cover

The Mess Age Is Joy

Al DeLoner

CD (2004)Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
Vise / Country / Folk / Blues / Americana

Spor:
I Met Daryl Hannah In a Dream (A Minor #1)
The Dead End of Me
Ain't Gonna Take It No More
Be Good to Me
You Can't Break Me Down
I'm So Sure You Can Tell
Far Away (Walking Home After a Striptease Show)
Three Weeks Bleek (Take My Pain Away)

Referanser:
Midnight Choir
Chris Eckman
Neil Young
Willard Grant Conspiracy

Vis flere data

Se også:
Flora In the Darkroom - Al DeLoner (2006)
Itchy And The Girl Dancing - Al DeLoner (2010)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein midnattsmann utan kor

Djupt personleg og dyster affære frå einsam kormann.

I 2004 kom meldinga om at Midnight Choir var oppløyst. Paal Flaata, mannen med den fantastiske stemma og bandet sitt mest kjente ansikt, gjekk ut i avisene og sa at no var det nok. Kjemien var på frysepunktet og han ville vidare. Frå bandet sin låtskrivar, gitarist, pianist og lydutviklar Al DeLoner (Atle Bystrøm i folkeregisteret) kom det ikkje eit ord. Ikkje før eit halvt år etter, då kom denne plata (jada, av og til er vi litt treige her på grooveno...)

The Mess Age Is Joy er ein djupt personleg og dyster affære. Al DeLoner har hatt sitt å stri med og lar det kome til uttrykk gjennom ord med tonefylgje. Det handlar om relasjonar som er gått i oppløysing, som han sjølv skriv i eit notat inni coveret. Kvinner, familie, venner og samarbeidspartnarar.

Al er langt ifrå den første som gjer dette. Musikkhistoria er full av tonar med sitt utgangspunkt i liknande tilhøve. Med Bob Dylan sin Blood On the Tracks som den kanskje mest omtalte. DeLoner sine ord kjem nok ikkje ut i ei like rik poetisk drakt som dei gjer hos the Bobness, men dei dirrar like fullt av både sakn, angst, uro og forbitrelse. Tekstane verkar som dei i liten grad har vore gjennom noko form for redigering. Vi får servert den første tanken og den første formuleringa. Den som trengde seg på då Al sat der og lirka og klimpra dei fram første gongen.

Innspelingane har han gjort heime i sitt gule hus ved sjøen. Han presenterte dei for plateselskapet som skissar og demoar, og dei ansvarlege på selskapet høyrde i desse innspelingane ei nerve dei var redd forsvann skulle dette bli gjort om. Så difor kjem plata i rå tapning, med akustisk gitar eller piano som leiande instrument, og litt vagt lydgniss i bakgrunnen, samt ein Al som syng "ba-ba-ba-pa-para-pa" der han hadde tenkt seg ein trompet.

Totalt blotta for sinnsstemningar av lysare grad er albumet forresten ikkje. Tittelen til dømes har jo rom for alternative tolkningar av både ironisk og munter karakter. Første vers i I Met Daryl Hannah In a Dream har og eit drag av det komiske over seg. Vel, så mykje meir slikt er det kanskje ikkje, i tredje vers i denne Nebraska-era Springsteen-liknande og melodisk vakre songen melder i alle fall den bitre angeren seg for første men ikkje siste gong. Dei aller sterkaste tonane, henta frå dei same triste marker som Beck søkte på Sea Change, kjem smygande på The Dead End of Me. Om kvinna som sviktar han for ein annan. På Be Good to Me står han fram som nokså kategorisk avvisande overfor folk han meinar har gjort han urett. På sitt aller mest hatske og urokkelege er han likevel når han snakkesyng seg gjennom prøvingar ein kan utsetje han for, men likevel; You Can't Break Me Down.

Det er berre åtte songar på albumet, men dei er relativt lange så samla speletid strekk seg mot 45 minuttar. Lengst (nesten åtte minuttar) er avsluttande Three Weeks Bleak. Ei pianodrapert vise i slekt med både John Lennon sine mest opprivande stunder på Plastic Ono Band og Neil Young sine ditto på Tonight's the Night. Slik dør plata ut med Al DeLoner i nær falsettleie og ei sår gjentakande bøn; "Take My Pain Away."

Eg ser ingen grunn til å be om årsaking for at eg lar meg bevege av DeLoner sin "boksekamp med stilla" (for å nytte venen Chris Eckman sine ord). Det er personleg stoff, men det er også allmene kjensler som vert vridd og vrengt på. Er du menneske har du sannsynlegvis følt og kjem til å føle mykje av det Al syng om her (om enn kanskje ikkje like intenst). Syng ja, han har ikkje toneregisteret til Flaata, men nærleiken han har til stoffet erstattar glatt tekniske manglar.

Eit par av låtane er utstyrt med ei litt for anonym melodidrakt. Like fullt er dette heilt på høgde med dei seinaste Midnight Choir-utgjevingane. Ja, kanskje vi må tilbake til Amsterdam Stranded for å finne ei betre plate frå denne kanten.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo