cover

Kick Up the Dust

Blood Meridian

CD (2006) - V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Folkrock / Americana / Psykedelia / Blues

Spor:
Your Boyfriend Blues
Work Hard, For What?
Let It Come Down
Most Days
Soldiers of Christ
Kick Up the Dust
In the Forest, Under the Moon
Good Lover
Try For You
Get Someplace Else
I Don't Believe
McDonald's Blues

Referanser:
Black Mountain
Pink Mountaintops
The Rolling Stones
Green On Red
Camper Van Beethoven
Giant Sand
Wilco

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Slarkete balladar og ustø blues

Støvete og høgst oppegåande tonar frå ein gjeng tilhøyrande eit produktivt miljø i det syd-vestre hjørnet av Canada.

Eg kan veldig godt sjå for meg Blood Meridian på ein skikkelig Lost Weekend saman med Danny & Dusty på 80-talet ein gong. Eller eg kan sjå dei for meg i "pleasant company" med Rolling Stones ein sein nattetime på slutten av 60-talet, der dei stemmer i på eit illusjonslaust "you can bleed all over me". Men spør ein medlemmene i banden så ser dei seg kanskje aller helst som aktørar i ei bok av Cormac McCarthy. Det er i alle fall ei slik ei dei har tatt namnet sitt frå.

Kikkar vi eit par av dei leiande namna i kvintetten nærare i korta så vil vi oppdage at dette er folk som har vore ganske så aktive på musikkscena i Vancouver dei siste åra. Først og fremst Matthew Camirand då, kanskje. Med bassgitaren i hoftehøgd har han helde ting på plass i både punkbandet Black Halos og det sløye psykedeliske stoner-bandet Black Mountain, og så har han leikt seg med Stephen McBean i Pink Mountaintops. Under Blood Meridian vignetten er han hovudansvarleg for både låtskriving og vokale framstøyt. Frå trommekrakken i Black Mountain har han dratt med seg Joshua Wells. Ein fyr som også har sirkulert på krediteringslistene til Pink Mountaintops, og seinast på Ladyhawk sitt debutalbum.

Kick Up the Dust kan vel greitt seiast å vere ein høveleg tittel for Blood Meridian sitt andre album. Dei sparkar ikkje hardt og brutalt, men får med si lakoniske småsparking støvet til å virvle ganske så effektfullt. Det er støv frå vegar mange har vandra før. Stones er nemnt, av andre eg skimtar konturane av, ligg det kanskje nærast å trekke fram Camper Van Beethoven, Green On Red og tidleg Wilco.

Heilt temte kan ein vel ikkje hevde at dei er. Dei spaserer på eit noko sjanglete vis, og trakkar uvarsamt uti ei hole og to. Dei lener seg rett som det er godt tilbake, men dei tar heller ikkje ein einaste cent for å sparke sundt eit par heilage tuer. Og på sentral plass på albumet stiller dei seg sjølv i eit musikkøkologisk perspektiv når dei på samsyngjande og herlig skrålande vis leverer strofa "let's kick up the dust, after all it's just the bones of our friends".

Kvinna i banden, Shira Blustein, står bak både flyt og skyv med sitt orgelspel. Flyt i den veksande, svaiande og vakre balladen Let It Come Down. Skyv i den smått rebelske antijobb-bluesen Work Hard, For What?. Ei anna form for antipati dukkar forresten opp i yppale og riffseige Soldiers of Christ. Her er den retta mot slike som drep i Guds namn. No slenger rett nok Camirand ut eit "fuck it, just sing" før det har gått to minutt, og avstår frå å trenge så veldig djupt inn i materien. Men han får i alle fall vist at han kan vere litt uskikkelig. Det viser han ved eit par andre høve også. Sånn elles er det dei mørkare kjenslestraumane forårsaka av gjenstridige kvinner som er det dominante temaet (her også).

Som ein frisk Country Honk med ein naken You Can't Always Get What You Want i tankane sig Most Days fram i falsett-form mot refrenget sin nådelause slutning; "most days, most nights, I love my life, but tonight it could be the end". Endå dystrare kjennes nok natta som klamrar seg rundt hovudpersonen i In the Forest, Under the Moon. Ein mistrøystig mordarballade i den evige tradisjonen som Knoxville Girl og Pretty Polly i si tid kom krypande utav. Det er vel ikkje dei sunnaste av verken tonar eller tankar som dannar grunnlaget i psych-affæra Good Lover heller, men den gjer absolutt inntrykk.

Ei småslarken og ikkje altfor stødig ferd langs ei kjent men kanskje ikkje alltid like gjestmild rute. Få gjerne fatt på gjengen, og ta deg nokre turar saman med dei.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo