulig Delaware ikke er det bandet som tar flest sjanser, men de har i hvert fall en edge og en friskhet skjeggepopperne kan se langt etter. Og det har Mew også. Coldplay fortjener rett og slett ikke å være det referansepunktet dere bruker dem som. Ikke vær så kommerse.

Erik
2006-03-09Til Tonje

For å bruke ditt eget ord: det du skriver er vrøvl. Klikk på navnet til Oddmund Berge, og les noen av de par hundre andre anmeldelsene han har skrevet - en god del noe av det beste JEG har lest på groove i hvert fall! Mannen har et solid fundament for meningene sine. Stå på, Oddmund!

Oddmund Berge
2006-03-09Til Erik og Tonje

Hjertelig takk til Erik for hyggelige ord.
Til Tonje; no hard feelings, engasjement er bra. Men finne meg noko anna å drive med? Vel, no har eg ganske mykje anna å drive med faktisk, trur no likevel ikkje eg skal heilt slutte å lirke utav meg ei og anna meining om ei og anna plate i framtida heller.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo