cover

Outside Love

Pink Mountaintops

CD (2009) - Jagjaguwar / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Country / Folk / Psykedelia / Space rock

Spor:
Axis: Thrones of Love
Execution
While You Were Dreaming
Vampire
Holiday
Come Down
Outside Love
And I Thank You
The Gayest of Sunbeams
Closer to Heaven

Referanser:
Black Mountain
Blood Meridian
Lightning Dust
Phil Spector
The Rolling Stones
Flying Burrito Brothers
Lou Reed
Jesus and Mary Chain
Mazzy Star
Spiritualized

Vis flere data

Se også:
Axis of Evol - Pink Mountaintops (2006)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Frå fjell til fjell

Stephen Mc Bean drar sitt andreband inn i mektige omgjevnader, og tangerer kvaliteten til sitt førsteband.

Sist gong Stephen McBean var her med sitt Pink Mountaintops-prosjekt vrengte han kjærleiken bak fram, og stega rundt i eit kratt der tornane var mange og blomane få. Han fòr rundt der utan altfor mange i sitt fylgje. Stundom var lyden naken og spartansk, stundom var den rå og verkande.

Det er ikkje heilt slik denne gongen.

Det handlar framleis om kjærleiken. Ja, det handlar veldig mykje om kjærleiken. Kjærleikens kriblande vesen, men endå meir om dens trøblete og mindre ærefulle sider. Sider som har denne leie tendensen å sende ein syndig stakkar Outside Love.

Eller som det står å lese på stickersen på coveret; "ten songs of love and hate". Som, blir det lagt til, "read like a Danielle Steele romance novel". Det siste blir fylgt opp med eit satengdrapert omslagsbilde henta rett utav kiosklitteraturens hyller. Og med eit baksidefoto av ein McBean poserande i ein øyrelappstol, som var han ein annan bestselgjande forfattar. Kanskje eit forsøk på å plassere seg sjølv litt på utsida av den kanoniserte rock'n roll attityden?

Ikkje veit eg.

Men eg veit, og eg høyrer, at det er betydelige spor av kanonisert årgangsrock i tonane som møter meg på innsida av omslaget. Og dei kjem ikkje lenger i nakne og spartanske former desse tonane. Dei kjem som ein vegg av lyd. Eller, sidan McBean no ein gong er vår mann i fjellheimen, som eit monumentalt fjell til fjell teppe. Eit teppe med sine klare spor frå ein viss Phil Spector. Men og med spor av ein god del anna syndefullt og stygt vanedannande frå den tida då rocken enno var ung.

For å få dette til har han ikkje operert åleine. På ingen måte. Fleire av hans Black Mountain-frendar deltar, i kosmisk selskap med mellom andre Sophie Trudeau (A Silver Mt. Zion), Josh Stevenson (Jackie O Motherfucker) og Ted Bois (Destroyer). Og dei fleste spelar på meir enn eit instrument. Langt meir. Og damene slepp til på vokal. I rikt monn.

Dei startar like godt med å stille det essensielle spørsmålet "how deep is your love?". På eit noko anna vis enn Bee Gees gjorde det i diskoalderen. "Mine was cheap and made of plastic" svarar ein smått kynisk McBean. Axis: Thrones of Love heiter låta. Og er i så måte ein liten finte både i retning førre album, og mot ein viss Jimi Hendrix. Sonisk stakar den ut kursen i dundrande former, og med eit suggererande og ruspolitisk utfordrande gyng. Ein kurs som på ingen måte vert rota til i etterkant, men som blir halde vel i hevd ved hjelp av storveges melodisk grunnkapital, og generelt sett stimulerande manerar.

Manerar som handlar mykje om å gje låtane eit voluminøst uttrykk, utan å styre dei inn i det pompøse. Det handlar om romklang, progresjon og beherska larm. Og det handlar om tid. God tid. For på eit par unntak nær blir ikkje dette drive fram i hastige former. Sånn sett kan ein relativt trygt plassere seansen i dei stressfrie draumars sfærar.

Og på sitt aller mest sakteflytande kan vi høyre bandet i Mazzy Star-slekta While We Were Dreaming. Ein song om kor meiningslaust det er å møte motgang med kapitulasjon og religiøs sverming; "but Jesus ain't coming, so don't waste your time". Ein song der Black Mountain chanteuse Amber Webber si søster Ashley blir gitt hovudrolla. Ei rolle ho kler på fagert vis, med ei røyst av same kaliber som søstera.

Amber sjølv backar opp McBean i hippiesurrealistiske Holiday. Ei låt som opnar med det empatiske utsegnet "everyone I love deserves a holiday in the sun". Og til trass for at denne sola med åra har vorte vel strålande, er her ein optimistisk undertone å spore. Slik og i And I Thank You. Ein countryballade der songaren nektar å la mørkret og einsemda erobre sinnet; "I ain't living no long lonesome nights, I've stopped calling that woman my wife". Ein countryballade som går i fotefara til Dead Flowers, med blikket retta mot You Can't Always Get What You Want. Stones-tonar av om lag same sorten lurer også i skuggane når den Spiritualized-psykedeliserte Vampire kjem blafrande i blodtørstige former. Og koret, koret syng "creatures in flight, let's be creatures of the night".

Dette med å sleppe damene til som myndige koristar, eller i endå meir framtredande songroller, er avgjort ein styrke for albumets dynamiske vesen. Ashley Webber fekk sin song, tittelkuttet vert lagt i famnen på ei anna dame, Jesse Sykes. Og med si karakteristiske ru røyst rissar ho denne dronesvevande og elegiske countryballaden fast i minnet mitt. Den startar på botn, "someone told me of a dream, killed along the lost highway, men ei von spirer fram. Ei von om at det finst ein draum til, "where outside love reigned supreme".

Eg reserverte meg ein tanke når eg lenger oppe kalla albumet noko sånt som stressfritt. Det hadde sine grunnar. To grunnar. Execution fresar fram jaga av pulserande piskeslag, som eit Jesus & Mary Chain med Shangri-Las på halen. Og endå nokre hakk tøffare er tonen i The Gayest Of Sunbeam. Dei same Jesus & Mary Chain spring først i hu her også. Tekstlig er den ein hyllest til ei kvinne. Sonisk er den eit rasande omen om at mange fagre tankar har ein tendens til å bli ståande att på stasjonen når toget til herligdomen går.

Ein herligdom songaren ser lyset av, til mjuke tonar og pastellfarga droner, i det bedande avslutningssporet Closer To Heaven. Ein himmel han kanskje ikkje heilt touchar med dette albumet. Men du verden, han fyller rommet mellom dei yppige fjelltoppane med storarta tonar. Og det, det er meir enn godt nok for meg.

comments powered by Disqus

 



2009-06-10Strålende!

Nok en grundig, velskrevet og veltenkt tekst fra en av Norges beste musikkskribenter. Bravo!

Oddmund Berge
2009-06-15Takk og takk!

Det var då ei særdeles trivelig tilbakemelding.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo