cover

No Stone Unturned

AdamCain

CD-EP (2004)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Countryrock / Americana

Spor:
Justice In This World
The Last Place On Earth
A Place Called the Original Sin
January Rain

Referanser:
Midnight Choir
Big Country
Paul Kelly
John Mellencamp

Vis flere data

Se også:
The Monkey's Raincoat - AdamCain (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ein godhjarta syndar

Lite originale men godhjarta og dugande tonar frå mjøstraktene.

Tok meg tid til å sjekke ut AdamCain si fyldige heimeside. Her kan ein lese refleksjonar over livet med musikken, men og mange tankar omkring den politiske, økologiske og økonomiske tilstanden på jorda vår. Deler definitivt dei fleste av bekymringane og tankane omkring urettferd, skeiv fordeling og maktkåte galningar, men synest nok at credoet deires er av det vel pompøse slaget: "If we cannot change the world with our hands, we will try to change it with words and music. That is what AdamCain is about..." På den andre sida; den som ikkje prøver, blir fort middagsmat for løver.

Alt på websida deires er skreve på engelsk, sangtekstane deires er også på engelsk, men kvintetten har sin base i OL-byen Lillehammer. I følge låtskrivar, vokalist og frontfigur Arnstein Hammershaug tok AdamCain si fyrste famlande form på midten av 90-talet, som ei følgje av at mannen vart inspirert av det australske bandet Midnight Oil og deires heftig tonesatte politiske ytringar. Bandnamnet har på si side sitt opphav frå den gnistrande Springsteen låta Adam Raised a Cain. Og det er nok slektskap mot både Midnight Oil og Springsteen i lyden dei lagar, likevel er det andre band som er meir opplagte å nemne i den samanhengen. Det norske midnattsbandet Midnight Choir er det kanskje som aller oftast dukkar fram i bryninga, men eg får også assosiasjonar i retning skotske Big Country og australske Paul Kelly, samt ei mengd amerikanske artistar i countryrock- og heartland-tradisjonen.

Som vi veit er dette eit musikalsk landskap der låta og ikkje dei innovative påfunna står i sentrum. Like fullt klarer enkelte å meisle ut ei eigenart som gjer dei til særdeles opplevelsesrike attraksjonar. På sine beste album er nemnte Midnight Choir ein slik attraksjon. Det er ikkje AdamCain, men likevel har låtskrivar Hammershaug ein såpass nær kontakt med staden der dei fine melodilinjene flyt utifrå at opplegget hans definitivt er levedyktige saker.

Fire spors EPen No Stone Unturned er AdamCain si første utgjeving. Direkte politisk er kun åpningssporet Justice In the World. Låta er også plata sitt mest countryfikserte tilfelle, utan at steel-gitar, mandolin eller sprelske feler er å høyre av den grunn. Dette er meir av det duvande slaget, der tangent-traktør Sølve Fuglset sitt keyboard i periodar regjerer lydbildet. The Last Place On Earth er lengtande tonar om dei som drog mot Sydpolen. Meir over i feelgood-hjørnet oppheld A Place Called the Original Sin seg. Januar-regn har vi den siste tida hatt meir enn nok av på underteikna sine vestlandske heimtrakter. Men January Rain i vakkert vemod slik AdamCain framstiller det på EPen sitt siste spor kan eg tåle selskap av mange gonger enno.

Dei har visjonar og ambisjonar, er dyktige på instrumenta sine, har dugande låtar, men tek kanskje litt få sjansar. På albumet som dei no driv og spelar inn bør det derfor kanskje sparkast litt i veggen, skjenast nokre skeive skritt ut til venstre, og plystrast eit tak og to i luren. Då kan det bli ei rett så flott plate. Debut-EPen viser at her finst eit potensiale.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo