cover

Tramp

Sharon Van Etten

CD (2012) - Jagjaguwar / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Drømmepop / Singer/songwriter

Spor:
Warsaw
Give Out
Serpents
Kevin's
Leonard
In Line
All I Can
We Are Fine
Magic Chords
Ask
I'm Wrong
Joke or a Lie

Referanser:
Mazzy Star
Marissa Nadler
Kristin Hersh
Nina Nastasia
Feist
Bon Iver
Damien Jurado

Vis flere data

Se også:
Epic - Sharon Van Etten (2010)
Are We There - Sharon Van Etten (2014)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Sterke kjensler, store songar

Med slike songar, med slik ei plate veks Sharon Van Etten fram og blir ei av dei beste stemmene vi har for tida.

Eg har nettopp høyrt Tramp for åttande gong, og den er betre enn nokosinne. Eg har nettopp høyrt Joke Or A Lie avslutte seansen, og på spartansk, meditativt, og forførande vis fylle rommet, for så å gå til ro, for åttande gong. Eg er fjetra. Den niande gongen er mindre enn ei armlengd unna.

Sharon Van Etten er lengre unna. Ho er i Brooklyn. Dei førtiseks minuttane som fyller Tramp på slikt eit fjetrande vis blei til der. I ein garasje. Aaron Dessner sin garasje. Aaron Dessner, den eine gitarspelande tvillingbroren i The National. High Violet vart til i den same garasjen. Tramp gjer, som de skjønar, ikkje skam på garasjen sitt rykte.

Sharon Van Etten kom frå sin heimstad i New Jersey til Brooklyn for nokre år sidan. Med kofferten full av songar om eit øydeleggande kjærleiksforhold nede i Tennessee. Eit forhold ho var den eine parten av, og som hadde minimisert trua hennar på at ho kunne bli musikar. Ei røyst og to fortalte henne at det fanst folk i Brooklyn som kunne rette opp i det. Tidleg i 2009 albumdebuterte ho med den spartanske, dystre og høgst personlige plata Because I Was In Love. Hennar smertande erfaringar med kjærleikslivet var også eit framtredande tema på oppfylgjaralbumet epic (med liten e ja). Denne gongen med litt meir volum og styrke på det soniske plan. Tramp, hennar tredje, skriv tittelen sin med stor forbokstav, og er plassert i eit endå litt større lydbilde.

Tramp har eit nærbilde av Sharon Van Etten som si coverframside. Dei to førre platene har hatt ei dus teikning av henne. På Tramp gøymer ho seg ikkje, ho ser deg i augo. Skarpt, tydelig, og i svart/kvitt. Tramp er laga av ei dame som veit ho har ein samling sterke songar å by på.

Tramp heiter visst så fordi Sharon Van Etten i den tida plata vart til ikkje hadde ein fast bustad. Det ho eigde hadde ho i bilen, seng fant ho hos venner. Når ho var i garasjen til Aaron Dessner kom det venner innom til henne, musiserande venner. Med namn som Zach Condon (Beirut), Thomas Bartlett (Doveman), Jenn Wasner (Wye Oak) og Matt Barrick (The Walkmen).

Aaron Dessner var der sjølvsagt heile tida. Det er eit yndig bilde av Sharon og Aaron inne i coveret. Eg likar å tenke at det er tatt utafor garasjen, etter endt innspeling. Dei smiler varmt. Nedst på bildet står det med små skrift "for John Cale". Takkelista er lang, slik er Shannon Van Etten. I tillegg har ho med ei liste ho kallar Recommended Listening, innehaldande 26 namn, frå The National, til Meg Baird og Lower Dens. Sharon Van Etten set pris på nabolaget, og god musikk.

Som lyttar finn ein kanskje ikkje ut med ein gong at Tramp er god musikk, verkelig god musikk. Det tok i alle fall nokre rundar før eg byrja helle mot det synspunktet. Albumet er kledd i ei sonisk kappe som ikkje avslører sin kjerne sånn med ein gong. Til gjengjeld har den ei kjerne som berre skin klarare og klarare når vegen inn til den først ligg open.

Tramp er ingen revolusjon, den er eit steg i Sharon Van Etten sin soniske evolusjon. Så den har songar eg drar kjensel på. Ikkje fordi dei har sine duplikat på tidlegare plater, dei er alle sjølvstendige barn av Sharon Van Etten sitt låtskrivartalent. Dei blir alle sungne av ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Ei med eit større register enn sist eg høyrte frå henne. Ho tar gjerne med ein ekstra harmoni av seg sjølv også. Eit kjennemerke. Det melodiske sinnelaget, den pure, svevande, og lett dansande tonen er eit anna kjennemerke. Men den er ikkje berre slik, tonen, då hadde den forsvunne i det blå. Den er sterkt jordbunden òg, med ein feber drivande gjennom seg, og eit mørke som legg igjen fargen sin både utvendig og innvendig.

Slik er det, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande komme. Det er slik når ho rockar til meir enn nokon annan gong i sitt plateliv med Serpents. Og det er slik når Ask veks frå forsiktig gitarklimpring til magisk fylde, og når I'm Wrong tar tak med ein knitrande/brennande el-gitar, og eit manande dronehjerte.

Det handlar om kjensler. Det handlar om menneskelige interaksjonar. Det handlar om folk som elskar. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt. "You enjoy sucking on dreams, so I will fall asleep with someone other than you" snerrar ho i Serpents. Ein Serpents som er like mykje i angrepsposisjon i sine ordlige vendingar som i si soniske åtferd. Linja "It's bad, it's bad, it's bad, to believe in any song you sing" blir gjentatt fleire gonger i I'm Wrong, i ein slik samanheng at vi skjønar det er ord som blir retta mot songaren frå ein annan person. Songen illuderer ein kvilelaus kamp for å få ei skrantande sjølvkjensle ovanpå. Så alt av erfaringar frå tida nede i Tennessee er nok ikkje er eit tilbakelagt stadium. Leonard, på si side, er ein litt annan stad. Den har eit meir sjølvransakande vesen. Hovudpersonen er her eine parten i eit trekantdrama, der hennar fremste utfordring er at ho er "bad at loving you".

Sharon Van Etten er slett ikkje alltid eksakt, ho serverer linjer som kan tolkast i ulike retningar. Songane hennar fløymer heller ikkje på nokon måte over av ord. Det unødvendige er skore bort. Det som står att dirrar, og forårsakar ein bevegelse. Det blir til songar som fortel om kjensler i utvikling.

Ta nemnte Leonard, høyr korleis ho i dei tre versa si siste linje på subtilt vis gjer til kjenne dramaets gang: "He loves you", "He loved you", "I loved you". Eller Joke Or A Lie, "I try" syng ho med eit snev av optimisme i sinnet. Midtvegs. "I tried" lyde konklusjonen.

Aaron Dessner prøver aldri å vise seg med fikse soniske vendingar. Han har sørgja for ein produksjon som fylgjer songanes tone og plasserer Sharon Van Etten si røyst i den leiande rolla. Dei andre i det store og gode laget som er med her olbogar seg heller aldri fram for å ta over seansen. Men for all del, dei har vore gode å ha. Thomas Bartlett trykke på nokre veldig riktige tangentar her og der, Barrick og Devendorf er trommeslagarar som ei kvar låt nyt godt av å ha i ryggen, og Jenn Wasner, Julianna Barwick og Zach Condon harmonisyng på velsigna vis. Sistnemnte endåtil som duettpartnar i trøystefulle og friske We Are Fine, "Say I'm alright. I'm alright".

Det seier eg også, og vel så det. Og nå, nå trykke eg inn play-knappen igjen.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK-...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: