cover

Live

Delbert McClinton

CD (2003) - New West / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Blues

Stiler:
Americana / Country / Rock / Soul

Spor:
Old Weakness
Leap of Faith
I'm With You
I Wanna Thank You Baby
I Wanna Love You
Smooth Talk
Maybe Someday Baby
Don't Want to Love You
New York City
Squeeze Me In
I've Got Dreams to Remember
Why Me?
Rebecca Rebecca
Back to Louisiana
When Rita Leaves
Livin' It Down
Giving It Up For Your Love
B-Movie Boxcar Blues
Fine and Healthy Thing

Referanser:
John Hiatt
Doug Sahm
Bonnie Raitt
Joe Ely

Vis flere data

Se også:
Cost of Living - Delbert McClinton (2005)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Blues i høgt tempo

Eit litt for langt dokument frå ein svett kveld i Bergen av ein hardt arbeidande og fin sangar.

Blues. Den kanskje viktigaste stamfaren til det meste av dagens oppegåande rockemusikk. Men nytta i sin mest skjematiske og rigide form, og i henda på andre enn dei mest visjonære innan sjangeren (Robert Johnson, Howlin Wolf, Muddy Waters og nokre titals til) har den i innspelt tilstand ofte ein lei tendens til å bli ganske så kjedelig. Live derimot kan sjølv dei mest ordinære av utøvarane få bluesen til å virke, og til å gje publikum i alle fall illusjonen av å ha opplevd brukbar musikalsk agering.

Sjølv om han kanskje ikkje høyrer til blant sjangerens aller ypperste utøverar, så er definitivt ikkje Delbert McClinton dusinvare heller. Mannen har igjennom ein lang karriere vist seg som ein inspirert sangar og låtskrivar. Han krydrar sin blues med både countrytonar og ikkje minst hentar mange element frå soulmusikken, samstundes som han og har røter direkte tilbake til rock'n'rollen sin fødsel på 50-talet.

Ein sein aprildag i 2003, entra 62-åringen frå Lubbock, Texas, scenen i Teatergarasjen i Bergen. NRK var tilstades og foreviga det heile. Delbert og hans menn var så fornøyd med dette opptaket at dei no velger å gje det ut som offisiell Live-plate på New West Records.

Det var heilt sikkert ein svett og fin kveld i Bergen. Det frammøtte publikum gjekk nok heim med våte T-skjorter og eit fornøyd glis om munnen. Men så er det dette med å forvandle slikt over på eit audio-dokument som i neste omgang skal tilfredsstille innanfor huset sine ikkje fullt så mottakelige vegger, då. Det maktar nok ikkje dette opptaket til fulle heller. For sjølv om, som før nemnt, bluesen i denne forma først og fremst er live-musikk, taper den seg på ei slik forvandling.

Nå er likevel ikkje gode gamle McClinton den som er verst ute å kjøre, for det 90 minuttar lange opptaket har fleire øyeblikk som klarer å få fram gode følelsar også i godstolen framfor stova si lydmaskin. Spesielt gjeld dette sangane som er litt annleis enn Delbert sine tempo-blues affærer.

For å ta det siste først. Godt over halvparten av låtane er nemlig bygd rundt meir eller mindre den samme lest. Gitardriv, energiske blåsarar, boogie-woogie piano og eit tett og pågåande groove. Så sjølv om fleire av tilfella i seg sjølv absolutt er heftige nok, kan det bli noko trøttande og einsarta i lengden, spesielt saksofonen til Don Wise. Då blir det nærmast som ein liten oase når Delbert sitt 7-mannslag set ned tempoet og rykker inn med meir moderate takter. Som i den sjelfulle utgåva av Otis Redding balladen I've Got Dreams To Remember. Eller når han i countrylåta When Rita Leaves reint musikalsk besøker grensetraktende mot Mexico. Aller best likar eg meg imidlertid i selskap med albumet sine to lengste kutt, dei nesten ni minuttar lange I Want To Love You og B-Movie Boxcar Blues. Her blir det gitt meir plass til luft og leik enn kva som ellers er tilfelle. Særlig sistnevnte, ein av Delbert sine eldste låtar, er eit inspirert og dynamisk tiltak, som jumpar frå det heilt neddempa til det langt meir uryddige, og med heftige soloar både frå trompetist Terry Townson og frå Delbert sitt munnspel. Låta blei for øvrig i si tid brukt av McClinton-fan John Belushi i Blues Brothers-samanheng. Det kunne også godt vore tilfelle med Delbert sitt kanskje mest kjente og beste nummer, den funky og særs forlokkande soulpop-låta Givin' It Up For Your Love.

Så om ikkje Delbert høyrer til blant dei store innovatørar, er han i alle fall ein hardt arbeidande og fin sangar det absolutt går an å kjøpe plater av. Men dette konsertopptaket ville eg kanskje ha venta med til eg hadde sikra meg at plater som Second Wind frå 1978 og The Jealous Kind frå 1980 først var komme i hus.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

Svart/hvitt er i det minste...
25.10.14 - 07:37

Svart/hvitt er i det minste bedre...
25.10.14 - 07:37

sign post
10.10.14 - 12:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: