cover

The Better End

Caddy

CD (2015) - Vestkyst

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Powerpop / Poprock / Indiepop

Spor:
Here It Comes Again
Fangblenny
Something About Carina
Into the Sun
The Better End
Wherever You Go
Bring It Back
Saint-Cyr-Sur-Mer
Chasing Clouds
Beautiful Strange
Autumn Leaves

Referanser:
The Yum Yums
Teenage Fanclub
Brian Wilson
Tom Petty
Big Star
The Cars

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ganske så vest

Popmusikk som møter sommaren med gode avtrykk frå fleire popmeistrar ute i den store verda.

Gerard Love likar CADDY. I alle fall er han sitert med nokre ord i følgeskrivet til denne utgjevinga som vanskelig kan tolkast på annan måte. Og ein treng ikkje gå The Better End spesielt nære etter i saumane for å få visse idear om kvifor den ærverdige herremannen frå The Teenage Fanclub synst godt om dette. Ja hadde eg ikkje visst betre kunne eg nok ha gjort meg tankar om at The Better End er den nye plata til The Teenage Fanclub. Den varsla oppfylgjaren til Shadows frå 2010. For det er så definitivt i det soniske landskapet CADDY opererer. Og jammen blir det operert på tiltalande vis du.

CADDY er så godt som berre Tomas Dahl. Ein fyr som har musisert i ulike samanhengar sidan nittitalet (bl.a som trommeslagar og bassist i The Yum Yums, og som trommis i dei seinare åras utgåve av Turboneger). Under signaturen CADDY har han operert sidan 2004 (om vi skal tru Facebook-sida hans – og det skal vi vel?). Kva nummer i rekka av utgjevingar The Better End er kan eg ikkje seie meg sikker på, til det har eg ikkje fylgt godt nok med i den timen. Men det er minst album nummer to. For eg har funne fram til eitt anna album, Electric Hour (2010), fullt av gitarelektrisk powerpop der Cheap Trick fell nærare å tenke på enn Teenage Fanclub.

I den grad The Better End kan kallast powerpop så er det powerpop med eit mjukare handlag. Og då er det kanskje ikkje powerpop lenger? Kanskje får eg nøye meg med å ganske enkelt kalle det for pop, med ein sommarleg bris i seg lyt då leggast til. Multiinstrumentalisten Dahl drar inn både eitt og hitt av instrumenter, men handterer det på eit ytst edruelig vis, og skapar eit lettbølga og varmt album.

Vestkyst records heiter labelen som gjer ut plata, og i den grad songane ikkje har ei Teenage Fanclub-feeling, så er det vel der dei har sitt opphav. Ikkje langs den norske vestkysten, men den som møter Stillehavet der borte i California.

Om Brian Wilson likar CADDY vil vi sannsynlegvis aldri få svar på, men Tomas Dahl likar Brian Wilson. Tydeligast fortel han det i tittelkuttet. Ei popmelankolsk godstund om å vandre mot ein betre slutt med eit og anna spøkelse på skuldra. Konturar av Wilson er det også i Flangbenny. Falsettharmonering er ein bit av den, kunsten å vere intrikat og catchy i same andedrag ein annan.

Mest strålande av dei Fanclub-infiserte spora er Something About Carina. Der gitarane svellar, refrenget er uimotståelig, og kvinna det handlar om er utilnærmelig. Platas kanskje mest umiddelbare sak er Wherever You Go, der eit neonfarga åttital lurer i kulissane, subtilt understreka av nokre saksofontonar frå Bendik Brænne. Brænne, den eine av to som er innom og yte ein liten musisk skjerv til Dahl sitt einmannsshow. Den andre er Janne Hea. Ho syng duett med Dahl på det som er blitt til mitt favorittspor på plata. Bring It Back, som har vemodet, som har lengselen, som skin i nåtid og spreier popvarme av det særdeles godgjerande slaget. Med ein tematikk som dreier seg kring "the long lost summer days" og ei forelsking som verken han eller ho er framande for å få ein reprise av.

Eg kunne også sagt noko bra om det luskande og harmonifine opningssporet Here It Comes Again, eller om songen som refererer til ein stad på Den franske riviera, eller kanskje noko om popballaden som kjem heilt til slutt og seier farvel til sommaren. Ja det kunne eg, for den er i grunn ganske så fri for skip-materiale denne plata. Sånn skal det vere.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo