cover

Say Goodbye

Liz Janes

CD (2010) - Asthmatic Kitty / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Soul / Folk / Pop

Spor:
I Don't Believe
Tincture 1
Bitty Thing
Anchor
Bodies
Up From Down
Who Will Take Care
Tincture 2
Firefly
Trees
Time & Space

Referanser:
Shelby Lynne
Norah Jones
Beth Orton
Neko Case
Lisa Germano

Vis flere data

Se også:
Poison & Snakes - Liz Janes (2004)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Astmatisk soul

Ho har sysla med både bråk og sakrale viser, nå prøver ho seg på soul, på sin måte.

For ti år sidan bidrog Liz Janes aktivt til lydar og ulydar i den improviserande delen av musikkscena i Olympia, Washington. Når ingen andre høyrde på henne sysla ho med saker meir på den motsette sida av lydskalaen. Viser og slikt. Det var ei handfull songar av det slaget som ein dag kom Sufjan Stevens for øyre. Neste dag var ho ein Asthmatic Kitty. Og med Sufjan i produsentstolen vart debutalbumet Done Gone Fire blant dei første utgjevingane på den ferske labelen hans. Det var i 2002.

Eit par år seinare dukka album nummer to opp, bar namnet Poison & Snakes, og var ei noko meir ustadig og kranglevoren affære. Endå eit steg i den retning var minialbumet som fylgde året etter, eit samarbeidsprosjekt med frijazz-gjengen Create!. Spesielt sentral på den utgjevinga var den gjengens multiinstrumentalist og produsent Chris Schlarb. Han er sterkt til stades i år også, som medkomponist på fleire av songane. Songar som er skrudd litt annleis i hop enn kva som var tilfelle for fem år sidan.
Fem år der Liz Janes ikkje har vore særlig aktiv på musikkfronten, der familiære gjerningar av ymse slag har spelt hovudrolla. Men nå har ho altså funne tid til å musisere litt att, og seier hallo med Say Goodbye. Eit album produsert av Asthmatic Kitty-familiens Rafter Roberts. Det har blitt eit soulalbum. Ikkje slik dei ville ha laga det hos Motown eller Stax, men eit slikt dei lagar hos Asthmatic Kitty.

Blått, nedpå, knirkete og ledug. Hennar dragning mot visesong kan framleis høyrast. Tydeligast i den gitarplukkande og heller sakrale Bitty Thing, og i den åndelig innretta Time & Space. "Time and space cannot replace our longing for eternity" er vel den mest sentrale linja i den songen. For til liks med dei fleste på Asthmatic Kitty har Liz Janes eit forhold til kristendommen. Ho trur. Det kan sporast her og der. Men like mykje, ja langt meir i grunn, handlar Say Goodbye om livets meir dagligdagse og verdslige tilhøve, sett frå ein melankolikar sin ståstad.
Så når ho syng I Don't Believe i opninga, er det kjærleiken ho har i tankane. Dens mangfaldige, uforståelige, og einsame vesen: "Even in your arms I get so lost and lonely, no one ever told me love could be like this". Og tonen er smygande souljazz, og mjuk, og god. Men best opplever eg den i Anchor. Eit gromt og smårøft stykke musikk, der ein spartansk sonisk kledning viser seg robust nok. Og der dama fører fram eit soulbrennande ynskje om at tilværet må gje henne eit feste. "I'm so free, I lost my way ... anchor me".

Trees er også bra, veldig bra. "That was the year all space caved in" syng Liz Janes. Og det høyrest ikkje heilt greitt ut. Men lettbeint dansar tonane, og blir til eit økologisk soulpopnummer som gradvis lar seg omfamne av meir og meir lyd, med oppegga blåsarar som eit avsluttande utropsteikn.
Nå er nok ikkje alt på albumet verdt utropsteikn. Her finst songar som vel strengt tatt ikkje har all verden for seg. Ein soulgrå Firefly, ein pastellklunkande Up From Down, eller ein søvndyssande Bodies. Men deira anonymitet stel ikkje hovudinntrykket. Det tilhøyrer andre tonar. Betre tonar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo