cover

To Måner

Valkyrien Allstars

CD (2009) - Grappa / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Folkemusikk

Stiler:
Folkrock / Folkpop / Vise / Poprock

Spor:
Ko Ska Eg Gjera
Ne'Ve Elva
Lyset
I Dag Såg Eg
Hovstaden
Sommernattsdrøm
Tåre Du Tarv Ikkje Falla
Drømte Vi Om Mer
Vært Her Før
Ikke Gå
Borte!
Låtten Som Kom Att Frå Amerika

Referanser:
Hallvard Kvåle
Knut Buen
Annbjørg Lien
Flukt

Vis flere data

Se også:
Valkyrien Allstars - Valkyrien Allstars (2007)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Folk og feler, pop og groove

Eit litt vanskeligare andrealbum, men eit bra eit.

Med fyndige låtar som Å Gjev Du Batt Meg, Knepphallingen og Jokke-klassikaren Hvis Jeg Var Deg presenterte Valkyrien Allstars seg for eit par år sidan som eit fordomsfritt og felefriskt innslag i den norske musikkheimen. Ein trio som tok folkemusikken med på tur til sine eigne trakter. Der dei behandla den både dristig og respektfullt. Slik vart debutalbumet deira til eit av dei beste norske albuma årgang 2007.

To Måner kallar dei oppfylgjaren. Dei er til å kjenne att, men er ikkje heilt dei same. Dei har fare vidare på sin veg, men har hardingfelene og signaturen sin med seg. Dei formar den imidlertid ikkje med like fyndige tonar denne gongen. Tempoet er moderert, tonen dempa, og turelysta blir helde litt i taumane. To Måner er meir krypande melankoli, svevande tonar, og eit opnare landskap.

Men det startar ikkje slik. Ko Ska Eg Gjera lever og dampar i kraftfulle former. Den markante røysta til Tuva Syvertsen syng om einsemd, sakn og livsangst. Og den dynamiske rytmiske duo, kontrabassist Magnus Larsen og trommis Martin Langlie skaper eit hektisk driv.

Denne rytmiske duoen har eit slags assortert medlemskap i bandet, om eg tolkar tilhøva riktig. Men dei spelar ei viktig rolle. Ja kanskje endå viktigare denne gong, enn ved førre korsveg. Enten groovet deira er tydelig å høyre, eller dei driv på i meir sordinerte former. I tillegg, og utan at eg har telt dei spelte tonane, har eg ei kjensle av at dei tre hardingfelene er litt mindre i aktivitet enn sist. Utan at dei, av den grunn, er noko som helst anna enn den dominerande faktoren på plata.

Eit definitivt høgdepunkt kjem når felestrengene skjelv og fostrar salte tonar i bandet si tonesetting av Olav H. Hauge diktet Tåre Du Tarv Ikkje Falla. Ei vakker tonesetting, framført i dvelande sfærisk skapnad. Frå same diktar er også orda til I Dag Såg Eg blitt henta. Tonen er fin her også, og arrangementet ekspanderande og smått suggererande.

Elles har både Shakespeare, Ibsen og Haldis Moren Vesaas bidrege med tekstar. Sistnemnte til den folkjazzige og fine Lyset. Tonane har bandet stort sett komponert sjølve, men sper på med ein og annan gangar og springar frå tradisjonen. Ved nokre høve står dei for tekstane sjølve også. Drømte Vi Om Mere er ein slik ein. Ja heilt sjølvlaga er den. Folkpop-glidande og smått forførande er den også. Like sjølvlaga, like folkpop, og om lag like bra er den skygge/lys vandrande Ikkje Gå.

No er det ingen av dei nemnte låtane, og slett ikkje av dei unemnte, som festar seg like inderlig som Å Gjev Du Batt Meg gjorde. Og det er også låtar her som ikkje maktar skape interesse i det heile. Som Sommernattsdrøm, som den einast instrumentalen Låtten Som Kom Att Frå Amerika, og som Vært Her Før. Den siste har produsent Aslak Dørum forfatta teksten til, men det er vel helst det melodiske, og det heller gråbleike arrangementet som sviktar hos den.

Grått og bleikt er no likevel ikkje dei dominerande tonane på plata. For sjølv om den treng litt meir tid for å gjere seg til kjenne enn debuten, viser den seg steg for steg å ha mykje dugande å by på. Så Valkyrien Allstars skal vi framleis følgje.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo