cover

The Stand-In

Caitlin Rose

CD (2013) - Names / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Countryrock / Countrypop / Blues / Soul

Spor:
No One to Call
I Was Cruel
Waitin'
Only a Clown
Dallas
Pink Champagne
Golden Boy
Silver Sings
Everywhere I Go
When I'm Gone
Menagerie
Old Numbers

Referanser:
Patsy Cline
Linda Ronstadt
Bonnie Raitt
Lucinda Williams
Tift Merritt
Kathleen Edwards

Vis flere data

Se også:
Own Side Now - Caitlin Rose (2010)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Countrynoir

Countrysongar og andre songar utrusta med melodisk finesse og dugande overlevingsinstinkt.

På ei plate pakka inn i eit omslag som minner meg om ein kriminalroman i frå 1940-talet serverer Caitlin Rose songar som både har eldre tiders film-noir og dagsfersk friskleik hefta ved seg. Såleis kan dei vel best seiast å vere songar som lever sitt liv utafor tidas begrensande rammer. Ikkje minst fordi dei er gode nok til å tåle ein slik merkelapp.

Ein annan merkelapp eg trur songane lyt tåle er å bli kalla countrysongar. For som den gode Nashville-innbyggjaren ho er har ho ikkje latt tonane som heimbyen er mest berykta for latt passere upåakta forbi. Ho har plukka opp eitt og hitt, og gjort det til den sentrale ingrediensen i det ho foretar seg. Om enn ikkje på eit vis som fylgjer hovudstraumen i countryhovudstaden. Til det er nok fleirtalet av songane merka av ein for stor grad av outsidermentalitet.

Debutalbum hennar frå 2010, Own Side Now, var ei vital og kjær oppdaging. Ho presenterte seg der med ei klar røyst, der både det såre og det sjølvsikre hadde sitt naturlige tilhald. Ho la seg i løypa etter Linda Ronstadt og Patsy Cline, ved sida av Tift Merritt. Tre år seinare har ho ikkje fjerna seg nemneverdig frå det sporet. Men, naturlig nok kanskje, blitt ein tanke meir moden i uttrykket, og vel også soniske sett meir variert.

Frå ho opnar seansen med eit rufsete el-gitar akkompagnement i den fengande countryrock-saken No One To Call til ho tar farvel med blåsarar og bluesy gyng i western-swing låta Old Numbers, har ho stort sett taket på meg. Med songar om menneske som lever, elskar og hatar blant andre menneske. Menneske som snakkar saman, eller ikkje snakkar saman. Over ei telefonlinje for eksempel. Slik tilfellet er i dei to songane eg nett nemnte. Opningssporet fortel om ein person som har vore på leit med eit øydelagt kompass som retningsgjevar. Så ingenting er funne, her er ingen å lene seg mot, ingen å ringe, og radioen spelar berre feil musikk. Desperasjonen tiltar. I avslutningslåta har hovudpersonen ved ei "feiltaking", eller berre fordi minnet ikkje klarar å kvitte seg med gamle telefonnummer, plutselig ringt opp ein gammal kjærast. Til det er det vel ikkje anna å seie enn at "no I don't have you, but I'll always have your number".

Kommunikasjon kan kanskje seiast å vere eit gjennomgangstema på plata. Kommunikasjon som til ein viss grad funkar, men som vel oftare sviktar. Det siste er tilfelle i den dunkle og brennande balladen I Was Cruel. Der eit destruktivt tilhøve mellom to elskande (eller kanskje ikkje lenger så veldig elskande) vert skildra i ubarmhjertige former. Så mykje mindre destruktiv er ikkje tilstanden i Menagerie. "I'm gonna dance over broken glass, and destroy all of these beautiful things" lyde det i refrenget. I ein song som har dei gode popsongars fengande vesen, og som vel av den grunn kan kallast ein popsong.

Det kan ein nok også kalle Only A Clown. Popsong altså. Der den til orgel og velklang fortel om korleis det er å høyre song etter song som handlar om "love and believing" men berre kjenne seg akk så misforstått og underkjent. Noko lysare er då utsiktene, eller i alle fall augeblikket, i den sofistikerte saken Pink Champagne. Der eit "sprudlande" Las Vegas-bryllaup vert skildra.

Songane har Caitlin Rose stort sett laga i kompaniskap med andre. Folk ho spelar saman med, og så to saman med Jayhawks-sjefen Gary Louris. Nemnte I Was Cruel har ho lånt hos det ikkje spesielt vidgjetne bandet Deep Vibration, medan Dallas er henta ifrå repertoaret til noko meir kjente Felice Brothers. Ein strålande versjon forresten. Klassisk listig countryrock om å stå fast ein stad der ein helst ikkje vil stå fast. Men ikkje verre enn at ein nok skal klare å vere "at 17th and Broadway by tonight".

På ei plate som heilt naturlig viser at Caitlin Rose er blant dei beste countrysongaren som gjer ut plater for tida. I den grad ho er ein countrysongar då.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo