cover

Music From the Unrealized Film Script, Dusk at Cubist Castle

Olivia Tremor Control

CD (1997) - Blue Rose / Flydaddy / Cloud / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Psykedelia / Orkesterpop / Ambient

Spor:
Opera House
Frosted Ambassador
Jumping Fences
Define a Transparent Dream
No Growing
Holiday Surprise
Courtyard
Memories of Jacqueline 1906
Tropical Bells
Can You Come Down With Us
Marking Time
Green Typewriters (1-10)
Spring Succeeds
Theme For a Very Delicious Grand Piano
I Can Smell the Leaves
Dusk At Cubist Castle
Gravity Car
NYC 25

Referanser:
The Beatles
Beach Boys
Love
Apples In Stereo
Neutral Milk Hotel

Vis flere data

Se også:
Black Foliage: Animation Music Volume 1 - Olivia Tremor Control (1999)
Black Foliage: Animation Music Volume 1 - Olivia Tremor Control (1999)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Eit lite eventyr

Er verden klar for Olivia Tremor Control sin frigjorte popmusikk denne gangen tru?

Det var ein gong fire unge gutar frå Louisiana som hadde ein felles kjærleik for musikk. Deires navn var Robert Schneider, Will Cullen Hart, Bill Doss og Jeff Mangum. Når high school-dagane var over blei dei inntil vidare spredd rundt på det amerikanske kontinentet. Men skjebnen og gløden for musikken førte dei saman igjen, og behovet for å dele tonane dei hadde i seg med andre meldte seg etterkvart. Slik gjekk det til at dei i 1993 starta sin eigen platelabel, dei kalla den Elephant 6.

Robert Schneider hadde funne nokre leikekameratar i Denver, som han starta bandet Apples In Stereo i hop med. Dei tre andre spelte saman i eit band kalla Synthetic Flying Machine. Omtrent samstundes med at dei døypte dette prosjektet om til Olivia Tremor Control forlet Jeff Mangum bandet for å konsentrere seg om sitt eige tiltak Neutral Milk Hotel. Desse tre konstellasjonane dannar grunnmuren i det som med tida veks frå ein liten platelabel til dagens talrike og innovative indie-pop kollektiv, fortsatt med navnet Elephant 6.

Olivia Tremor Control (no med base i Athens, Georgia), som dette skal handle om, debuterer i album-format (har prøvd seg med eit par EP utgjevingar før) i 1996, med den særdeles innhaldsrike og fyldige Dusk At Cubist Castle. Den er nær innpå 75 minuttar lang, så LP-utgåva er eit dobbeltalbum. Bandet er for øvrig no blitt til ein kvartett, i tillegg til nemnte Hart og Boss, består dei av John Fernandes og Eric Harris.

Lyden dei serverer har klare forgreiningar tilbake til den gang pop-musikken frika ut i psykedeliske fargar. Til siste halvdel av dei gyldne 60-åra, og til band som The Beatles, The Beach Boys, Love, Pink Floyd, Spirit og The Kinks. I tillegg blandar dei inn elementer av ambient lyd. Den første versjonen av albumet var sågar utstyrt med ein bonus-CD kalt Explanation II, som er rik på nett slike klangar (den kom i einslig utgåve 3 år seinare).

I desse dagar (februar 2004) blir denne debutplata, med den fullstendige tittelen Music From the Unrealized Filmscript, Dusk At Cubist Castle, gjenutgitt på Cloud Recordings. Det samme blir for øvrig også bandet sin andre plate Black Foliage: Animation Music frå 1999. Etter den utgjevinga har dei fire medlemmene vore opptatt med andre prosjekt, så om det nokon gong dukkar opp ei tredje plate frå Olivia Tremor Control er kanskje noko usikkert.

Dei ofte ganske så gåtefulle tekstane, dei originale og fargerike arrangementa, dei surrealistiske og sjølvlaga maleria som prydar innleggsfolderen, samt hentydningen til "Cubist" i tittelen gjer det også ganske naturlig å trekke parallellar til pensel-kunstnarar som Salvador Dali og Pablo Picasso. Det er nemlig noko med den totale frigjeringa frå normer og gjengse forståingar som gjer OTC til eit popband noko utanom det vanlige. For sjølv om grunntonen er kjente poptakter, er måten dei angrip dette på fargesprakande, innovativ og særdeles vital.

Hintet til eit urealisert film-manuskript i tittelen er også med på å gje assosiasjonar i retning fragmenterte bilder, kaotiske fantasiar og absurde scener henta frå ei livaktig drømmestund ved enden av regnbogen. Kanskje aller best levandegjort på 6 minuttar lange Holiday Surprise. Ein låt som har heile registeret frå spinkle poptonar til beinhard psykedelia. Og som sender lyttaren rundt i ringen, inn i tauene, bakom fargane, til ein ligg utslått tilbake og svevar tre centimeter over golvet medan 382 stjerner dansar kringom augene. Mønsteret for ein makelaus ferie i drømmeland. Men egentlig er det tettpakka med slike tilfeller her. Jumping Fences er i nærleiken av noko Big Star kunne gjort på si første plate. Define a Transparent Dream kunne fått plass på White Album (og gjort den plata endå betre). Medan Memories of Jaqueline 1906 er ein rå popdrøm angrepet av skeive tonar som tilslutt blir tatt kvelartak på; "planet disaster, no time for shelter". Midt innimellom dei sytten "ordinære" låtane, dukkar det opp ein suite i 10 satsar, med den underfundige tittelen Green Typewriters. Ein affære som flyttar seg frå grønn plen-pop og over i ganske ambiente landskap. Sats 8 er ein nesten 10 minuttar lang stilleståande, og dessverre temmelig kjedelig episode, som saman med eit par av dei kortare omliggande tilfella er med å svekkar inntrykket av dette nesten 25 minuttar lange opptrinnet. Men her er ellers så mykje kjekt og viltert og vakkert, og så mange storarta popdrømmar i tusenvis av fargar, at vi kan ikkje legge særlig vekt på eit lite feilskjær.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

Svart/hvitt er i det minste...
25.10.14 - 07:37

Svart/hvitt er i det minste bedre...
25.10.14 - 07:37

sign post
10.10.14 - 12:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: