cover

Days to Remember

William Hut

CD (2004) - Banana Party / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Countryrock / Poprock / Americana

Spor:
Hometown
Springtime Blues
By the Seaside
Days to Remember
Don't Let Go
The Log Train
Daydream Fight
Half Way Through Silence
Faded Highway
Lord Be My Witness
I'm Dying to See You Again

Referanser:
Poor Rich Ones
Hank Williams
Ryan Adams
Emmylou Harris

Vis flere data

Se også:
Road Star Doolittle - William Hut (2001)
Versus the End of Fashion Park - William Hut (2004)
Versus the End of Fashion Park - William Hut (2004)
Nightfall - William Hut (2006)
Silent Hum - William Hut (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Hyttetur med twang i sekken

Countryinspirert frå den melankolske bergensar denne gongen, vakkert, vent og velordna.

To plater på åtte månader. Det var slikt dei dreiv på med på seksti-talet, det. Men for all del, det er heilt greit å bringe tradisjonen inn i det 21. århundre også. I alle fall så lenge platene er bra. Og det er nett det dei to til William Hut er. Januar 2004-utgjevinga Fashion Park var ein flott melankolsk poptriumf. September utgjevinga Days to Remember er ein fin melankolsk countryaffære.

I april vitja William New York og Boston, og endte opp med å spele inn stoff til ei ny plate. Bortsett frå Hut sin faste våpendragar, tangent-traktøren Bjørn Bunes, er albumet befolka av amerikanske musikarar denne gongen. Men det er heldigvis ikkje blitt ein av desse "nordmann med country-ambisjonar dreg til junaiten for å få den rette feelingen, og går istaden rett på trynet" opplegga. Vel, når det gjeld Hut hadde eg i grunnen blitt overraska hadde noko slikt skjedd. Han er liksom ein litt for smart låtskrivar og artist til å gå i slike feller.

Det er sjølvsagt ikkje country av den fele-sprelske og jodlerike sorten vi blir servert, men 11 spor som sjeldan bevegar seg særlig langt utanfor eit vemodsfullt ballade-landskap. Alt farga i vakre, vene og velordna tonar. Der instrumentelt rufs og snusk aldri prøver å trenge seg på. Kanskje burde det av og til gjort det? For mitt einaste vesle ankepunkt måtte være at det kan bli litt for likelydande og motstandsfritt i lengden. Men det finst jo stunder der melankolien gjer seg best når den stryk medhårs, så derfor endar eg opp med å ta vel imot det aller meste.

Åpningssporet Hometown får meg til å tenkje eit par tankar i retning Bruce Springsteen, kanskje mest fordi den karen nærmast har tatt patent på nokre av begrepa og utsagna som dukkar opp; "local heroes", "driving dad's car in my hometown". Men meir typisk for seansen er det når tankane driv i retning; "dette hadde slett ikkje gjort seg bort på ei Emmylou Harris-plate". Klarast manifistert i låtar som Half Way Through Silence og tittelsporet. Sistnemnte ein twangy og sterk sak om minner, og fridomen sine paradokser.

Hut har også litt meir enn produktiviteten til felles med Ryan Adams, countrysoul-låta By the Seaside byr nemlig på nokre orgel-linjer med nære slektstilhøve til Adams-låta Nobody Girl. Singelen Springtime Blues og nydelige Daydream Fight manar også fram nokre vage Adams-assosiasjonar. Og då er vi nærmare Pneumonia enn Love Is Hell, både i tone og kvalitet. Hut og hans menn gjer og ein solid versjon av Hank Williams-låta The Log Train, fint krydra med både banjo, mandolin og dobro. Instrument som også smyg seg på plass, saman med ein smektande el-gitar, i den lengtande pianoballaden I'm Dying to See You Again.

Han pirrar tårekanalane, men blir ikkje ubehagelig sentimental. Han smiler sjeldan, men er heller ikkje overstadig ulykkelig. Helst er han å treffe "on a faded highway, just this side of lonesome".

Skal du ha ei William Hut-plate frå 2004 bør du nok likevel velgje Fashion Park. Men då skal du samstundes vite at det slett ikkje er så dumt å ha to heller.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo