cover

When The Cellar Children See the Light of Day'

Mirel Wagner

CD (2014) - Sub Pop

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Blues / Akustisk / Singer/songwriter

Spor:
1 2 3 4
The Dirt
Ellipsis
Oak Tree
In My Father's House
Dreamt of a Wave
The Devil's Tongue
What Love Looks Like
Taller Than Tall Trees
Goodnight

Referanser:
Marissa Nadler
Alela Diane
Hope Sandoval
Gillian Welch
PJ Harvey
Townes Van Zandt

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Espoo Mississippi

Finske Mirel Wagner vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

Kjellaren og dagslyset. Søtleg hygge og stum terror. Overflata, det som finst under, og ei illevarslande førstelinje. "1 2 3 4 what's underneath the floor?". Svaret er klart, svaret er uklart. "Chewed up lips, milky milk teeth, a little bit of pain, and a whole lot of need". Platetittelen lovar at dette skal handle om kjellarbarna som ser dagslyset. Opningslåta flaumar ikkje akkurat over av dagslys. Den kan like godt vere ei skildring av ein åstad der ei grufull gjerning har funne stad. Andre åstadar får si behandling utover plata. Utover andreplata til Mirel Wagner. Finske Mirel Wagner. Det er ulikt kva som hender der, eller har hendt der, men dagslyset slit med å gjere seg gjeldande, heile vegen.

Det er blitt meg fortalt at Mirel Wagner skreiv dei ti songane på denne andreplata si i ei gammal tømmerhytte i Nord-Finland. Der heldt ho hus ganske så aleine ein månads tid. Einaste selskapet var visstnok ei einsam mus, som ho delte maten sin med. Mirel Wagner er ganske så aleine om å spele på plata også. Med eit par marginale unntak er dette akustisk gitar og ei stemme. Akkurat som på debutplata treng ho ikkje ty til noko meir for å rive til seg merksemda.

Svart gotisk folkblues, bar, inntil beinet, på utsida av enkle tidsrammer, og meir Mississippi enn Helsinki. Slik var debutalbumet. Slik er for så vidt dette andrealbumet også. Føler likevel at det hellar mot eit litt rundare og meir medgjerlig melodisk vesen. Med ein gitartone som ikkje kan kallast kompleks, heller suggestivt dansande, og ei røyst som både har autoriteten og det såre i seg. Historiene den fortel (røysta) er kortfatta men innhaldsrike. Det skjer langt meir enn det som vert uttalt, ja kanskje endåtil noko heilt anna.

"In my father's house, everything is nice" kan eg høyre ho synge i ein av dei sterkaste songane på plata. Med forførande tonar dreg songaren meg inn i ein historie som eg raskt byrjar ane at ikkje er så "nice". Portretta på veggen ser deg aldri i augo, stilla gneg, terroren skjular seg i kvar ein krok. "Momma, It's gonna be all right" kan eg høyre dama synge ein annan stad, i ein anna song, i The Dirt. Det handlar om liv og død, og eit mulig liv etterpå, eller kanskje ikkje. Refrengets siste linje bryt i alle fall ned det meste av håp: "You'll be in the dirt, you'll be the dirt". Kanskje under eit Oak Tree. Då treng det i så fall kanskje ikkje vere så ille. Hovudpersonen i songen med det namnet rapporterer i alle fall om "sweet dreams" der ho ligg gravlagt under røter og lauv.

PJ Harvey dukkar av og til opp i tankane mine når eg høyrer på Mirel Wagner. Aller mest i songen Taller Than Tall Trees. Fraseringa, bluesen, og temaet i denne kunne ha blitt dratt like utav hjertet til To Bring You My Love. Då er det sjølvsagt den store kjærleiken det handlar om. Om denne er stor som i stor eller om den er stor som i uoppnåelig er imidlertid ikkje klinkande klart. Slik lyde ei linje som dukkar opp nokre gonger: "See that girl fall apart, soon as his shadow touches her heart". Kjærleiken frå ein annan vinkel blir omsunge i Ellipsis. Vi kjem inn etter krangelen, etter brotet, med ein opning for ein veg tilbake. Men korleis gjere det med æra inntakt? Tonar frå ein cello fremjar både motstand og ynde. Det er den skotske komponisten Craig Armstrong som står for desse. I avslutningsnummeret Goodnight – ein song med eit morbid mord/sjølvmord-tema – lokkar same mann fram nokre knokkeltonar frå eit piano. Elles gjer Mirel Wagner det åleine, åleine saman med produsenten Vladislav Delay, som også heiter Sasu Ripatti og er ein elektronika/ambient musikar. Elektroniske element har han som de forstår ikkje dratt inn i sin produksjon av denne plata. I staden ei dirrande stille. Og det er heilt på sin plass.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

god jobb, har lurt etter informasjon...
15.10.17 - 22:49

glad for å bli med i...
15.10.17 - 22:48

Hei, jeg har lurt etter denne...
15.10.17 - 22:46

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo